DIY: Alectodress

Endelig kan eg vise fram den første heildressen eg nåken gang har strikka. Dette er teststrikk, og oppskrifta kom ikkje før no, så derfor har eg ikkje lagt den ut før.

Vel som sagt, den første heildressen eg strikka, og då kasta eg meg ut i ein i str 1 år, på pinne 3 i perlestrikk. Så ja, egentlig eit stort og utfordrande prosjekt, som var overraskande enkelt å forstå når eg først leste oppskrifta. Underveis så angra eg på at eg ikkje strikka i merinoull, for det føltes som det tok veldig lang tid med det garnet eg brukte, men til gjengjeld så blei dressen veldig tynn og god. Ein deilig heimelaga dress som kan brukast heile året 😁

Garn: Drops Flora, 15 grønn. Kan og bruke baby/tynn merinoull, safra osv.

Strikkefasthet: 24/10

Pinne: 2,5 settpinnar til vrangbord og 3 mm rundpinne og settpinnar

Str 1 år

15 knappar HER

Oppskrift: HandcraftCarina på Ravelry

Oppskrifta går fra 3 mnd til heile 6 år, så her får ein mange oppskrifter. Dei største størrelsane har ikkje knappar heile veien ned.

Eg brukte og fleire knappar enn oppskrifta tilseier, rett og slett fordi det er finare når knappane er tettare og ikkje spriker når dressen begynner å bli trang 😁

Dressen er eit plagg i ein større serie med kyse, dress, bukse, genser osv. Sjekk ut dei andre oppskriftene til HandcraftCarina her. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg