8 ting eg savner med Norge

Mens vi er på veien nordover mot New York, så tenkte eg å dele ei lita liste med ting som eg kjenner at eg savner ein del no. Altså, foruten om familien og venner då, dei savner vi aller mest! Åh, nei no gler vi oss dåke!


 

1. Vatn: Åhh, dette må nok være det vi savner mest. Reint Norskt fjellvatn rett i fra springen. Kroppen vår må jo vær heilt bleika på innsida etter eit år med dette klorvatnet her. Dei siste mnd har vi kjøpt vatn då, men gud så tungvint å måtte kjøpe store pakkar med vatn på butikken. Nei, vi skal være glade for vatn i springen heime i Norge!

2. Smågodt: Treng vel ikkje å forklare dette? Smågodt er jo så mykje bedre enn alt anna av godteri her i verden.

3. Paprikachips: Altså, kva er greia. Dette landet har alt ein kan tenke seg av chipssortar, men paprika det er tydeligvis ein smak som er vanskelig å oppdrive.. 

4. Norsk brødmat: Sjølv om eg har baka ein del her borte, så savner vi det å kunne gå i butikken å kjøpe eit skikkelig grovbrød! Alt av brød her borte er fult av honning, glukose, sukker, konditorfarge og det som verre er. Eg tipper amerikanarane fyller brødet med så mykje tilsetningsstoffer så det kan holde i vekesvis. Dei et jo ikkje spesielt mykje brødmat slik som Nordmenn. Men det er ikkje det at eg ete så utrulig mykje brødmat heime, men det er jo greit å ha muligheten til å ete ei grovskive med skorpe på å bli mett!

5. Pålegg: Denne bunner nok ut i punktet over her, at Amerikanarane ikkje ete mykje brødmat. Eg trur ikkje dei ein gang har eit ord for pålegg.. Her er det peanøttsmør, syltetøy, skinke og ost som gjeld. Men til gjengjeld så har dei jo 100 variantar av kvar sort då..

6. Fisk: Sjølv om vi har budd i område av ein tidligare fiskelandsby i Florida, så er det ikkje gitt at vi har ete mykje fisk. Det har egentlig vært tvert i mot. Eg trur aldri eg har ete så lite sjømat som eg har gjort i år.. Fisken som vi finn på butikken ser ut som om den er sprøyta med det eine og det andre, så det er lite fristande. Men, eg ha bestilt ein del fisk ute på restaurant i år då! Så eg har heldigvis fått i meg litt fisk. 😅

7. Fjellturar: Eg gler meg til å gå litt i motbakke. Vi har jo handla inn både fjellsko, fjellbukse/shorts og regnjakker her borte så vi er klare for sommar på Vestlandet!

8. Rutiner: Eg trenge sårt nåken skikkelige rutinar no snart. Eit år uten jobb sette spor kan ein sei! Sjølv om eg ikkje skal jobbe 100%, så blir det godt å stå opp om morgonen, ha middag til vanlig tid og trene til vanlig tid. 😊

#usa #reise #reiser #ferie #flytte #norge #lister #liste #savner #iviusa 

8 kommentarer
    1. Iselin Mathilde: Ja, vatn gleder eg meg sånn til! Dei har eit litt diffust ord som ein kan bruke, men amerikanerane har jo ikkje forstått det. Det er “topping”. 🙂 Kanskje “spread” hadde funka i england! 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg