USA: San Francisco til Los Angeles

Roadtrip fra San Francisco til Los Angeles. Fredag då vi landa leigde vi oss bil (monsterbil) og starta på turen sørover på Highway 1. Vegen er også kjent under namnet Pacific Coast Highway, og er berømt for å gå langs ein av verdas vakraste kystlinjer. Og flott det var det! Turen frå San Francisco til Los Angeles brukte vi to dagar på, og hadde oss ei overnatting i Santa Barbara kor vi møtte ei fra Rosendal som studerer der. 🙂

Vi hadde ein pitstop i Carmel. Ein veldig fin og intim by sør for San Francisco, langs Highway 1. Den bar preg av mange eldre og litt bedre stillte mennesker som budde der. Forsto det slik at det ikkje er lov å bygge nokon nye byggningar i byen, så dette gjer det jo til eit lukrativt område å bu i, då det ikkje kjem til å komme nokon nye bustadar i framtida. 

Mengdevis av elefantselar så låg langs kystenn og kvilte seg. 

Outlet, shoppinghimmelen for Vegard denne butikken her!

Ja, vi var innom fleire skateparkar på turen..

Svag

Og vi kjørte mykje i kø… Vegane var så store og fine at avstandane føltes ikkje så lange, men det var mykje kø når vi kom oss inn mot byane.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg