Ida Røssland

Årets første skitur!

  • Skrevet 25.01.2015 klokka 16:27
  • Kategori: Kvardag

Årets første skitur gjekk til Sandrip, ca 25 min med bil i fra Kristiansand. Det var så fint vær idag at me måtte på ski, og vi var visst ikkje dei einaste som hadde tenkt det.. Då me kom opp mot stadion så var det bilkaos over alt! Vi var heldige å finne parkering langs vegen, men då me sku ut igjen var det verre... Einvegskjørt vei, så me brukte over 30 min på å komme oss ut på hovudvegen. Konkluderte med at søndag kanskje ikkje er dagen for oss å reise her.. For mykje barnefamiliar og kø i løypa.. Men var deilig å komma seg ut å få prøvt skia!:)

DIY: Personlige julekuler

Til jul laga eg litt forskjellige julegaver sjølv. Eg like å tru at alle er gla for heimelga gaver ;) Så ein kveld eg satt å såg på instagram så kom eg over ei som hadde dekorert julekuler sjølv! Eg tenkte at det hadde eg aldri gjort før, så det måtte jo gå fint :) Dagen etter var eg på hobbybutikk å fekk tak i blanke julekuler, glitter og decopagelim!

Kvelden kom og spisebordet vårt såg sånn ut... Kaso! Det blir alltid kaos når eg finne fram den kreative sida av meg :)

 

Eg begynna med å dekke heile kula i decopagelim og dryssa glitter over og lot det tørke. Så klippa eg til bildene, som eg hadde kopiert ut på vanlig papir. Tok lim under og klistra på kula. Deretter dekka eg heile kula med decopagelim slik at glitter og bilde satt fast! Så limte eg bare på ein piperenser med limpistol og vòila!

Ein kan og dekke kula med td. serviettar i staden for glitter. Då bruker du kun det laget i servietten som har mønster, og erstatter den der glitteret blei brukt :) Då er jo mulighetane uendelige!

#diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

Endelig!

  • Skrevet 19.01.2015 klokka 19:17
  • Kategori: Kvardag

Vi har snø!

Livingroom

  • Skrevet 18.01.2015 klokka 19:24
  • Kategori: Interiør

Stemningsbilder fra leiligheten :) Eg tenner mykje lys!

Litt usikker på ka eg skal ha over tv'n.. Har ikkje kyst å skru nåke opp og ødelegge veggen før eg veit ka vi skal ha der.. No er det bare heilt tom. Men Vegard meiner det skal vere tomt, tv-området er visst hellig.. :p

Svake menneske

  • Skrevet 18.01.2015 klokka 02:02
  • Kategori: Innkjøp

Ups, denne kom litt spontant inn i familien.. Eg satt på Facebook ein kveld og kikka, då denne fine veska dukka opp på ei kjøp og salg gruppe for jenter i Kristiansand. Ho som tidligare hadde hatt den kjøpte den i oktober, og den var brukt 2 ganger. Ho sku heller ikkje ha så alt for mykje for den! No hadde jo ikkje eg tenkt å kjøpe ny veske, men eit sånn tilbud kunne eg ikkje la gå i frå meg :-p

Bare sjå, ein liten perfekt sak! Super til å ha med seg på byn og andre plassar kor dei andre veskene mine blir for store! Jo, heilt klart eit godt kjøp! Dessuten hadde eg nok ikkje kjøpt den om det ikkje var for at eg synes synd i meg sjølv då Vegard er i Bodø ;-)

#marckjacobs #veske #innkjøp #shopping

Helg!

  • Skrevet 17.01.2015 klokka 21:51
  • Kategori: Kvardag

Endelig tok eg og helg. Var ferdig på jobb kl 19 idag, så var det rett heim til fiskane.. Vegard er fortsatt i Bodø, så blir ein rolig og tidlig lørdagskveld på meg. Men sjølv om eg er aleine så har eg fortsatt fått i meg helgetacoen! Både i går og idag :-D

Fekk meg eit nytt sidebord denne veka. Litt usikker på om eg skal ha det eller ikkje, ønska meg egentlig eit HAY "don't leave me" bord, men det får gå for no. :) eg tenne så mykje lys no, satse på det gir meg litt varme i leiligheten :)

Grønnkålchips

Dum som eg er så har eg inngått ein avtale, med Mats og pappa, om at me ikkje skal eta chips eller snop før vi reiser til Usa i slutten av februar... Så då må eg finne alternativ til helgekosen! Eg gar lenge tenkt på å steike grønkål i steikeovnen, men no kom eg meg altså til å gjennomføre det, og ja, det var godt!

Kutt eller riv grønkålblada i ønskelig størrelse. Ha dei i ein bolle og hell litt olje over. Strø over krydderet du vil ha på, ikkje ta for mykje salt! Eg brukte chili, paprika, og salt & parmesan krydder :) Fordel blada på ei steikeplate og steik på 160-180 grader i ca 10-15 min. Følg med så blada ikkje blir svidd, men sprø. Oppbevar i romtemperatur!

Strikkeprosjekt!

  • Skrevet 09.01.2015 klokka 16:45
  • Kategori: Kvardag

Oi oi, ka er det eg har begynna på...? Vart akkuratt ferdig med den 4 Skappelengenseren min og hadde tråd igjen. Så då blei den eine julegaven i år, boka "Selbuvotten", tatt i bruk.

Det er første gang eg strikkar etter oppskrift i frå bok, så der kan jo bli spennande. Til no har alt går bra, sjølv om eg skulle ønska mamma var her og kunne henta opp igjen maskene som dette av pinnane...*oppgitt*.. Men, det er vel no eg begynne å bli voksen då ;-)

 

Vel, får sjå kor mange telefonar eg må ta til mamma før eg er ferdig med tommelhullet..:-p

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits