Ida Røssland

Roadtrip dag 3: Fra Florida til Washington DC

Etter at vi hadde kjørt i fra Kennedy Space Center så hadde vi egentlig ingen stor plan. Eller, planen var vel egentlig bare å kjøre nordover før det blei mørkt. Når vi nærma oss Savannah, ein kystby i Georgia, så nærma klokka seg 21:00 og eg fant ut at det kanskje hadde vært lurt å få i seg nåke å ete. Vi valgte derfor å kjøre ned til Savannah by. Her fant vi oss heldigvis ein restaurant som fortsatt var åpen og serverte mat. Inntrykket vi fekk av Savannah var veldig positivt. Eg trur nok vi kunne hatt ei overnatting her og, for byen er nok enda finare på dagtid! 😊  

Etter stoppturen i Savannah var egentlig planen å overnatte i Charleston, i Sør Carolina, ein liten by som låg to timar nord for Savannah. Men etter å ha lest litt meir om byen så fant eg ut at den var veldig lik på europeiske byar og hadde stort sett bare ein hage eg ville sjå. Derfor seira fornuften (eller ikkje😅), og vi kjørte vidare nord. Klokka hadde vel passert midnatt og eg sovna i bilen. 



Vegard hadde fått beskjed om å stoppe på ein rasteplass på grensa mellom Sør og Nord Carolina, så der våkna eg opp klokka 06:00 onsdags morgon. Vi hadde då altså vært innom 4 statar på veien nordover. Vi kjørte vidare og bestemte oss for å bare peise på mot Washington, DC. Her er soloppgangen vi fekk med oss etter vi kjørte i fra rasteplassen. Var det ikkje bare heilt magisk?😍

Siden vi starta kjøringa klokka 6 på morgonen, så kom vi jo og fram tidlig til Washington. Eg trur vi var der rundt 12 på dagen, og fekk på ein måte ein bonusdag her då. 

I Washington stoppa vi først i ein forstad som heiter Alexandria for å bestille hotell. Eg hadde og funne ei strand/havneområde med ein eller anna kul statue på. haha..😅  Litt kul var den vel? Den heiter "The awakening", eller "oppvåkningen", og viser ein kjempe som prøver å komme seg ut av jorda. 

Til slutt fekk vi i alle fall booka hotell, og motell, og bestemte oss for å kjøre inn til Arlington gravplass. Besøket der kjem i eit eige innlegg. Og her er bilen som frakter oss trygt nordover i landet. Vi gjekk for litt komfort og trygghet, og kjenner det var veldig godt å ha ein slik bil. Hittil har vi (les: Vegard) kjørt 2200 km! 😅 Og enda har vi nåken km igjen før vi er framme i New York på lørdag.

#washington #washingtonDC #usa #reisemagasinet #reise #ferie #usa #iviusa #travel #sommer #sommerferie #turist #reisebloggen

livetmitt93

30.06.2017 kl. 10:13
fine bilder:)

Ida

16.07.2017 kl. 14:27
livetmitt93: Tusen takk :)
Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits