Svar på spørsmålsrunden del 2 – USA

Her kjem del 2 av spørsmålsrunden eg hadde for ei lita stund sida. Det kom jo inn så mange kjekke spørsmål.  Del 1 kan du lese HER.😊


 

Kan du fortelle om din verste matopplevelse i løpet av USA-turen?

Oi, eg kan ikkje komme på nåke sånn med ein gang. Men vi har smakt på både alligator, klapperslange og rå østers her borte, men eg kan ikkje sei at nåken av dei rettane “kvalifiserer” seg til den tittelen. 🙄

Mulig den verste matopplevelsen må ha vært her i Florida. Eg og svigers var på restaurant nede på stranda, ei typisk turistfelle. Vi tenkte vi skulle få oss litt sjømat, siden området vi bur i er ein gammal fiskeby og kjent for sjømat. Eg og svigerfar bestilte kongekrabbe eller nåke, og det var virkelig ikkje imponerande. Ved siden av fekk vi sjølvsagt servert smelta smør til å dyppe kjøttet i. Eg trur faktisk ikkje at eg klarte å ete opp heller. 

Ellers var vi ein gjeng til LA i Thanksgiving-helga. Vi satt oss ned på den mexicanske restauranten som ligg ytterst på Santa Monica pier og 3 av oss bestilte samme tallerken med forskjellige smårettar (trudde vi). Etter prisen å dømme så burde det være smårettar, men når tallerkane kom ut så visste vi ikkje heilt kva vi skulle sei eller gjere. Det var tre store serveringsfat (ikkje tallerkenar) overfylte av mange forskjellige mexicanske rettar. Bare å sjå på all den fettete maten som bada i bønnesaus gjorde meg mett. 

 

Har du fått bekreftet eller avkreftet noen fordommer om USA?

Før vi reiste så såg vi for oss at vi skulle sjå mange store amerikanere. Typ slik som ein ser på film.😅  Og vi trudde det skulle kry av dei. Slik var det så absolutt ikkje. Greit nok at dei som er overvektige her er virkelig store, men det er ikkje så mange av dei som ein skulle tru.

 

Hvilket av de stedene du har besøkt, følte du deg mest hjemme?

Hmm, denne er kanskje litt vanskelig å svare på siden alle plassane vi har besøkt her borte har vært så langt vekke i fra Norge som ein kan komme. Eg vil kanskje trekke fram Sedona, (link til innlegget der i frå) som ligg litt nord i Arizona. Ikkje fordi det er nåke spesielt likt i forhold til heime, men det var fjell der. Høge fine store og raude fjell. Litt anna enn flate Florida, og i Phoenix der vi budde i ei gryte med lave fjell rundt oss.  😊

 

Hva blir det beste med å reise hjem til Norge?

Heilt klart å få ha sommerferie heime med familien. Som ein god nummer to kjem maten og vatn.💦  H-E-R-R-E-G-U-D 💦 eg skal drikke så mykje vatn i fra springen når eg komme heim. haha.  Ingenting slår fjellvatnet i Kvinnherad. Dessuten skal eg gå på fjelltur. Rett opp, endelig! Eg var jo på ein del fjellturar i Phoenix og, men det er jo ingenting i forhold til fjella heime i Norge. Eg trur eg må ta det rolig i begynnelsen etter eit år på flat mark. 😅

 

Hva kommer du til å savne mest med USA?

Friheten, været og samholdet med dei andre Nordmenna som vi har reist med. Heldigvis skal dei fleste andre vi har budd med her borte og flytte til samme plass i Norge, så det er ikkje det siste vi ser til dei. Eg har jo heller ikkje jobba dette året, og dei har vært ufattelig deilig. Så sjølv om eg gleder meg til kvardag, jobb og rutinar, så er det jo veldig deilig å ha den friheten eg har hatt her borte.😊

 

Hvilke steder likte du best på reisen og har lyst å besøke igjen?

Det er så mange plassar eg kunne tenkt meg tilbake! Eg følte ikkje vi blei heilt ferdige med San Diego eller New Orleans, men igjen så har vi jo fått opplevd byane. Er det ein plass som virkelig imponerte meg så må det være Sedona og generelt store deler av Arizona. Skal du nokon gang til USA, prøv å reis til Arizona. Den staten har virkelig ALT. Og naturen er heilt enorm. 

 

Og til slutt: hvor går turen neste gang?

Nei, sei det! Eg har nå i alle fall fått smaken på å reise meir. Eg fantaserer om Australia, Thailand og kjøretur i Norge, men vi får sjå. Vegard skal nok ein tur til Manchester på kamp, og han meinte at han ville sende meg vekk ei langhelg i høst.😅  Vi har og nåken bonuspoeng som må brukast opp før oktober.. Så vi får sjå. Etter å ha fått reist så mykje som vi har gjort det siste året, så skal det egentlig bli veldig deilig å bare komme seg heim til kvardagen! 😊

#spørsmålsrunde #utlandet #spørsmål #usa #florida #arizona #disney #reisemagasinet #reiseblogg #reisebloggen #travel #ferie #sommerferie
 

6 kommentarer

Siste innlegg