Svar på spørsmålsrunden del 1 USA

Så ufattelig kjekt at så mange tok seg tida til å stille meg spørsmål i spørsmålsrunden eg hadde! Det blei så mange spørsmål og lange svar at eg trur rett og slett at eg deler opp svare i fleire innlegg. Her kjem i alle fall første del av spørsmåla i fra USA 🙂

 

Bor du i utlandet?

Ja, siden juli 2016 har eg og mannen budd i USA.😊  Her har vi fått budd 3 mnd i Florida, 5 mnd i Arizona og no 3 mnd i Florida igjen. Eg er så glad for at vi har fått budd på i to heilt vidt forskjellige statar, og fått opplevd så mykje som vi har. I Arizona budde vi jo midt i ein ørken, det er tørt, og med 5 timar kjøretur til nærmaste strand. Her i Florida bur vi nærmast på stranda no, og fuktigheten er enormt høg. 

 

Studere du i utlandet? Jobber du?

Nei, eg valgte å ikkje studere dette året. Vi ville ha muligheten til å reise og gjere akkurat slik som vi ville i helgene når Vegard har fri fra jobb. Det eg derimot har gjort er å ta 4 forskjellige kurs på nett.😊 Her har eg og fått kursbevis, så eg har nåke å vise igjen til på CV´en min. Desse kursa er: Understanding the human resources function, Using social media in business, Food nutrition and health og Bli din egen interiørdesigner.

 Hva slags ting savnet du hjemmefra?

Heilt klart maten vi har i Norge.😋   Her borte er alt stappa med sukker, sirup og det som verre er. Eg gler meg til å komme heim til knekkebrød, leverpostei, laks og vatn.. Ellers har vi dei siste 2 mnd begynna å savna sofaen vår heilt enormt. Den er stor, brei og i vinkel! Med andre ord kan begge to ligge i den samtidig. Møblane vi har hatt her borte er meir eller mindre ubrukelige. haha..

 

Kva er den største forskjellen med USA i forhold til Norge, kultur, mat, osv?

Mat:  Nåke av den største forskjellen mellom USA og Norge må jo være maten. Men innad i USA så er det og veldig forskjell på mat alt etter kva stat du er i. Her i Florida er alt, og då meiner eg alt, fritert, kokt i smør osv osv.. Maten føles veldig fettete ut.🙄 I Arizona var maten reinare, og du følte deg rett og slett bedre. Dette gjeld sjølvsagt når vi har vært ute å ete. No har jo ikkje vi budd på slike typiske turistplassar der Europeera reiser til, så om du reiser til Miami, Orlando eller Key West, så tipper eg maten ikkje er lik som vi har opplevd her i Florida. Kultur: Når det gjeld kultur så er dei fleste Amerikanarane veldig hyggelige og gjestfrie. Dei kan gjerne invitere deg heim, på cafe osv osv, men det er eit stort men her. Om du seier; “Ja, det kan eg sjølvsagt bli med på. Bare send meg ein melding på når det passer for deg, så komme eg.”, så får du aldri den meldingen. Det ligg veldig mykje i munnen på dei, og mindre i gjennomførsel. Dette blei vi jo sjølvsagt litt skuffa over i begynnelsen, men etter kvart så forsto vi jo at det ikkje var å bry seg om det. Dei meiner jo ikkje nåke vondt med det, det er bare slik det er.🙄
 

Hva har du blitt mest overrasket over på turen din? 

Kor enormt store avstander det er her borte, og kor lite det betyr for oss..🚗  Haha.. Altså, vi har kjørt så mykje bil. 5-6 timar for ei langhelg i San Diego, LA, Vegas, Orlando, New Orleans, Atlanta og ikkje minst dagsturen vår til Antelope Canyon. Nei, å kjøre Kristiansand- Oslo er jo ingenting lenger! Piece of cake, seie eg bare. Og tenk, då er fartsgrensa 130 km/t store deler av veien, så strekningane er lenger og. Men igjen då, så er jo veiane ein fryd her borte i forhold til i Norge.

Dessuten har været her i Florida overraska oss enormt.🌩️  Vi tenkte at vi var fra Vestlandet og hadde nå opplevd ei regnbye før, men det er virkelig nåke anna her borte. Det er nok sant som dei seier, at “alt er større i Amerika”. Her er det både “thunderstorm”, “flood warning”, “hurricane warning” og “tornado warning” som tikkar inn på mobilen. Og når det kjem “flood warning”, så regnar det den eine dagen over 10 cm på ein time. 1 TIME folkens! Når det først er lyn og torden her, så er det som om det aldri sluttar. Eg som aldri har likt lyn, har faktisk nesten blitt vane med det. Eg hoppe ikkje lenger i senga når rommet lyser opp foråseidetsånn..

Har du noen pakketips til meg?

No veit eg jo ikkje heilt kor lenge dåke skal være, om huset dåkas er ferdig møbelert osv, men eg kan komme med litt generelle ting eg syns var greit å ha med seg for oss. Vi kom til ein leilighet som var fult møbelert og fikk beskjed om å pakke som om vi skulle på ferie i eit år.

Kjøkken: Eg er veldig glad for at eg pakka pizzaskjærer, potetskreller, vinåpner, termometer til mat, matvekt, eit lite desilitermål, stavmikser med visp og foodprosessor. Husk å sjekk at du kan bruke elektriske ting her og (er nåke med spenningen). Vi har og kjøpt oss knivar og ei steikepanne på IKEA, då steikepannene her var for fritering og knivane var for å ikkje skjære gjennom nåke som helst..

Interiør: Eg er veldig glad i interiør, så for at leilighetane vi skulle bu i skulle bli litt heimekoselige så pakka eg litt av interiørtinga vi har ståandes framme heime. Litt duftlys, Kahler skål, Kahler vase, pyntebrett, bilder av venner/familie, 2 av pynteputene mine, pledd og slikt. Ta og med deg ein Norsk Forgreiner/ padde, slik a du kan bruke dei norske ladekablane du har med deg uten å ha adapter overalt. 😊

Mat: Vi hadde ikkje med oss nåke mat over, men eg kan skrive opp det vi fekk andre til å ta med til oss og det vi har savna. Makrell i tomat, leverpostei, Friele kaffi, Holidaydip, Ekte mills majones, melkesjokolade (et det aldri heime i Norge), Pinnekjøtt og korn og frø til å bake brød og rundstykker. 

Klær: Du kommer til å handle klær her borte, men ta med deg ein del likevel. Problemet er at vaskemaskinen og tørketrommelen vi har hatt, har rett og slett spist opp deler av klea mine. Det er fleire av plagga vi har med oss som kun er brukt til dei er blitt skitne, og deretter pakka vekk for å vaskes heime i Norge. Du er aldri rein i USA, då vaskemaskinen vi har hatt kun vasker på 54 grader. 54 GRADER LIKSOM?! Hallo.. Forhåpentligvis får du ein skikkelig vaskemaskin 😅


 

Har du fått dilla på noe mat, snacks o.l. fra USA som bør testes? 

 Hmm, nei det trur eg ikkje faktisk! Men på restaurantane så kjøper eg alltid søtpotetfries som side om det er mulig. Her i Florida serverer dei den med melispulver på, og i Arizona er det med salt. Ellers har dei ferdig kjeksdeig på butikkane! Den er som ei melkesjokoladeplate som du knekker opp og legger i ovnen i 12 min. G-e-n-i-a-l-t. 
 

Var hele familien din med på turen?

Reisen vår er gjennom jobben til mannen min, så heile vår lille familie som består av meg og han var med på reisen ja. 😜

#spørsmålsrunde #spørsmål #usa #florida #arizona #disney #reise #ferie 

20 kommentarer

Siste innlegg