Ida Røssland

Sjokado mandag!

Idag er eg heime frå skulen. Heldigvis ikkje fordi eg er sjuk, men rett og slett forslått! Igår var vi nemlig på Aquarama og hadde leigd ei surfebølge. Og fy søren for nåken knall og fall det blei.. Ein time med surfebølge resulterte då i at eg ikkje hadde sjangs å lette hovudet i frå puto idag.. Så for å trøsta meg litt så laga eg havregrynspannekaker med sjokado på! Sjokado må ver heilt genialt, avokado med kakao i. 

Du treng: 1 avokado  4 ts kakao ♥  3- 4 ts sukrin  ei klype salt   4 dråpar søtning  1 spskj kesam

Bruk ein stavmikser og bland alt godt sammen :)


Oppskrift hos Linda

Kyllingform med byggris

Idag blei middagen veldig enkel, men god. Eg hadde bare alt av grønsaker vi hadde tilgjengelig som brokkoli, blomkål, løk og søtpoteter i ei form. Heiv over steikte kyllingbitar og bacon og blanda alt ilag med ein boks med kokosmjelk. Krydra godt, litt ost på toppen og inn i ovnen på ca 200 grader til grønsakene begynna å bli klare :) Enkelt og godt. Eg hadde og byggis ved sidan av :) 

#hjemmelaga #middag #trening #sunt #godt #grønsaker

Oppskrift: Sjokoladekake

Kvar dag er ein fest, eller ka? Og sidan det er lillelørdag idag passa det godt med oppskrift på ei fantastisk god sjokoladekake :) På søndag fekk vi i allefall veldig lyst på nåke digg, og sjokoladekake er virkelig ikkje nåke vi ete kvar dag, eller kvar mnd :p Oppskrifta fant eg på godt.no og gjore litt om på den alt etter som :)



Du treng: 150 gr smør  30 gr kakaopulver  3 egg 3 dl sukker  150 g kveitemjøl  1 ts bakepulver

Start med å smelt smøret og bland det saman med kakaoen og pisk sukker og egg til eggedosis. Bland smør og kakao i eggedosisen og sikt derretter inn det tørre. Eg steikte det i ei stor smurt ildfast form som vi bruker til lasange. Steikte den på 180 grader til den var klar, altså ca 15-20 min. 




Til glasur blei det litt "ta det man har". Eg smelta smør og blanda kakao inn. Deretter brukte eg litt maisena og kokte opp. Det blei litt for lite så eg tilsatte litt mjelk. Her har eg altså då ingen oppskrift eller aning på kor mykje eg brukte av kvar ingrediens :) Toppa kaka med kokos! Den blei nett som Ann-Helen lagar den :D

PS: Ja, den er like saftig og god som den ser ut ;)

Fagdag og havrafting

  • Skrevet 22.03.2014 klokka 14:30
  • Kategori: Kvardag

Igår var ein svart innholdsrik og kjekk dag på skulen. Vi klassekontaktane arrangerte fagdag med fokus på trening og ernæring. Dagen starta med foredrag og vi fekk servert ein fantastisk lunsj og at eg vann ikkje mindre enn to(!) vinflasker på vinlotteriet :D er tredje fredagen eg vinn no, så dei andre på ksulen synes ikkje det er kjekt lenger ;)


Vi hadde og ein bonus for dei 25 første påmeldte, nemlig havrafting i skjærgården! OG wow, for ein opplevelse det var! Det er virkelig godt å kjenna at ein lever, for å sei det slik. Når ein hopper på 4-5 meter høge bølger er det eit ganske heftig smell som kjem når du lander igjen. Sto med beina i 90grader i nesten 40 minutt i strekk, men overraskande nok så kjente eg det mest i rompa idag (blåmerke :p ) Vi blei suita opp i nåken fantastiske drakter

,

Her er eit bilde av meg før og etter turen. All sminken er vekke og ansikt og hår er fulle i saltvatn.. Fantastisk opplevelse, kjekt å ha prøvt!



interiør wants 3

  • Skrevet 20.03.2014 klokka 19:31
  • Kategori: Wants

Heilt sidan eg såg desse bildene når eg var liten har eg vore forelska i dei. Fargane og alt bare stemmer og er heilt meg! Eg har jo sjølvsagt ikkje råd til å ha dei ekte varene på veggen, men har eit håp om å kunne ha desse "kopiane" i frå Bohus ein dag! Dette er faktisk einaste bilda eg har sett og har likt skikkelig godt, og eg har sett etter mange..  Bilda blei og godkjente av mannen i huset!! Han sa: "Isbjørnar er jo kult! Svære dyr"  * hurra*  Vebjørn Sand i mitt <3


Stort isbjørnbilde, 110 x 55 cm 


Fjellbilde 65 x 50cm 




Isbjørnbilde 20 x 18 cm   eller  Isbjørnbilde 60 x 50 cm 

 

Dette er jo "bare" dei bildene som ligg på Bohus si heimeside, men det er bilder i denne kategori som er favoritt. Kan og være andre bileter med liknande motiv. 

19.03.2014

  • Skrevet 19.03.2014 klokka 22:19
  • Kategori: Kvardag

Puh, for ein lang dag! Våkna opp kl 07 til ein melding om at ei på jobben var sjuk, og om eg kunne jobbe kveldsvakta for ho. Det kunne eg jo forsåvidt, så etter ein lang dag med bachelorjobbing sto 6 timar med jobb på senteret for tur. Det må ha vore dei 6 lengte timane i mitt liv... Det har vore lite folk på senteret dei siste vekene, men idag tok det kaka..Heldigvis var Therese på jobb tvers over gangen, så eg hadde nåken å snakke med :) Når eg endelig kom meg heim så låg Vegard slengt på sofaen med Unitedkampen på tv´n.. Idag er han glad, dei leder jo 3-0! Og gjett om han blei endo gladare når eg sa det blei tacolefsepizza med pepperoni til kvelds! *seier* 

No har husfreden senka seg og eg er klar for kveld og ein ny, og ganske lik, dag i morgon, god natt! :)

Oppskrift: Gulrotmuffins

Idag er det lillelillelørdag, og kva passar ikkje bedre då enn ei oppskrift på muffins som dempar søtsuget? Eg var så heldig i å ha alle ingrediensene i hus, så då blei det desse. Du treng: 2 egg  60 g mandelmjøl  30 g kokosmjøl  1 ts bakepulver  1 dl mager kesam  30 g sukrin gold  1 ts kanel ♥ 1/2 ts kardemomme ♥ 1 reven gulrot 

Pisk samen egg og sukrin til eggedosis og pisk forsiktig inn kesamen. Tilsett deretter alt det tørre og ei reven gulrot (tilpass dette etter størrelsen). Etter at eg hadde rørt rundt så merka eg at deigen blei alt for fast, så eg tilsette vatn til den blei passelig. Bruk ei skei og fordel røra i ca 10 muffinsformer. Steikast på 170 grader i 12-15 min.

Til ostekremen brukte eg litt philadelphia blanda med sukrinmelis.


Konklusjonen blir vel at eg ikkjelagar dei igjen.. Personlig så synes ikkje vi dei smaka noko spesiellt godt:p Trur det nok ein gang er den store mengden med mandelmjøl so bare blir heilt feil. Neste gang er skal lage gulrotmuffins blir det ikkje med den mengden mandelmjøl :)

Oppskrifta er opprinneleg fra Kristine Weber.

#muffins #hjemmelaga #baks #trening #sunnmat

Kosekveld

  • Skrevet 11.03.2014 klokka 21:20
  • Kategori: Kvardag

Etter ein lang dag, som starta med trening på Elixia kl 07:00 *YES eg klarte å komma meg opp*, så er det endelig blitt kveld :) No skal vi kosa oss med ost og kjeks og forhåpentligvis ein ny serie :) Kanskje det er nåken som har serietips?:)

Veke 11!

  • Skrevet 10.03.2014 klokka 17:06
  • Kategori: Vekeplan

Eg har allerede starta veka med 8 km (!!) på mølla. Eg er så stolt :D At eg klarte å holda ut så lenge, utan å gå, er fantastisk. Eg er visst ikkje så gale trent som eg sjølv trur. Eg har og funne ut at om eg trenar på morgonen så får eg ein mykje betre dag. Eg et bedre og slepp å sitte heile dagen og "planlegge" når eg må gå i frå skulen for å trene. Trener eg tidlig er det heller ikkje så mange folk der, heilt supert ! :) Slik ser veka mi ut:

 

Om eg klarer å gjennomføre denne veka vil eg sei eg er svært fornøyd på treningsfronten! Kan nok ikkje love noko, men det er bedre å ha ein plan enn ingen. Ikkje sant? :)

Fremsnakk: Lida Stuhaug

Litt framsnakk er ein fin start på veka! 

Linda Stuhaug er ei 20 år gammal jente som  er utrulig inspirerande og flink til å lage gode og smakfulle rettar.  Ho bloggar om sin store lidenskap for ein sunn livsstil. Rettane er heller ikkje så innvikla å lage, så det er nok noko som dei aller fleste klarar. På bloggen sin har ho tips og oppskrifter på sunne alternativ ti frokost, lunsj, middag, kvelds, snacks, bakst, kaker, dessertar og meir. Den siste mnd har ho i allefall inspirert meg til å kokkelera litt ekstra på kjøkkenet. Bare ta ein kikk på bildene under, er det ikkje firstande? Anbefalar verkeleg ein tur innom bloggen hennar. :)

'

Middag og lunsj!


Bakst og dessert!



11 speltlompetriks!

 

Oppskrift: Sjokolademuffins med sukkerfri vaniljekrem

Vi har kosa oss så med besøk i helga! Etter at Gunn og Jan hadde reist heim for helga så rydda og vaska vi heile leiligheten. Vegard skrubba steikeovnen til den store gullmedaljen i sikkert ein time! Vi fann ut at ei real belønning var fortjent, så no har vi laga sjokolademuffins. Det var jo gjort på 1-2-3 sidan eg hadde ein pakke fra funksjonellmat ståande. Så for å gjere den litt meir avansert så laga vi og heimelaga vaniljekrem, utan sukker. :)  Oppskrifta på vaniljekremen er nok ein gang henta hos Linda Stuhaug.

Til sukkerfri vaniljekrem treng ein:

5 dl mjelk  45g sukrin  2 vaniljestenger  30 gr maizenna  3 eggeplommer  

Start med å blande mjelk og sukrin i ei panne. Del vaniljestengene og skrap ut frøa med ei skei, og ha både frøa og stengene oppi mjelkeblandinga. La dette varme seg opp til kokepunktet, og sett blandinga til side og la det stå å trekke seg litt slik at vaniljen får avgitt smak.  I ein bolle for seg sjølv pisker du eggeplommene og maizennamjølet i lag. Ta vaniljestengene utav mjelkeblandinga og tøm halvparten av blandinga over i bollen med egg og maizenna. Rør rudt før du heller alt saman tilbake i kjelen og varmer opp på ny. Hugs å rør heile tida. Når blandinga når kokepunktet så er den begynna å tjukne, så då kan du trekke den til side. Den skal då være passe tjukk, som vaniljekrem, om ikkje la den stå litt lenger på plata. Så enkelt!

Vi hadde altså ein dæsj med vaniljekrem i midten av sjokolademuffinsen før den skulle i ovnen. Og resultatet var himmelsk! Og det beste av alt, kakemixen smaka faktisk godt. Til og med Vegard godkjente den som sjokoladekake. *tommel opp* :D No skal vi kosa oss med resten av muffinsane og sjå på White Collar, er heilt hekta:D

Fantastisk start på helga

  • Skrevet 07.03.2014 klokka 17:36
  • Kategori: Kvardag

For ein god start på helga! Først sto eg opp med Vegard og var på Elixia før kl 07:30. Der fekk eg sprunge litt intervallar og trent styrke. Etterpå tok eg turen opp på skulen jobba godt med eksamensoppgåve i internasjonal markedsføring fram til 15:00. Kl 12 kom eg plutselig på at eg tidligare i veka hadde kjøpt lodd til vinlotteriet vi har, og når eg i tilegg vant så var fredagen komplett! :D 

I helga har vi og besøk av Gunn og Jan, foreldra til Vegard, så dette blir ei fin helg :) No skal eg og Gunn på IKEA  *hurraa* :D

Back on track

  • Skrevet 02.03.2014 klokka 12:45
  • Kategori: Kvardag

For ei fin helg og søndagsmorgon! Fredag kveld kom eg heim og denne gangen var Vegard med meg og. Endelig skal han få vere heime i ein heil mnd før han må på nord igjen! Det er so godt å ha han heime :)  Eg har starta dagen min med oppgåveskriving og ein superfrokost, det gjer meg så motivert for trening så eg trur det blir ein tur ned på Elixia idag. Det er i alle fall planen om ikkje Vegard har ombestemt seg då.. I natt har vinteren meldt sin ankomst igjen.. Reknar ikkje med den har tenkt å vere lenge (?), for eg er så klar for vår og varme no! 

#hjemme #vinter #snø #lekser #kristiansand

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits