Sjølvplukk <3

Gårsdagen var satt av til fjelltur for oss. Når vi våkna så var det skodde langt nedover dalen, men med godt mot gjekk vi allikevel oppover. Tåka letta ikkje, men det gjorde faktisk ingenting for i går var formen virkelig på minussida.. Det var faktisk meir enn nok med den turen vi hadde, og i alle fall i V sitt tempo.. eg blei rett og slett slitande litt bak 😅

Men opp på kanten skulle vi, og med nye sko, gnagsår og min manglande pust så sa vi oss fornøyde med det for øyeblikket… Nei, det er ikkje bare bare å komme heim i frå Usa visst.. alt går jo om ein bare bruker nok tid, men det er kjipt å kjenne at kroppen ikkje jobber med i motbakkar lenger..🙄

Det er nå fin utsikt om ikkje anna!

Etter turen for eg ein tur innom Instinkt mote før eg gjekk til pappa. Der oppdaga eg at ripsbuskane ikkje bare var blitt svære, men det var jo masse bær på dei og! Så eg gjekk i gang med litt innhausting. Det er jo reine luksusen å kunne plukke desserten rett i frå hagen! 👌

Nam nam!

No er eg på båten på vei til Austevoll for nåken dagar ferie! Det er jo idag og i morgon som skal være sommar her på vestlandet, så det gjeld å utnytte dagane godt! 😎

8 kommentarer

Siste innlegg