Ida Røssland

Den omvendte båt

  • Skrevet 29.06.2014 klokka 17:45
  • Kategori: Kvardag

Idag har eg og Mona vore på Kristiansands høgaste punkt, 233 moh. Som Vestlendingar så er vel det ikkje akkuratt noko å skryta øve, men no kan vi i allefall skrive under på at det ikkje er eit fjell.. Når eg var på butikken i går fekk eg nemlig beskjed om at dette var ein sjukt tung og slitsom tur, og at eg måtte være forberedt på å bli utslitt. Vel vel.. :p Men uansett så var det jo ein fin tur, ein ekte søndagstur! Gler meg bare til fjellturane heime i sommar :D 


















Dyreparken

  • Skrevet 24.06.2014 klokka 20:48
  • Kategori: Kvardag

Forrige veke var eg så heldig å hadde fire dagar besøk av verdens beste tanteungar, Malin og Vilde! Og om vi har kosa oss her i sommerbyen? :D Vilde snakka mykje om dyreparken og at ho skulle sjå sebra. Når ho kom der blei nok ho, og vi andre, mest fasinert øve løvematingo. Det var kult det! Det er lenge sidan eg har vore i parken og bare gått rundt slik. Eg pg Trine konkluderte med at det må ha vore når lillebror vår, Mats, var sånn 4 år. Med andre ord, alt for lenge sidan. Det er jo så koselig :)



Tog var stas! Me kjørte ikkje bare ein gang..





<3







Årets nye attraksjon; Gepard












Dette var kanskje noko av det morsomaste. Dei to som kjørte trikken levde seg så ekstremt inn i rollen, det var heilt fantastisk. På eit tidspunkt sto det ein bil på skinnene, då vart dei heilt forskrekka og begynna å diskutera med kvarandre, mens dei fortsatt spelte rollene som trikkefører. Dei løyste det heile med ein sang!


Gaupe







Her bar dei gjort om Skomakergata til ein liten afrikansk by.





Eg og Kjetil fekk ta tømmerrenna!! :D Obligatorisk. Neste gang skal eg ta den maaange ganger.  Eg kan forresten ikkje forstå at eg har turt å ta den før, for det var jo faktisk litt skummelt å stå på toppen av stupet. :p

Malaga vol.III

  • Skrevet 23.06.2014 klokka 21:45
  • Kategori: Reiser

Mi fine spreke mamma! Love you!

 Vi har alltid hatt lyst å prøva fish-spa, men har liksom aldri komt oss til å gjere det. Herregud kor rart det var! Fiskane var jo reine kjøttetarane.. Vegard blei faktisk bitt til blod, og dei jobba kraftig med å få i seg mest mulig av det..:p



Tapasresturant





Min fine <3

Spania tapte første VM-kampen sin, men det var alikevell liv i byn.

På naboresturanten var det nok bra liv heile kvelden ;)

Takk for ein nydelig fin tur! :)

Wannabe Birkenstock

  • Skrevet 23.06.2014 klokka 21:35
  • Kategori: Innkjøp

Her er garantert det beste kuppet i frå Malaga!  Eg har lenge sett på Birkenstock-sandalane og tenkt at nåke så forferdelig skal eg aldri gå med. Det minnar om helsesko, og slik som sjukepleirane går med på jobb.  Men så.. Kor kule var ikkje desse?? Dei er så "stygge" at dei blir RÅ! :D Til og med mamma måtte innrømme det. ;) Det beste av alt? Dei kosta ikkje meir enn 22 ?  :D I måro skal eg ha dei på meg på jobb, og det er på ein interiørbutikk ;)

#birkenstock #sølv #shopping #sommer #sko

10 days

  • Skrevet 23.06.2014 klokka 17:43
  • Kategori: Kvardag

Ny veka og mandag! Idag har eg vore på jobb og skal jobba dei neste 10 dagane, før eg tar ferie og reiser nordøve :)

I morgon skal vi gjera om på butikken, så vi har salg på mange varer. Så når endelig teppet eg ønska meg kom på 70%(!!), då måtte eg slå til. Oog, eg følte eg måtte kjøpa eit anna og. Det er jo så kult? Patchwork med lær, rått! Lurer bare på kor eg skal gjere av det.. Kan tenka meg Vegard ikkje syns noko om det, men han får læra seg å lika da ;-)

Malaga vol.II

  • Skrevet 20.06.2014 klokka 12:32
  • Kategori: Reiser

Her kjem litt fleire bilder i frå veka i Malaga. Eg tok så utrulig mange koselige bilder, så det var vanskelig å velge ut nokre få. :)






















 

Shopping i Malaga

  • Skrevet 18.06.2014 klokka 16:10
  • Kategori: Innkjøp

"Heldigvis" var det litt overskya ein dag, så me fekk brukt litt pengar ;)  Vegard hadde jo vore i Malaga før, så han var litt kjent. Vi googla oss fram til Plaza Mayor, og hoppa i taxien, klare for shopping. :D Vi hadde jo med oss to mannfolk, så vi kunne ikkje vere på senteret heile dagen, men eg syns virkelig vi var effektive eg! ;)

Heilt forelska i denne lange blomsterkjolen. Måtte ha den!

Nydelig maxiskjørt.

Skoo <3

Fekk endelig kjøpt meg ei kvit buksa! Til 22¢ var prisen virkelig ikkje noko å sei på. 

Og ikkje minst, verdens kulaste "Birkenstock"! :D



Malaga vol.I

  • Skrevet 18.06.2014 klokka 00:01
  • Kategori: Reiser

Vi er heldige altså! Forrige fredag, etter bacheloravsluttningen, reiste eg til Flesland for å møta Vegard. Vi visste ikkje noko om kortid flyet vårt gjekk, bare at det var tidlig på lørdagen. Kl 02 kom mamma og Harald, og vi kunne venta på å få sjekka inn bagasjen. Harald klarte å holda seg, så vi hadde faktisk ingen aning på kor vi skulle reise til før vi boarda ombord på flyet. Turen gjekk til Malaga! :D Vi har hatt ei nydelig veka der nede. Sol, shopping, god mat, drikke og ikkje minst selskap.:) 































Bacheloravsluttning

  • Skrevet 06.06.2014 klokka 20:54
  • Kategori: Kvardag

Endelig var det tid for å sjå alle i klassen igjen. Etter at dei fleste har lukka seg inne på eit grupperom dei tre siste vekene, var det godt å få snakka saman om noko anne enn skule og oppgaver! Eg har vore på skulen sidan kl 15 for å dekka bord og dekorert klart til festen. Gu sø gøy eg har hatt det aleine. Eg har jo blåst opp over 50 heliumsbalongar.. :p Sku ønska eg kunne vore lenger, men på grunn av blåturen i morgon så sitte eg på Kjevik no. Pytt pytt, eg fekk heve i meg noko tapas og kvelva nedpå nåken glas med raudt før eg sprang inn på flyubssen :) 

Det er egentlig ganske vemodig at denne gjengen no skal gå eigne vegar. Samholdet og vennskapet alle vi på skulen ahr fått til kvarandre er heilt unikt. Måten vi kan ta kontakt med administrasjonen og forelesera er heilt fantastisk, vi blir alle som venner.  Det er ingen andre BI-skular som har muligheten til å ha det slik som oss. Som BIS-lederen seier; BI-Kristiansand, den vetle skulen med det store hjerta :)















Avsluttning med klassekontaktane

  • Skrevet 05.06.2014 klokka 01:33
  • Kategori: Kvardag

Å for ein fin kveld vi har hatt i dag. Eit knippe av oss klassekontaktane på skulen var samla for litt kos før skuleåret er øve. Heldige som vi er fekk vi gå på ein av Kristiansands finaste resturantar, nemlig Bølgen og Moi. Ikkje fullt så heldige med været då, men kva gjer vel det i så godt selskap? Til hovedrett fekk eg dagens fangst fra Fiskebrygga, som var steinbit med rotgrønsaker, og tiil dessert blei det tidenes kaloribombe, sjokolademousé med brownies og kirsebær. Vi rulla nær ut på kaien etterpå. Det var mykje liv på fiskebrygga idag. Først kunne vi ikkje heilt forstå det, men når vi høyrte høg musikk i frå Odderøya forsto vi at det var i dag Alice Cooper og Aerosmith skulle ha konsert rett bak. Foråseidasånn, det var godt når folkemassen gjekk på konsert. Endelig rolig og ein hadde mulighet for å snakka :) Vi hadde ei koslig avsluttning i lag. Og som klassekontaktar i år har vi vunnet pris for årets nyskaping, då vi arrangerte temadag med havrafting og foredrag. Gøy! Therese, fagansvarlig, har vore så flink :) Kjem nok til å savna det å være engasjert elev på skulen no. Vi har det så kjekt i lag! :)

Veke 23

  • Skrevet 02.06.2014 klokka 11:12
  • Kategori: Vekeplan

Veka mi er ganske grei egentlig. No som eg ikkje har skuearbeid å jobba med, så går dagane kanskje litt seint. Det blir litt avslutningar denne veka, sidan siste frist for innlevering av bachelor er på fredag. Det eg gler meg mest til er lørdag. Eg anar ikkje kor vi skal på tur!  Mamma har kjøpt solkrem, så eg satsar på det er varmt :)

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits