San Francisco

Etter ein 10 Timer lang kjøretur gjennom ørkenen fra LV kom vi endelig fram til San Francisco! Langs veien hadde vi og ein shoppingpause på eit outletmall. 🙂  Første dag i San Francisco vart feira med 15 og 16 års dagen til Snorre og Mats og ein skikkelig turistdag! Vi tok den gamle kabelvogna frå sentrum og over til Lombard street (sikksakk veien), før vi gjekk vidare nedover til Pieren. Planen vår var jo å ta turen ut til Alcatraz, men det var overraskande utsolgt 4 dagar fram i tid.. Så då har vi i alle fall ein grunn til å reise tilbake til SF!

Vi tok og taxi til Crissy Field for å sjå på Golden gate, og prøvde iherdig å få ein taxi tilbake.. Men det var lettare sagt enn gjort, og eg og Vegard enda opp med å spasera i over 1,5 time før vi fekk huka tak i ein taxi… Visakortet fekk og svidd seg litt då Vegard er veldig god til å oppmuntra meg til å handla vesker og kler, så han ikkje skal føla at bare han bruker penga.. Så på turen i Usa handla eg ikkje mindre enn to Michael Kors vesker og ei Marc Jacobs.. Men alle er heldigvis godt brukt, så dei var alle gode kjøp 🙂

Lombard Street

På Fishermans Wharf

Glade gutar med bursdagsgave!

Her er det næraste vi kom på Alcatraz…

Crissy Field!

Palace of fine arts, der in scene av The Rock blei spelt inn! Fantastic arkitektur 🙂

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg