Ida Røssland

Mama I'm coming home!

  • Skrevet 25.02.2014 klokka 18:18
  • Kategori: Kvardag

Endelig på vei heim til Uskedalen og Rosendal! Det blir bare nåken dagar heime, siden eg må til Oslo på fredag:) Før eg reiste idag hadde eg ein liten eksamen, som eg rekner med gjekk heilt greit. Skal bli deilig med nåken fridagar no :)

Bodøhelg!

  • Skrevet 18.02.2014 klokka 17:42
  • Kategori: Reiser

Å, som eg har kosa meg i helgo! Bodø var fint, helg med Vegard var endo bedre:) Eg fekk omvisning på basen, og kor han jobba. Spennande for ei som ikkje sjønne bæret av f-16 og sånne ting:-p Sjarmør som han er "feira" vi valentine med taco i messa(...), men eg fekk pizza på lørdagen då:) No er det heldigvis bare 1,5 veke til han kjeme heim for heile mars!

Forresten, sjekk dei fjella! Neste tur eg skal opp må eg ha med meg kamera, for detta var bare heilt nydelig!

Bodø!

  • Skrevet 14.02.2014 klokka 12:16
  • Kategori: Reiser
Igår landa eg i Bodø! Då eg satt i Bergen på mandag så fekk eg for meg at eg skulle reise til Bodø i helga. Flybilletten blei bestillt, og plutselig var eg her! Har ikkje akkuratt fått sett så mykje enda, med tanke på at det var mørkt når eg kom og Vegard er på jobb no. Så akkuratt no sitte eg inne på kasserna hans og er innesperra på leir.. Jaja, eg har nå OL på tv og internett på pc'n, så eg overleve nok dei timane han har igjen. :)

Super Bergenshelg!

  • Skrevet 09.02.2014 klokka 23:05
  • Kategori: Kvardag

Gud for ei fantastisk koselig helg eg har hatt i Bergen! Fredag var eg med pappa på Potetkjelleren og hadde ein nydelig 6-retters, og lørdag var det shopping og eiring av Ruth sin 22 års dag :) Er så glad for at eg reiste til Bergen denne helga, er så kjekt å sjå alle jentene igjen :)



Vi har og feira mødrene våras i kveld, med ferske og gode skillingsbollar! <3

Tips til studenten: husk det du leser

  • Skrevet 07.02.2014 klokka 15:52
  • Kategori: Kvardag

Kom over ein artikkel på nettet som er genial for oss studentar som slit med alt pensumet vi har. Eg sjølv er ikkje spesiellt god til å lese, og om eg les så kan du vere sikker på at eg ikkje huskar kva eg har lest 5 min etterpå.. 

Tomas Dalstrøm som er forfattar av boka "Best i text", meiner at dagens multitaskingkultur er eit hinder når det gjeld å få informasjonen vi les "programmert" i minet. Vi gjer for mange ting på eing gang, og sjekker stadig sosiale medier, mail og sms, som igjen gjer at hjernen ikkje får nok ro til å fokusere på ei oppgåve. Dette kjenner eg meg veldig igjen i.. Tv'n står på og mobilen og ipaden ligg stadig ved sidan av meg. 

Tips for å huske det du les:

1. Begynn tidelig, det er bedte med ein time om dagen enn ti timar ein dag.. Det tar tid for hjernen å sette samen ny informasjon til eit mønster og til forståelse. Før det kreves refleksjon med pausar innimellom. Denne kan eg vere med på.. Eg er svært god på å nilese, og ikkje få med meg noko.

2. Bruk mobilen for å repetere. Skriv ned det du ønsker å huske, sett på alarmen - forsøk å huske- og sjekk fasit. Gjer det feks på bussen eller andre stader du har tid til overs. Det å bruke mobil som eit element til repitisjon blir for meg bare fiasko. Tenk på alle andre mulighetene ein har med ein telefon? Facebook, Instagram, Snapchat og Candy Crush? Nei, mobilen må vekk for min del..

3. Stol på hjernen din. Den arbeider heile tida utan at du er oppmerksom på det. Den kobler det du repeteret til den informasjonen du allerede har i langtidsminnet, sorterer og skaper ein ny forståelse og kunnskap om det. Merkar sjølv at når eg er inne i ein eksamensperiode, og etter, at eg tar meg sjølv i å bruke teorien i faga i dagliglivet. Eg sammenligner og sett ting inn i teoriar. Ubevisst har eg altså lært noko, Jippi!

4. Les i 50 minutters intervallar i fred og ro. Slå av mobilen og unngå å sjekke sosialemedier på pc eller padde. Til og med musikk som du likar forstyrrer læringa. Ta ein kort pause og start på igjen. Vil og legge til at det mest sansynlig er best å ikkje lese heime. Oersonlig så finne eg alltid andre ting eg "skal bare" gjere først.. Så plutselig er klokka 18 og dagen er over.


Kilder: allastudier.se

DIY: Vimpel

  • Skrevet 05.02.2014 klokka 17:40
  • Kategori: DIY: Sy

Ein del av  julegaven til tantungane mine var vimplar til barnerommet!  

Du treng ikkje mykje for å sy ei vimpelrekke, det du treng er stoff i glade fargar og skråband! 

Det første du gjer er å tegna eit mønster, altså størrelsen på vimpelen. Eg valgte 15cm bredt (øverst) og 15cm langt (fra midten øverst til vimpelens spiss). Tegn opp på stoffet og klipp ut. Husk å ikkje klipp heilt inntil mønsteret, men litt utfor. Eg har lagt stoffet dobbelt då eg kjøpte 30 cm bredt stoff, slik får eg to og to like vimplar. 

Legg vimpelen rette mot rette, og sy sammen mot spissane. 

Vreng vimpelen rett og stryk!

Deretter er det bare å sy på skråbandet, og voila!

Vilde var i allefall i himmelen når ho pakka opp si vimpelrekke! Tenk å bli så glad, det gjor i allefall godt :)

Interiør wants 2

  • Skrevet 04.02.2014 klokka 17:02
  • Kategori: Interiør



Lamper fra Northern Lightning, Hushylle fra Bloomingville,  Fjærpute, Sofa fra Bolina HER, Stolar i fra Arne Jacobsen i verdens kulaste fargar (DIVINA MD 813 - MINT OG DIVINA MD 213 - WARM SAND) , men med tanke på at ein stol kostar 6000 euro så er jo det litt vel urealistisk.. Ein god kopi HER

Veke 6

  • Skrevet 03.02.2014 klokka 07:16
  • Kategori: Vekeplan

No er det bare 26 dagar til Vegard kjeme heim og skal vere heime i ein mnd. Måtte dei 4 neste vekene gå kjempefort og at eg har mykje å gjere. :)  

Denne veka har eg i allefall fullspikka. Jobb og skule mandag til onsdag, før eg reiser til Oslo på torsdag og har forelesing i metode til bacheloren. Synes egentlig ikkje det er så stress å reise til Oslo, er eigentlig ganske gøy :)  Fredag reiser eg og Kristin til Bergen for å feire Ruth i helga! Det blir så gøy, skikkelig "slumber party" :D Blir godt med nåken dagar hos Marte og Ruth, eg reiser ikkje tilbake til Kristiansand før mandags kveld :)



Oppskrift: Proteinrike sjokolademuffins

Sidan Vegard har reist i fra meg trengte eg nåke godt å kosa meg med i kveld. Eg har kjøpt meg nye muffinsformer, så det frista veldig å ta dei i bruk! Eg fann ei god oppskrift hos Kristine Weber. Veldig enkel og fort gjort, og i tilegg samak den heilt himmelsk! Eg toppa muffinsen med philadelphia sjokolade. *Nam*

Det du treng er:  2 egg  1 ss kesam  30 g sukrin gold  20 gr mandelmjøl  20 gram sjokoladeprotein ♥ 1 toppa ss kakao  1 ss sirup (yacon, agave, honning) ♥ 1 klype salt

 

Start med å skilla egga i to bollar. Pisk plommene samen med kesam, sukrin og sirup. Tilsett deretter proteinpulver, mandelmjøl, kakao og litt salt og rør samen til ei seig røre. Stivpisk så eggekvitene til dei er heilt stive og vend dei inn i sjokoladerøra med ein slikkepott. Fyll opp muffinsformene og steik på 175 grader i ca 12- 15 minutt avhengig av størrelsen på formene. 

 

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits