Luciabaking!

Idag er det onsdag, og kun 9 dagar til vi reiser heim til jul. Det skal bli så godt å komme heim til litt julestemning, pinnekjøtt, lutefisk, familie og venner. Men før det er heimreise, så skal eg jobbe kvar dag på butikken. I jula er det jo ekstremt travelt, men det er jo absolutt kjekt å være på jobb då. 😊  Når eg kom heim fra jobb idag så innsåg eg kva dag det var idag, så eg og Vegard baka lussekatter for første gang no. Vi fekk ikkje tak i safran på butikken då, men dei blei gode uansett.

Det er bare fantasien som setter grenser for kva figurar ein kan forme bollane som. Eg prøvde å huske tilbake til barneskulen, når vi var i Baroniet å baka lussekattar, og eg trur vi enda opp  med nåken stilige variantar. Eller ka? 😎

Du treng:

150 g smelta smør, 5 dl melk, 50 gram fersk gjær, 1 g safran eller 0,5 ts gurkemeie, 150 gr sukker, 0,5 ts salt, 2 ts kardemomme, 13 dl mjøl (ca).

Slik gjer du:

Smelt smør og tilsett melk. Bland inn safran. Smuldre gjær i bakebolle og rør inn den tempererte mjelkeblandingen. Rør inn mjøl, kardemomme, salt og sukker og elt godt i ein kjøkkenmaskin. Tilsett meir mjøl om nødvending. Deigen skal være passe fast og slippe bollen. La deigen heve under eit tørkle i ca 30 min. 

Del deigen i 20 like store emner (du kann godt dele den i fleire då bollane mine blei litt store). Trill til lange fingertjukke pølser og form ulike lussekattar. La dei heve på nytt i 15 min. Pensle med eit vispa egg og stikk rosiner der du ønsker. Steikes på 250 grader, midt i ovnen i 7 min. Avkjøl på rist. 

Og nyyyyt! Helst lunka 😋

Oppskrifta vi brukte var fra Tine.

#baking #matprat #lucia #lussekatt #lusekatt #bolle #godtno #sunt #oppskrift #hjemmelaget

17 kommentarer

Siste innlegg