Trondheimshelg

Då var helga, og mandagen over allerede. Helga føyk i alle fall av gårde for oss, for vi har vore på besøk hos Martin og Tara i Trondheim.😊  Vi kjørte via Orkanger til Trondheim, og brukte vel rett under 2 timar på turen, og det inkluderte ei stopp på Amfi-senteret i Orkanger. Ikkje så gale vil eg sei! 

Det var kulturnatt i Trondheim på fredagen, så etter eit vel gjennomført tacomåltid med heimelaga salsa (NAM😋) og diverse, gjekk vi nedover til sentrum. Gu så deilig det var å bu så sentralt til nåke, eg kjente eg kosa meg skikkelig med muligheten til å gå til bysentrumet. Vi fekk sjølvsagt turista oss litt, og fekk sett Nidarosdomen. 

Lørdagen starta eg og Tara dagen på IKEA. Altså, det må vel til når vi bur så langt vekke. Dessuten trur eg ikkje ein tur på IKEA er å unngå når ein har flytta i nytt hus.. Eller? 😅  Så etter at bilen var fylt opp med kommodar og diverse, så kjørte vi heim for å gå ned i sentrum igjen. Pride blei nemlig arrangert i Trondheim i helga, så det var mykje folk ute.🌈  Veldig kjekt å sjå så mange oppmøtte! Eg trur dei sa det var mellom 5000-8000 mennesker her den dagen. Det er bra 💛 💚 💙 ❤️

Lørdagens middag inntok vi på Sabrura, ein sushirestaurant som serverte det som buffet. G-e-n-i-a-l-t. Altså for 200 kr kunne ein ete så mykje, eller lite, sushi ein ville. Dei hadde og vårrullar og kyllingspyd. Dessuten så var maten veldig god og, så dette kan virkelig anbefales. Her kan eg gå fleire ganger ja! 😊

Alt i alt hadde vi ei super helg i Trondheim. Det er veldig godt å sjå at det ikkje er så alt for langt å reise for å komme til sivilisasjonen med bil.. Med båt bur vi jo kun 1 time unna by´n, men det er jo det å ha mulighet til å bruke det då.. Det var i alle fall godt å komme seg litt vekk i fra Ørlandet, og få litt påfyll av andre inntrykk. 😊  Trondheim var og ein veldig fin by, vi er heldige som har ei madrass å sove på der!

#trondheim #trondhjæm #reise #bytur #byliv #urban #ferie #travel #mat #sushi #tips

9 kommentarer

Siste innlegg