Train-konsert i Atlanta!

Fredags kveld var det duka for konsert i Atlanta! Vi tok Uber sør i byen, ned til Lakewood Amphitheatre, superklare for kvelden!  Vi var heldige og hadde fått billettane til rundt 25$ kvar. Dette var fordi vi skulle sitte på plenen rundt, og ikkje på stolar under tak. Men, no var det jo ikkje for å få sett artistane vi var der, vi var der vel meir for å høyre musikken, eller ka? 😅  

Gutta klare for konsert!

Det var ikkje bare Train som skulle spele denne kvelden. O.A.R, eit Amerikansk band som visst er veldig populært blandt collegestudentar skulle spele, og Natasha Bedingfield. O.A.R hadde musikk som vi såg for oss. Litt usikker på korleis eg skal forklare det, men kanskje litt Green Day light? Nei eg veit ikkje heilt egentlig. Veldig typisk amerikansk ja, men heilt greit som oppvarming for vår del 😊 

Først fant Martin, eg og Vegard oss ein plass midt på plenen. Rimelig tettpakka med folk vil eg sei, men veldig koselig! Og så lenge det ikkje blei regn, så var det veldig kjekt å kunne sitte på plenen slik. Fekk skikkelig festivalfølelse, sjølv om det bare var for ein kveld. 😊 

Stort og fint område!

Og rett før konserten starta så kom Linda og Eirik og!  😊 

Train har blandt anna sangar som “Hey Soul Sister”, “Drops of Jupiter”, “Play that song” og “Marry me”. Vi hadde hørt og kunne overrskande mange av sangane dei spelte. Så vi koste oss enormt masse heile kvelden, og sang sjølvsagt med der vi kunne (som var overraskande mange sangar😅)

Etter konserten for vi vidare til ein bar på andre sida av byen. Her blei vi sittande i fleire timar, og fekk litt sjokk når vi såg at klokka var blitt 02:30. Då var det bare å få i seg litt nattmat og kjøre heimover til leiligheten igjen. Vi skulle jo utnytte lørdagen til det fulle og! 🙊 

#atlanta #usa #georgia #Train #akvarie #akvariet #dyr #dyrehagen #turister #reise #ferie #usareise #reisebloggen #reisemagasinet

4 kommentarer

Siste innlegg