Søndagsgrilling i fjæra

Idag tok vi rett og slett frokosten ute i fjæra. 😊 Zara hadde invitert oss med til ein plass som heiter Jektvika(?), rett ved Austrått camping, for grilling og kos. Då eg og Vegard kom så var det allerede ein god gjeng der med både voksne, ungar og hundar. 💛

Vi grilla ostesmørbrød for første gang! Det gjekk jo absolutt veldig bra, og kan anbefalast om ein ikkje er keen på pølser på grillen 😊 Ja, også ein del marshmallows då.. Kjem jo ikkje utenom det😅

Han her tøffingen her er sønnen til Zara. Han er meg ein fin luring, og her skulle han vise meg sitt «hemmelige sted». Her hadde han alt i fra bad, sofa, kjøkken der han laga sjokolade pudding og ein cafe der han solgte puddingen. Ååå, tenkt så deilig å ha ein sånn fantasi då!😁

Vi var nåken timar her ved stranda idag. Det var jo faktisk vindstille på Ørland og, så det var ingen problem å være ute så lenge uten å fryse. Eg ser for meg at dette kan være ein fin plass å være til sommaren og. ☀ Sånn om det blir skikkelig sommar her oppe då? Etter denne lange vinteren har eg nesten vanskelig for å tru det 😂

Har du hatt ei fin helg? Fått brukt søndagen til nåke fornuftig eller? 😊

11 kommentarer

Siste innlegg