Ida Røssland

Første dag heime i Norge på eit år!

Endelig har vi kome oss heim til Norge!😀  Gleden var stor då vi landa på Flesland og det sto heile 10 personar med flagg, blomar, melkesjokolade og velkommen-banner å venta på oss. Det var veldig koselig å sjå alle igjen, og ikkje minst veldig kjekt at dei møtte opp på Flesland for å få oss trygt heim.❤️ ❤️ Nåke som var litt morsomt var at AdmiralP kom rett bak oss, eg trur han skulle spele på VG-lista, og han spurte om alt dette var for han. Og nei, det var det virkelig ikkje kunne nåken svare på 😅  haha..

Ein ferjetur igjen, og vi er heime! 😀

Når eg våkna opp hos mamma dagen etterpå var det heilt fantastisk å våkne opp til skikkelig Norsk frokost. Her snakker vi brunost, leverpostei, Norvegia, eplejuice, syltetøy, egg og heimelaga rundstykker! Yum!

Etter frokosten fant vi ut at vi måtte ut å bevege på oss, så vi tok oss ein tur til Storhaug. Aii, det var ikkje bare bare å gå rett opp i ein time nei.😅  Men eg overlevde nå det og, og heldigvis kan det bare bli bedre enn det er no... Vi såg forresten hoggorm og! Æææsj...

Uskedalen ❤️



Begge to med nye sko som trengte seg ein tur! Så fornøyd med dei 😀

Mamma med Melderskin i bakgrunnen. Kaaanskje det blir ein tur der og i sommar? Må nok gå nåken fleire turar i oppoverbakke før det blir aktuelt ja 😅



#norge #hjemme #sommerferie #sommer #reise #fjelltur #fjell #hjemkomst  #kvinnherad #uskedal #uskedalen #hordaland #natur

livetmitt93

09.07.2017 kl. 16:15
velkommen heim:)

Ida

16.07.2017 kl. 14:26
livetmitt93: Tusen takk for det :) Var godt å komme heim igjen :)

Charlotte

09.07.2017 kl. 22:39
så koselig kom hjem til sånt :)

Ida

16.07.2017 kl. 14:26
Charlotte: Ja, det var kjempe gøy! :D
Ida

Ida, 24 år, gift med Vegard, lever livet i Florida og Arizona fram til sommaren 2017. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits