Usa: Santa Monica Pier og Venice Beach

Vi tok turen til Santa Monica Pier og Venice Beach i LA. Mats og Snorre hadde jo sjølvklart lokalisert ein skatepark langs stranda som dei skulle innom. Heile strandpromenaden var fantastisk. Det var rart å sjå overgangen og kontrastane i frå Santa Monica til Venice. På Santa Monica var alt litt “finare” og sofistikert. Gatene var reine og husa rundt var stellte. Når vi  kom over til Venice var det tilbake til eit friare område. Her var det gatemusikantar, tiggara, boder og mykje liv i gata. Husa var tagga med nydelig kunst, menneska virka friare og det lukta hasj på kvart hjørna. 🙂

Vegard var overlykkelig når han fant Bubba Gump Shripmp Company. Det er visste veldig kjent i fra filmen Forrest Gump! 🙂

Skatepark!

Santa Monica Beach!

Griffith Observatory og Hollywood-skiltet. 

Vi kom ikkje så tett på skiltet so vi hadde ønska.. Hadde ikkje akkuratt gjort så veldig god research før me kjørte oppover 🙂 Vi fekk i allefall med oss ein enormt fin solnedgang over heile Los Angeles. Byen er heilt ekstremt stor. Vi brukte 1,5 time i fra sentrum av byen til ein anna del av sentrum…i bil!

Sjekk størrelsen på den byen!! Hadde ikkje sjangse til å få alt med på eit bilde ein gang..

Lykkelig med ny veska!

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg