Vottestrikk

Før jul blei eg hekta på vottestrikk med Mariusmønster! 🇳 Eg hadde mykje garn som skulle brukast opp, og slik blei det til at det låg fleire par med vottar under juletrea rundtomkring😊

Eg har fortsatt nokon vottar som ligg å ventar på den rette eigaren. Idag fekk eg levert eit par til ein Amerikaner, og han blei superglad for dei. 👌 Her oppe i Trøndelag et det nemlig ikkje tegn til vår enda.. Snøen og isen ligg godt på veien og bakkane enda..❄

Alle desse vottane er strikka med forskjellig garn.

Eg likar best å bruke Drops Alaska når eg tovar, då blir ikkje produktet så hardt og stivt som med feks Cortina eller Fritidsgarn. 😊

 

Strikkar på pinne 5 og tovar fuktig i tørketrommel med eit handkle.

Oppskrifta er gratis og du finn den Her 😊

19 kommentarer

Siste innlegg