hits

Ida Røssland

DIY: Hekla juletre

Her kjem enda eit lite julegavetips heilt på tampen. Desse søte hekla juletrea er kjappe å lage, og tar seg veldig godt ut som julepynt, eller ka? 😊 

Oppskrifta er henta fra Heklefeen.dk, og eg har oversatt den til Norsk. 

e

Du treng: 

  • Bomullsgarn
  • Heklenål 2,5
  • Trespyd
  • Fyll
  • Valgfri pynt

 

Slik gjer du:

Fm fastmaske
Lm luftmaske
Km kjedemaske

Hekle 2 like stykker.

Vend kvar rekke med ei lm


1. spiss
1) 2 lm, 1 fm i første lm
2) 3 fm i samme m
3) 2 fm i samme m, 1 fm, 2 fm i samme m (5)
4) Øk ei maske i kvar ende til du har 23 masker i rekka 
5) 5 km, 13 fm, vend lm


2. spiss
6) 2 fm i samme m, 11 fm, 2 fm i samme m (15)
7) Øk ei maske i kvar ende til du har 29 masker i rekka
8) 6 km, 17 fm, vend lm


3. spiss
9) 2 fm i samme m, 15 fm, 2 fm i samme m (19)
10) Øk ei maske i kvar ende til du har 35 masker i rekka
11) 7 km, 21 fm, vend lm


4. spiss
11) 2 fm i samme m, 19 fm, 2 fm i samme m (23)
12) Øk ei maske i kvar ende til du har 41 masker i rekka.
13) 8 km, 25 fm, vend lm


5.spiss
14) 2 fm i samme m, 23 fm, 2 fm i samme m (27)
15) Øk ei maske i kvar ende til du har 47 masker i rekka

Lag så mange spissar du ønsker, eg syns 3 og 4 var fint på desse trea ilag.

Hekle deretter dei to trea sammen rundt kanten med fm. Stapp treet godt med fyll etterkvart så du hekler rundt. Du må nok og dra litt av vatten ut i spissane med heklenåla, jobbe litt med treet. 

Stikk ein pinne opp i treet, og du kan sette treet i ei potte. Eg har valgt å borre hull i ei treplate og sette pinnen i. Då kan trea stå fint på ein kommode eller i vinduskarmen av seg sjølv. 

Pynt treet slik du ønsker. 

#hæklefeensopskrift #hekle #diy #interiør #hobby #hobbygruppa #diymagasinet #oppskrift #heimelaga #hjemmelaget #kreativ 

DIY: Hekle ein kjøkkenklut med rutemønster.

Om eg har lite å finne på her? Nei, det er ikkje det. Kreativiteten blomstrar visst uansett kor eg er i verden.. Tråden kjøpte eg med meg heime i frå, og eg har med meg heklekrokar i alle størrelsar i tilfelle eg skulle få lyst å lage noko. Kjøkkenklut er jo enkelt å ta med seg rundtom, og fort gjort, så då blei det det. Vegard lurte på om vi ikkje bare kunne kjøpa kjøkkenkluta på Walmart, men han fekk klart eit "nei" tilbake. Litt heimekoselig må vi jo kunne ha det! ;) Her kjem i alle fall oppskrifta på, det eg vil kalle, ein gammal kjøkkenklut. Den har slikt rutmønster som "gamle" kjøkkenhåndkle har. Eg fulgte bare ein video for oppskrift, den finn dåke nederst i innlegget. Lykke til! :)

SAMSUNG CSC

  • Eg brukte: Bomullsgarn og heklekrok nr 3,5. 
  • Eg la opp 51 luftmasker, så kluten ikkje blir så stor. Hekle deretter tre luftmasker til for å snu med. Desse maskene fungerer som den første staven. 
  • Hekle deretter slik ut omgangen:  2 stavar, ei luftmaske med hopp over neste maske, stavmaske i neste maske, ei luftmaske med hopp over neste maske og deretter 5 stavar. Gjer dette i tre omgangar og bytt til ny farge. Sjå gjerne på videoen under for bedre forklaring :)


SAMSUNG CSC

Som du ser så har eg bytta tråd ein del ganger, noko som vil gje deg ekstremt med lause trådar å feste når ein er ferdig med kluten.. Men då igjen, så blir den jo veldig fin :) 

SAMSUNG CSC

Her er videoen eg brukte til å hekle denne kluten :)

HER er link til enda ein kjøkkenklut med oppskrift :)

 

#diy #hekle #crochet #byidarossland #hobby #gjørdetselv #hjemmelaget 

DIY: Hekla påskekylling

Eg kom øve nåken stilige påskekyllingar, og bestemte meg for å prøve å lage nåken lignande. Eg har laga oppskrifta mens eg hekla kyllingen. :)

SAMSUNG CSC

Str: S (M)

Du treng: 

  • Heklenål 4 (5)
  • Den grønne er bommulsgarn fra Søstrene Grene og den gule er Thea fra Europris.

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  • 1. rad: Legg opp 15 (20) luftmasker + 2 til å snu.
  • 2. rad: Snu og hekle fastmasker i luftmaskene. Start i 2. fastmaske når du snur. Bruk 1 maske når du skal snu andre veien. 
  • 3.rad: følg rad 2, til stykket blir dobbelt så langt som det er breitt, det er då ein rektangel.
  • Brett rektangelen i to, og hekle fastmasker i to av sidene. Ha ei av sidene åpen. I denne sida skal du ha i fyllet og hekle sammen til slutt. 
  • Raud tråd: Start med 3 luftmasker i fjerde maske fra venstre. Deretter 2 staver i samme maske. Ha 1 luftmaske i neste maske. 3 staver i neste maske. 2 luftmaske i neste maske. 2 staver i neste maske og 1 halvstav. Fest tråd.
  • Kvit tråd: Fest tråd med 1 luftmaske. Hekle 1 fastmaske i samme maske. 3 luftmasker. Ta løkka ned til maska lengst vekk fra nåla (luftmaska nermast "kroppen") og hekle 1 fastmaske. Deretter 1 fastmaske i neste maske ut. Ta 1 kjedemaske i neste luftmaske i kroppen. Fest tråden. 
  • Raud tråd: Fest tråd med 1 luftmaske. Hekle 1 halvstav i samme maske. 1 luftmaske, 1 kjedemaske i samme maske. Fest tråd. 
  • Sy på auger med svart tråd.
  • Fyll kylllingen med erter, bommull eller liknande. Du kan og sy ein rispose og legge inni. 
  • Hekle deretter sammen den siste lengda. 

Her kjem forklaringen med bilder, kanskje det er litt enklare å forstå då :)

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC



SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #gjørdetselv #hekling #heimelaga #påske2016 #påske 
 

DIY: Hekla Minionshue!

På fredag var vi på besøkt til ein minionsfrelst venn av oss. Når Eirik er så fan, så kunne eg ikkje unngå å gi har nåke minionsinspirert i gave! :) 

Denne hua blei til litt etter litt. Eg har fulgt ei oppskrift eg fann på hekla hue på nettet, men prinsippet er det samme uansett kor du finn den. Du startar i toppen, og jobbar deg nedover. Hua blei litt stor, så eg har og fellt inn igjen 20 masker fordelt over fleire omgangar. Dette står beskreve lenger nede i oppskrifta.  :)
SAMSUNG CSC
Pinnnestørrelse: 4
Garn: TOVE fra Sandnes Garn
 
1. omgang - Hekle ein magisk ring med 8 fm.
2. omgang - Hekle 2 halvstavar. i kvar fastmaske rundt omgangen = 16 halvst.
3. omgang - Hekle *1 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav* gjenta fra *til* rundt omgangen = 24 halvst.
4. omgang - Hekle *2 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 32 halvst.
5. omgang - Hekle *3 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 40 halvst.
6. omgang - Hekle 1 halvstav, i hver halvstav rundt omgangen = 40 halvst.
7. omgang - Hekle *4 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 48 halvst.
8. omgang - Hekle *5 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 56 halvst.
9. omgang - Hekle *6 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav*. gjenta fra *til* rundt omgangen = 64 halvst.
10. omgang - Hekle *7 halvstav , 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til * rundt omgangen = 72 halvst.
11. omgang - Hekle 1 halvstav i hver halvstav rundt omgangen = 72 halvst.
12. omgang - Hekle *8 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav* gjenta fra *til* rundt omgangen = 80 halvst.
13. - 15. omgang - Hekle *9 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 88 halvst.
16. - 18. omgang - Bytt til svart tråd.  Her har eg fellt inn 5 masker fordelt over 3 omganger. 
19. - 24. omgang - Bytt til gul tråd igjen. Her har eg fellt inn 5 masker fordelt på 6 omganger. 
25: - 28. omgang - Bytt til blå tråd. Her har eg fellt inn 10 masker fordelt over 4 omganger. 
29. omgang - Avslutt arbeidet med fastmasker rundt heile kanten. Du skal no ha 68 masker rundt. 
 
SAMSUNG CSC
 
Auger:
 
Svart:
1. omg: Begynn med ein magisk ring og hekle 12 fm i ringen. Stram til.
 
Brun:
2. omg: *2 halvstavar, 1 stav i neste* Gjenta heile omgangen. 
 
Kvit:
3. omg:  *3 stavar, 2 stavar i neste* Gjenta heile omgangen. 
 
Grå:
4. omg:  *1 fm, 2 fm i neste* Gjenta heile omgangen. 
 
Hår: Hekle luftmasker til ønske lengde, og fest på toppen av hua. 
 
* Fest deretter trådar
* Sy fast augene
* Sy på munn og fest håret i toppen.
 

Inspirasjon fant eg her
Her kan du finne gode videoar som beskriver korleis du heklar.
 

DIY: Hekla kjøkkenklut

God søndag :) Litt nytt på DIY fronten har blitt laga denne veka. Eg har hekla ein haug med fine kjøkkenklutar, som er superfine som julegave til for eksempel besteforeldre, tanter og foreldre. Dei er veldig enkle og lage og ein bruker ikkje så mange timer på å hekle sammen ein klut. Det finnes nok utallige oppskrifter på slike klutar, men dette er i alle fall ein som gjekk fort!

Start med å legge opp 35 luftmasker. Legg opp to ekstra som du skal snu med i første omgang. Altså, skal du hekle første stav i maske nummer 3 fra pinnen.

Deretter er det bare å følge dei to neste punkta til kluten har fått ønska størrelse. Eg valgte å ha dei kvadratiske.

  • 1.omgang: hekle 1 stamaske i kvar av fastmaskene. Snu med ei fastmaske ekstra.
  • 2. omgang: hekle 1 fastmaske i kvar av stavmaskene. Snu med to fastmasker.

 

Eg har brukt Søstrene Grene sin bommulstråd. Denne kan vaskast på 60 grader og er slitesterk. Det er anbefalt å bruke heklepinne nummer 2,5- 3, men eg velger å bruke nr 4 då kluten ikkje skal være for fast, og det går fortare :)

Rundt kanten har eg først hekla ein omgang med fastmasker før eg laga ein kant. Så hekla eg ei fastmaske og tre luftmaske før eg festa, ned i annenkvar maske. Det finnes mange forskjellige fine kantar ein kan hekle.

Damp dei lett med strykejern før du gir dei vekk.



Kan du ikkje hekle eller treng du litt hjelp? Ingen problem. Internett er fullt med gode instruksjonsvideoer :) Her er film til korleis du heklar stavmasker og Her er film til korleis du heklar fastmasker.

 

Vil du teste?

#håndarbeid #hekling #DIY #gjørdetselv #selvlaga #hjemmelaga #hjemmelaget #selvlaget #kjøkken #aftenposten #rom123 #kk

 

DIY: Kay Bojesen ape

 

Eg har lenge sett på Kay Bojesen apekatt i teak, men har egentlig ikkje hatt lyst å bruke så mykje pengar på ein liten ting. Så for ei stund tilbake kom eg på at eg kunne jo prøve å lage meg ein sjølv, og slik blei den hekla apen under til. Eg googla meg fram til ei veldig god oppskrift på nett, og sjølv om den er på dansk så var det egentlig ikkje store problem å forstå den. :)

Du treng: 

  • Bommulstrå
  • Heklenål nr 3
  • Vatt til fyll
  • Tjukk ståltråd
  • Knipetang

Eg fulgte oppskrifta som eg har lagt ut bilde av under :)



 

HER kan du finne PDF format på oppskrifta, slik at du kan kopiere den ut :)





#diy #hekle #hjemmelaga #interior #bamse #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2 #aftenposten #kaybojesen 

 

 

DIY: Hekla heksagon babyjakke

Eg har hekla ei søt lita babyjakke! Det er ingen som har fått den enda, men den var kjekk å prøve seg på. Den var egentlig veldig enkelt å hekle, så dette er nåke alle kan prøve seg på :) Lengre nede ligger det og ein link til video på korleis ein skal gjere det! Eg har brukt Drops Baby Merino tråd og pinne nr 4.

 

Hovedstykke:

  • Lag ein magisk ring eller 6 fm til ein ring
  • Runde 1: 3 lm, 3 stavmasker, 2 lm til du har 6 grupper med stavmasker. Fest sammen til ein ring.
  • Runde 2: 3 lm, 3 stavmasker, 2 lm, 3 stavmasker, 2 lm i samme hull, 1 lm mellom. Fortsett ut ringen.
  • Runde 3 og utover: 3 lm,  stavmasker, 2 lm, 3 stavmasker, 2 lm i samme hull som det var 2 sett med stavmasker i, i forrige runde. 1 lm mellom.  Ha 3 stavmasker mellom stavmaskepar på hjørnene. Fortsett ut ringen. Ega har hekla 11 rundar.

 Kant:

  • 1 runde med fm i kvar maske.
  • Bølger på bunnen, HER

Armkant:

  • 1 runde med fm i annenkvar maske, slik at armhullet blir krympa litt. 
  • Bølger rundt. 

Sjå video her: https://www.youtube.com/watch?v=WKLxspQyTwk



#diy #hjemmelaga #interiør #sy #gjørdetselv #sminke #hobby #home #oppskrift

Heklatrekk til glass

Når mamma var på besøk var vi på marked i posebyen. Fant billige norgesglass til 10-25 kr, og eg fekk fira med meg heim. På ein av standane var det ei som solgte norgesglas med hekla trekk. Dette var jo i grunn dekorativt og enkelt tenkte vi og gjekk i byn og kjøpte tråd! Det tok ikkje mange timane før eg hadde kledd tre av glasa:)  


Fint eller?

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign