Bon Jovi konsert

Her kjem enda eit innlegg som burde komt ut for ein evighet siden. Men no trur eg faktisk eg er heilt ferdig med innlegg i fra Arizona, og vi kan vidare kun fokusere på Florida og den siste mnd vi har igjen her. Så over til Bon Jovi konserten vi var på.

_____________________________________________________________________________________________________________

Endelig skulle ein liten drøm bli oppfylt, eg skulle få gå på Bon Jovi konsert! Heilt i fra eg var lita så kan eg huske at pappa spelte CD´ane på full guffe, og då kom det jo ganske naturlig at tekstane blei printa i hovudet og musikken falt i smak. I seinare tider kan eg ikkje sei at eg har hørt nåke spesielt på dei nye platene som har komt ut, det er vel meir eller mindre dei gode gamle som sitt brent fast på minnet. Så når vi såg at Bon Jovi skulle ha konsert i Phoenix var det ikkje nåke tvil, billettane blei kjøpt minst 6 mnd i forveien! 😅 

Vi var fleire Nordmenn på konsert, men Eg, Vegard, Linda, Eirik og Dorthe satt sammen. Og sjølv om vi satt langt vekke, så vil eg sei vi satt rimelig bra plassert i forhold til å få sjå alt som skjedde på scenen. 😊

Og for ein stemning! Nei, det kan ikkje beskrivast, det må faktisk opplevast. Eg trur nesten eg hadde konstant frysning gjennom heile åpningsshowet og sang med på så og sei alle sangane fra start til slutt. Eg var så hås og ødelagt på søndagen, men GUD så verdt det! Eg hadde jo sjølvsagt hørt meg gjennom den nye plata deiras, så det var ikkje mange sangar som kom utenom meg den kvelden 😅

Enormt med folk! Og ein heilt fantastisk konsert i fra ende til annen! Stemningen i salen var heilt rå. Alle sang og var med heile konserten. Og det må ha vært heilt umulig å ikkje kose seg på ein sånn kveld😃  No hadde det vært kjekt å fått opplevd Bryan Adams og Bruce Springsteen av dei gode gamle og, så vi får ha det på ei lita liste 🙈

Etter konserten bestemte eg og Linda oss for at vi skulle ut på byen. Når vi først var i sentrum av Phoenix, koffor ikkje bare teste ut utelivet i samme slengen. Så mens Vegard, Eirik og Dorthe tok taxi heim, tok eg og Linda sykkeltaxi og ba han sykla oss til den beste uteplassen i byen. Den låg sjølvsagt inni eit smug😅 Det var ein typisk student-uteplass med heilt fjern musikk, men det hindra nå ikkje verken meg eller andre å danse. Og vi blei jo sjølvsagt til det stengte, så eg trur ikkje vi klarte å komme oss heim før i 3 tida den natta. Haha, godt vi har vært ute å reist før ja!😎

#bonjovi #consert #konsert #phoenix #musikk #usa #arizona #reise #ferie 

9 kommentarer

Siste innlegg