Lifehack når du maler veggar

Her kjem eit lite pengesparande (og miljøsparande?), tips i forbindelse med oppussing! Eg har jo malt stove, gang, kjøkken og hobbyrom i løpet av dei siste mnd, og eg har då sjølvsagt brukt rulle på veggane. For å få malinga best mulig fordelt på rulla, så er det greit å bruke eit rullekar. Problemet er jo at ein kan ikkje drive å kjøpe nye rullekar for kvar gang ein skal skifte farge. Ja, det kan fint vaskast, men når ein går i fra mørk blå til kvit maling så er det  alltidI litt blåmaling igjen som løsner..🙄

Så i staden for å bruke masse pengar på nye rullekar for kvar gang, så bruker eg bare litt aluminiumsfolie i bunnen på karet og heller malinga oppi. Når eg då er ferdig med malinga og karet, så bretter eg bare foliet sammen som ein ball, og vips! Ingen søl, ingen maling i vasken og du kan fint bruke rullekaret mange ganger til. 🙊

#tips #triks #lifehack #hobby #diy #kreativ #smart #trix #maling #jotun

15 kommentarer

Siste innlegg