Birthdaygirl!

På onsdag blei eg heile 25 år! Bursdag er virkelig livet folkens! Eg trur nok og det blir kjekkare for kvart år som går. Dessuten har eg innført bursdagsveke, så heile veka blir ein stor fest 😅  

Og sjå kva eg fekk hos Vegard då! Eg har lenge drømt om bysykkel med korg, og kva andre plassar enn her på Brekstad passar det bedre med ein slik sykkel? No kan eg sykle til jobb og ha veske eller posar i kurven. Ein draum! Min mann er best ❤️

  

Ellers har eg visst blitt skikkelig voksen og fått meg kjøkkenmaskin hos mamsen! Eg har hatt ein sånn dårlig kjøkkenmaskin før, så å få eit skikkelig beist er heilt fantastisk. Eg gler meg sånn til å få bruke den. Det er til og med kjøttkvern med, så no kan Vegard bare komme seg på fiske så skal eg lage fiskekaker til den store gullmedaljen 😎

På kvelden tok Vegard med med på ein finare restaurant her på Brekstad. Hovde Gård ligg 200 m i frå huset vårt, så det var ikkje akkurat lange stykket å gå. Alt er liksom i nærheten om ein bur på Brekstad. 

Det var eit fantastisk fint område, med herskapelige bygg. Vi åt i restauranten som dei kalla Fjøset, og som namnet seier så var det tidligare fjøset på gården. Fantastisk fint lokale, og ikkje minst god mat. Her kan vi gå igjen 😊

Takka være denne mannen her, og mange andre fine folk, så hadde eg ein fantastisk fin bursdag her i Trøndelag! Tusen takk alle sammen ❤️

#birthday #bursdag #gave #voksen #mat #restaurant #hus  #presang

14 kommentarer

Siste innlegg