Steikt laks med asparges og ostesaus

Altså, hallo sjekk denne middagen her då. Tenk at fisk kan etast så enkelt og digg! Eg har i den siste tida bare unngått å ete mat som er fulle i karbohydrater, og det hjelper så på mykje i kvardagen. Kroppen er lettare, søvnen er bedre og eg er nesten aldri dødssulten lenger. Fantastisk! Det beste med dette er at det finnes så utrulig mange kjekke oppskrifter der ute. Ein blir jo mykje meir bevisst og eg syns det er kjekkare å stå på kjøkkenet å lage mat når eg kan eksperementere med kjekke, men enkle, kvardagsoppskrifter. Denne oppskrifta fann eg hos Linn Therese Dagsland.  Middagen var klar på sånn 15 min, perfekt i ein travel kvardag!

Du treng til to personar:

  • 4 små laksebiter
  • 1-2 bunter med asparges
  • 2 ss smør
  • 1 ts johannesbrødkjernemel
  • 100 gram raspa ost
  • 3 dl fløyte
  • 1 dl vatn
  • 1 sitron
  • Krydder. Eg brukte salt, pepper og sitronpepper. 

 

Slik gjer du:

  • Steik aspargesen lett i ei steikepanne med smør. Legg dei så over på ein tallerken. 
  • Legg laksen i steikepanna, og steik den på medium varme under eit lokk. Ha på sitronpepper. 
  • Sausen: Smelt 2 ss smør i ein kjele. Visp inn johannesbrødkjernemjøl før du sper på med vatn og fløyte. Visp godt for å unngå klumper. Når sausen når kokepunktet tar du den vekk i frå varmen og tilsetter osten og sitronsaft. La osten smelte, snak til med salt og pepper og så er alt klart til å servere!

#lavkarbo #lchf #lowcarb #keto #ketogenic #kosthold #Mat #middag #fisk #fiskno

13 kommentarer

Siste innlegg