Ida Røssland

Interiørmesse med meir!

  • Skrevet 31.01.2016 klokka 21:19
  • Kategori: Kvardag

Etter jobb på torsdag reiste eg til Oslo. Det er endelig januar, og tid for interiørmesse i Lillestrøm. Siden eg ikkje jobber i interiørbutikk no, så var eg egentlig ikkje forberedt på at eg skulle reise, men når sjangsen var der så måtte eg bare vere med!

Det å kunne gå rundt å sjå på årets trender, nye varer, høyre litt foredrag og bare ha ein dag fylt av gode inntrykk av interiør, kler og smykker er kjempe gøy! Det er ikkje akkurat for alle, det å gå å trø i fra kl 10 til 17.. Heller for oss spesiellt interesserte ;-)

Årets trender er mykje det samme som i fjor, det skandinaviske, litt natur og rolige fargar. Fargar er viktig, no et det stopp på kvite veggar og sterilt (om vi skal følge ekspertane sine råd). Her er nåken bilder som viser litt av korleis årets trender/tendenser er:

Her er den nydelige standen til Secrets by B. For ei fantastisk hyggelig dame, og ikkje minst nydelige produkt. Årsaken til at vi snakka med ho var at det er nåken lokale damer heime i fra Rosendal som har styla og tatt bilder til katalogen hennes. Eg tok då nåken bilder for dei, slik at dei fekk sjå standen. Veldig flinke damer! :) Sjekk ut @Dianaousdal og @hildringjorunlarsen på Instagram.

Litt (masse) mat må ein ha etter ein lang dag. Vi var på Delikatessen på Aker brygge, og nøyt ein nydelig tapas og god vin. Avsolutt å anbefale.

Lørdag møtte eg bror min,Truls, for lunch på Solliplass. Vi gjekk på ein thai inspirert resturant, der vi fek servert fem forskjellige smårettar som vi delte på. Utrulig mange gode smaker, virkelig å anbefale om dåke er i Oslo!

Ei fantastisk innholdsrik helg, men mange inntrykk og mykje god mat. Gler meg allerede til neste tur! :-*

Festiviteter

  • Skrevet 28.01.2016 klokka 11:03
  • Kategori: Kvardag

Forrige helg var tung, men utrulig gøy!

Fredagen starta med ein liten togtur til Stavanger, der vi skulle ha årets nyttårsbord med jobben. For ein fantastisk gjeng eg er så heldig å ha til kolleger! På dagen hadde vi tidenes rebusløp i Stavanger sentrum, før vi hadde nyttårsbord med Casino Royal som tema. Det var nydelig mat, gambling, auksjon og dans til langt på natt.

Lørdag var det heim igjen i fra Stavanger og rett på senteretfor å finne antrekk for kvelden. Vi var nemlig på westernparty på Kjevik, med gode kolleger og venner. Her var det så absolutt topp stemning heile kvelden, både hos unge og mindre unge ;)

Eg kjenner det skal bli deilig å ha ei lity roligare helg no, sjølv om turen idag går til Oslo for Interiørmessa! Ein skikkelig jentetur, gler meg stort :-)

DIY: pompoms / dusk

Etter at eg la ut oppskrifta på Mariushua så har eg fått ein del tilbakemeldinga på korleis eg laga dusken i toppen. Eg huske eg lagte mange slike med mamma når eg var mindre, så dette satt heldigvis friskt i minnet mitt :)

Det er enkelt, bare følg min "steg-for-steg" under her. 

SAMSUNG CSC

1. Klipp ut to like store sirklar og klipp hull i dei.  Mine er 5 cm i diameter og hullet er ca 1 cm. Den passar perfekt til ei lita hue. Skal dusken være større, lagar du bare ein større sirkel. 

2. Legg dei mot kvarandre med hakket på motsatt side. Gjer klar ein mengde med tråd på nåla. Eg har lagt den dobbelt to ganger. 

3. Begynn å tre tråden gjennom papp-ringane, prøv å spre fargen utøve og dekk pappen. Blir du tom for tråd, så finn du bare meir. 

4. Skal du bruke fleire fargar, så kan du gjere det og. Pass bare på å ha nok tråd, det skal være trangt å få nåla gjennom dei siste gangane. Klipp av nåla.  Du treng ikkje knyte tråden fast.

5. Klipp forsiktig opp langs kanten. Prøv å komme mellom pappbitane for å få det beinast mulig.

6. No har tråden spredd seg, og det ser ut som ein ball. 

7. Lag ei løkke med tråden du skal feste med. 

8. Snurp tråden mellom pappbitane, og knyt godt til.

9. No kan du fjerne pappen, og dusken er ferdig! Friser den gjerne litt, om den er skeiv. Dette er bare sjarmerande. 

SAMSUNG CSC

Den gjer det lille ekstra, gjer den ikkje? :)

SAMSUNG CSC

 

#diy #marius #mariuslue #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk 

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #tips #triks #dusk #pompom 

 

DIY: Strikkehua 2-4 år

Eg har virkelig fått strikkedilla i det siste. Etter at det var salg på garn Europris har eg bare kost meg med posen med garn, og gleda meg over tinga som blir ferdige. Strikking er virkelig avslappande og ein sitt igjen med ein god mestringsfølelse når resultatet blir bra! :) Denne hua er laga på to kveldar med tv i bakgrunnen, så denne går fort!

SAMSUNG CSC
 

Eg brukte:

  • Garn: Trysil Barn og Baby fra Europris. Du treng ikkje eit heilt nøste for ei hue.
  • Pinne: 3 mm 40 cm og 3 mm 20 cm til toppen. 

 

Slik gjorde eg:

? Legg opp 102 masker på rundpinne nr 3 på 40 cm.? Strikk ei rett ei vrang i ca 2-3 cm. Deretter strikka eg mønster fra Mariusboka.? Når heile hua målte ca 18-19 cm strikka eg to og to masker sammen.? Deretter strikka eg 2-3 rundar med glattstrikk også strikka eg to og to masker sammen igjen på neste runde.Gjenta med å strikke glattstrikk 1-2 rundar før du trer tråden igjennom maskene og snurp til.? Eg festa og ein liten dusk i toppen

SAMSUNG CSC
 

Skal du strikke hue i str 3-6 mnd eller 12 mnd legg du opp 90 eller 96 masker.

Du kan finne mønsteret HER

 

#diy #marius #mariusgenser #Mariuslue #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga

#strikk #håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #skappelgenser #1år #2år #3år #4år #pompom

DIY: Mariusgenser 1 år

Eg kasta meg ut i det, og plutselig var den ferdig! På lørdag fant eg ut at eg skulle strikke ein liten Mariusgenser, bare for å sjekke om eg klarte å lese oppskrifta og få til rundfellinga. Eg har jo ein mariusgenser til meg sjølv på pinnane, men den tar liksom litt lengre tid.. Uansett, genseren blei faktisk ferdig i går! Så eg brukte bare fire dagar på denne genseren, men då satt eg å strikka heile kvelden.

SAMSUNG CSC

Eg har brukt:

Garn: Supewash fra Europris. 200 gram bunnfarge og litt fra eit nøste av kvar av dei andre fargane.

Pinnar: 60 cm rundpinne 3 mm, 20 cm 3 mm rundpinne og strømpepinnar 3 mm. 

Her har eg starta på armane. Eg måtte begynna med strømpepinnar, men når eg hadde akua til 46 masker sette eg armen inn på ein 20 cm liten rundpinne. Då er det å strikke armar ein drøm!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fant eg i Mariusboka. 

#diy #marius #mariusgenser #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #skappelgenser #1år 



Årets første...

  • Skrevet 16.01.2016 klokka 07:16
  • Kategori: Kvardag

Vi var oppe kl 06:00 idag, på ein lørdag.. Vi er litt usikre på om det er verdt det akuratt no, men om nåken timar er det nok god stemning! Vi er no på vei til Danmark!

Forrige lørdag brukte vi dagen like godt som vi skal idag. Vi hadde ein deilig mårning med ski på tv, før vi blei inspirert til å ta oss ein tur i Jegersberg sjølv! Det var veldig mykje folk i løypa, så det blei ikkje så lenge vi gikk.

På kvelden hadde eg "arrangert" date med ein hemmelighet på slutten! Og hemmeligheten var at vi var på Matoma-konsert i byen! Det var så god stemning :) Vegard blei i alle fall veldig glad for overraskelsen!

DIY Julepynt i leire

SAMSUNG CSC
Kanskje litt seint ute med denne DIY´en, men ein treng jo ikkje bruke figurane som julepynt! Dei kan fint brukast som merkelappar, bordkort, som coaster og pynt på ein uro eller lignande. Det var i alle fall ein veldig gøy ting å sitte å jobbe med, ein blei litt barn igjen. Så dette er ein aktivitet eg kan anbefale å gjere med barn :)
SAMSUNG CSC

Du treng:
  • Leire (kjøpt på søstrene grene)
  • Kjevle
  • Bakepapir
  • Sugerør
  • Kakeformer
  • Hobbylakk
  • Pensel
  • Snøre 
Slik gjer du:
  • Start med å kna ein leirebit til den blir litt varm
  • Kjevle den ut på eit pakepapir. Du velger sjølv kor tjukk den skal være.
  • Stikk ut med kakeformer
  • Bruk eit sugerør til å lage hull til tråden.
  • La figurane tørke i 1-2 dagar
  • Mal med hobbylakk fra Panduro. 


SAMSUNG CSC



Enkelt og fint, eller ka?
#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hobby #leire #leikmedbarn #lekmedbarn
#barn #triks #julegave #fødselsdag #merkelapper #tipsogtriks #rom123 #aftenposten 

Winterwonderland

  • Skrevet 14.01.2016 klokka 21:15
  • Kategori: Kvardag

Snøen er endelig komt til sørlandet! Det har snøa ei veke no, og det ser ikkje ut til at det skal gi seg heller. Brøytekantane er rimelig store, og mannskapet slit med å få brøyta vekk alt. Men ka gjer vel det? Snø gjer jo alt så mykje lysare og lettare!

Desse bildene er fra første dagen med snø :-)

Oppskrift: Biffwok med brokkoli

Denne retten hadde vi til middag forrige veke, og alt eg hørte under middagen var godlyd fra Vegard som nøyt kvar bit. Med andre ord; dette var suksess!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Ønska mengde rødt kjøtt (ca 400 gram)
  • Ønske mengde brokkoli (brukte nesten ein heil)
  • 1 stk Løk
  • 1 ts Pepper
  • 1 ts Salt
  • 1 fedd Hvitløk
  • 1 ts Revet, frisk ingefær
  • 4 ss Soyasaus
  • 0,5 ss Maisenna
    Blanda med 2 ss vann
  • 2 ts Sukker
  • 2 ss tørr kvitvin
  • 2 ss Matolje

Slik gjer du:

  1. Skjær kjøttet i strimler, skrell og finhakk løken og kutt brokkoli i små bukettar.
  2. Bland kjøttet med salt, pepper, ingefær og hvitløk, 1 ss av olja og halvparten av soyasausen. Bland godt og la det ligge i minst 1/2 time så smaken trenger inn i kjøttet.
  3. Varm olja i wokpanne eller gryte. Steik løken raskt i varm olje, i ca. 1 minutt - rør heile tida.
  4. Ha i kjøttet og rør rundt. Når du ser kjøttet begynner å få brunfarge så legg du i brokkolien og lar den få eit minutt i panna. 
  5. Bland inn sukker, resten av soyasausen og vinen sammen med maisenna og vatn. La koke opp, men husk at kjøttet ikkje må være for lenge i panna. Rør godt så sausen får blanda seg inn.

Server med ris

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fann eg på vektklubb.no

#oppskrift #middag #vektklubb #biff #brokkoli #matprat #godtno #matformons #heimelaga #hjemmelaga

Små gleder

Små gleder, men stor luksus er vel det vi kan kalle nysteikt varmt brød til kvelds? Eg trur kanskje eg har bakt brød aleine ein gang før, så dette er vel ikkje kvardagskost her i hus.!

SAMSUNG CSC

Brødet er ikkje heilt heimelaga då, men eg har i alle fall elta deigen, sett på den heve og steikt dei! Og bare det tok rimelig lang tid vil eg sei.. Uansett, no nyt vi varme skjever til kvelds mens Vegard ser på United-kamp og eg skal sjå Tid for Hjem.

 Kvardag altså! <3

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#heimelaga #nysteikt #brød #oppskrift #kvelds #matprat #godtno #brødmat #hjemmelaget

DIY: Lysestake i betong

  • Skrevet 11.01.2016 klokka 10:00
  • Kategori: Kvardag

Før jul hadde eg så mange prosjekt på gang at eg ikkje hadde mulighet til å dele alt. Eg kjøpte meg ein sekk med 25 kg betong, og sette i gang med friskt mot. Eg laga mange forskjellige lysestarar. Det einaste så var dumt var at eg ikkje hade lyshylser til å sette nedi betingen, så dei fleste stakane blei faktisk ikkje så fine som eg hadde forventa meg, då lysa ikkje sto beint. Nestegang skal eg bruke lyshylser! Uansett, eg fekk i alle fall laga nåken lysestakar som blei greie, og under deler eg metoden eg gjorde det på :)

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Fin betong (kjøpte min på Megaflis)
  • Isboks
  • Melkekartong
  • Tape
  • Tapetkniv
  • Olje
  • Lys eller lyshylser
  • Møbelknottar


Slik gjer du:

  • Start med å vaske og skjære til melkekartongen. 
  • Smør litt olje på innsida av kartongen. Dette er for at det skal være enklare å få betongen laus når den har størkna. 
  • Bland betong etter blandeforholda på pakken. Trur eg bruke 4:1, 4 deler betong og 1 del vatn. 
  • Rør godt og hell blandinga oppi dei smurte melkekartongane. 
  • Stikk eit lys nedi betongen. Neste gang skal eg bruke lyshylser, slik at eg ikkje treng å bevege på lyset når betongen skal størkne. HER finn du lyshylser.
  • La betongen stå å tørke ein dag og to før du tar den utav kartongen. 
  • Puss forsiktig vekk overflødig støv og sett på møbelknottar under. 

 

SAMSUNG CSC

No kan du male dei eller bare la dei være som deri er. Eg valgte å male halvparten av staken i sølv.



SAMSUNG CSC

Eg har og valgt å legge møbelkottar under stakane, så dei ikkje skal skrape opp bord og liknande. Veldig praktisk!

SAMSUNG CSC

#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hobby #betong #redesign #design #aftenposten #rom123 #hjemmelaget #heimelaga

Borddekking

  • Skrevet 08.01.2016 klokka 10:00
  • Kategori: Tips

Eg kom på at eg ikkje har delt bilder av borddekkinga fra vennejulebordet vi hadde heime i desember. Kanskje litt seint, men kanskje nåken kan hente litt inspirasjon til eit nyttårsbord eller lignande :)

Eit tips til borddekking er å ta naturen inn. Det er både gratis og gir liv til bordet.

SAMSUNG CSC

Eg brukte serviettar fra IKEA, Serviettringar har eg laga sjølv sjå HER, stjerner og juletre fra Søstrene Grene, store lys og bordkort fra Upstairs, Blomar HER og granbar fra skogen!

SAMSUNG CSC



SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ka syns dåke? :)

#julebordet #borddekking #bord #diy #redesign #tips #triks #interiør #interior123 #hjemmelaga

Oppskrift: Kyllingfilet med Aprikossaus

Dagens middag må eg dele med dåke med ein gang. Kylling med aprikossaus, nesten som på resturant her idag.Ja, det var like godt som du tenker! Den søte aprikosen mot den godt krydra kyllingen var ein deilig opplevelse. Enkelt og kjapt var det og! Bare å springe på butikken til i måro :)
SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Ønska mengde kyllingfilet (Vi tok 3 stk)
  • Estragon
  • Ein boks hermetiserte aprikoser
  • 0,5 buljongterning
  • Ein pose med ris
  • Olje til steiking
  • salt og pepper

 

Slik gjer du:

  • Sett risen på kok.
  • Dryss salt, pepper og estragon over kyllingfiletane og legg dei med krydderet ned i steikepanna. Ha på krydder på andre sida. Få ei lita "skorpe" rundt filetane, og skru deretter ned varmen på panna. La filetane ligge og kose seg til dei er gjennomsteikt. Snu gjerne på dei innimellom.
  • Sausen lager du ved å kjøre heile boksen med aprikoser og saft i ein blender. Bland inn buljongterning blanda ut i litt vatn, og evt krydder. Varm opp sausen før servering.

SAMSUNG CSC

#oppskrift#mat#middag #nklemat #studentmat #matprat #vektklubb

DIY: Coasters

For å unngå glassmerker på borda er det veldig praktisk med underlag. Det finnes så utrulig mange forskjellige variantar, men dei kjekkaste er dei ein lager sjølv :) Underlaga eg har laga gav eg vekk til svigermor Gunn til jul. Dei passa fint inn i stova, siden ho har fått inn nåken sennepsgule puter i sofaen :) Dei er veldig enkle å lage, og du treng egentlig ikkje så mykje av utstyr. 

Du treng: 
  • Sjablong finn du her!
  • Filt tynn. (tjukk filt finn du her)
  • Ulltråd
  • Nål
  • Skjæreplate
  • Hobbykniv, kuttehjul eller saks
  • Penn

 

Slik gjer du:

  • Kutt ut figurane du skal ha. Bruk kuttehjulet for å få fine kantar.
  • Legg to og to filtbitr oppå kvarandre om du bruker den tynne filten, og sy deretter rundt med ulltrå.
  • For å få kanten rundt slik som eg har, må du sy stinga slik som eg har gjort under. HER kan du sjå ein instruksjonsvideo på korleis du syr kanten rundt.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

#coasters #bordskåner #interiør #diy #bord #brikke #glassbrikke #gjørdetselv #aftenposten #interior #design #hobby

Nydelig dag i bakken

  • Skrevet 01.01.2016 klokka 19:44
  • Kategori: Kvardag

Rett og slett ein nydelig 1.nyttårsdag, bildene seier vel sitt?  Etter tre turar var vi så slitne i beina og låra at vi måtte litt på afterskien før vi kjørte heimøve.  Også fekk eg lufta den nye jakka mi, kul eller? :D





#haukeli #vågsli #hyttetur #vågslid 

Godt nytt år!

  • Skrevet 01.01.2016 klokka 12:56
  • Kategori: Kvardag

Godt nytt år! Dette er utsikten vi våkna til idag, og no viser faktisk sola seg og! Etter ein bedre frokost er det no klart for ein tur i bakken :)

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Dette var eit iherdig forsøk på å skrive 2016 med stjerneskudd..Etter sikkert 50 bilder fekk vi det til, og de beste bildet er det som er under.. Vi åt deilig kalkun, men overraskande god stuffing, og etter rakettane var fyrt opp hoppa vi alle i stampen og fekk oss eit godt nyttårsbad.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fyrverkeriet på Vågsli er ekstremt. Det er så mange hyttefolk som feirar det nye året her, så det mangla virkelig ikkje på fyrverkeri og smell.

Her er nåken bilder av nyttårsbordet, før vi åt :)

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Håpe dåke hadde ein like koselig kveld inn i det nye året, som det vi hadde!

#nyttår #newyear #hyttavår #haukeli #vågsli Borddekking #fyrverkeri #diy

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits