Årets første

Eg har hatt fri idag, og etter å ha sete inne heile dagen å sett på den blå himmelen ute sendte eg melding til V om han ville være med på skitur når han kom heim. 😊 Heldigvis ville han det og vi heiv oss i bilen og kjørte innover mot ein plass som heiter Litj-Gjølga. Ja, eg veit.. Navnet er veldig trøndersk og nesten umulig å uttale for ein som ikkje er fødd her oppe 😅

Det var nydelige forhold og ein veldig fin dag for første skitur. ❄ Det beste av alt var vel at vi nesten var aleine i løypa og det tok kun 20 min å kjøre heime i frå. Så her er det absolutt mulighet for å reise tilbake fleire ettermiddagar 😊

Og ja, nåken tok seg litt meir ut enn andre.. V gjekk vel 5 rundar på den tida eg gjekk 3. 😅 Men her er det viktigaste å ikkje bli lei og hate å ha skia på beina framøve 😎

Ha ein fortsatt fin mandagskveld!😁

7 kommentarer

Siste innlegg