Gulf Breeze Zoo

Forreige lørdag tok eg og Vegard turen til dyreparken i Navarre, ca 1 time her i fra.😊  Det var meldt thunderstorm i fra 15 tida, så vi hadde ikkje akkurat heile dagen på oss. Ikkje det at vi trengte det i denne dyreparken, for den var ikkje så alt for stor, egentlig ein perfekt liten helgeaktivitet. Vi kom og heldigvis unna thunderstormen, og regnværet, heilt til vi kom heim igjen på kvelden.

Det som skilte denne dyreparken i fra dei andre vi har vært i tidligare, var at her kunne ein gå rundt å mate nåken av dyra aleine! Det var jo ekstra gøy for ungane, og oss 😏

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Altså, når vi kom inn i fugleburet så blei eg nesten angrepen av små fuglar som var ute etter matpinnen eg hadde kjøpt med. 😅 Vegard fekk ein haug av dei på skoa sine, og dei flytta seg liksom heller ikkje. Dei var rett og slett litt for tamme, men gøy var det absolutt! 🌺

SAMSUNG CSC

Etter mating av fuglar bar det rett bort til giraffane. Endelig! Dei er så store og majestetiske, rett og slett fasinerande. Dei var og tydelig vane med å få snacks av forbipasserande, og strekte halsen fram i det vi kom bort. Eg ville jo sjølvsagt ikkje gi rett i fra koppen, men heller direkte i munnen. Det var ein klissete opplevelse, men det var heldigvis antibac lett tilgjengelig. Vegard, han er tydeligvis bygutt😏 og måtte gi giraffane mat i fra koppen sin. 😜  Gud forby litt slim på henda.. Heheee😘

Også den store giraffen! Han kom etter at alle ungane var gått vekk. Mulig han var lei av dei 😅

SAMSUNG CSC

Rimelig stor størrelsesforskjell på den store og den vetle giraffen ja!

Den gule papegøyen er eg sikker på at svarte meg når eg sa hallo. 😏

Det var og ein togtur vi kunne ta. Denne gjekk rundt inne på savannen. Her fekk vi sjå nasehorn, zebra, gorilla, gnu og kamel.😊 Eg hadde håpa vi skulle få sjå flodhest og, men den gjømte seg under vatnet når vi kjørte forbi. 😞

SAMSUNG CSC

Her er nasehornet bakerst på savannen. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Store skilpadder! 🐢  Men, dei var faktisk ikkje så store som dei vi svømte med på Hawaii, dei var enorme!

SAMSUNG CSC

Vi var på alligatormating kl 14, men det er ikkje store showet.🐊  Alligatorane er nemlig supersløve og vil helst at maten skal bli plassert i munnen på dei. Men han var svær då!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Kenguruane kvilte seg i skyggen. Var rimelig trykkande og varmt den dagen, så kan godt forstå dei!

SAMSUNG CSC

Desse to sto å passa på reiret og egga sine. Dei jobba på for at reiret skulle bli best mulig, og når vi stoppa opp for å sjå på dei så stilte dei seg opp å passa på reiret sitt.😊

SAMSUNG CSC

Som nevnt var det meldt heftig thunderstorm her i området på kvelden. Og thunderstorm, det skal eg skrive under på at det var. Eg er nesten sikker på at vi var midt inni senteret på eit tidspunkt. Eg har aldri sett hummelen lyse opp så mange ganger, og så lenge, nåken gang før.. Og samtidig som det var tidenes diskotek ute, så hølja det ned i bøtter og spann. Det var meldt over 10 cm regn på 1 time, altså 10 cm!! 😮  Eg fekk inn varsel på telefonen om oversvømmelsefare og i samme stund kunne vi sjå brannbilane ule forbi vinduet vårt. Enda godt vi ikkje skulle gå nåken plass den kvelden der! Uværet holdt fortsatt på når vi la oss, og til langt ut på natt! For å sei det sånn, eg er nok kanskje nesten herda for lyn når eg har budd her borte eit år. For slikt uvær har vi i alle fall ikkje heime, ikkje i nærheten ein gang 😅

#reise #ferie #florida #usa #travel #reisebloggen #reisemagasinet #iviusa #tipsmedbarn #tipstilbarn #reisemedbarn #utlandet #sommer #dyrehagen #dyrehage

 

8 kommentarer

Siste innlegg