hits

Ida Røssland

Tapas: Asparges og båtpoteter

Asparges og urtebakte poteter er noko som kan serverast til eit kvar måltid. Om det er til eit deilig stykke kjøtt eller til tapasbordet. 

Asparges med spekeskinke:

Du treng:

  • Fersk asparges
  • Spekeskinke (eller anna skinke)
  • Olivenolje
  • Pepper

Slik gjer du:

  • Knekk nederste del av stilken av, det den knekk naturlig. 
  • Surr skinke rundt aspargesen og legg på eit bakepapir.
  • Ha over litt god olivenolje og kvern over litt pepper. 
  • Steik i 12 min ved 180 grader.

Urtebakte poteter:

Du treng:

  • Amadinepoteter (eller andre poteter som er fine å bake i ovnen)
  • Rapsolje
  • Timian, basilikum eller oregano. Alt etter kva du vil ha.
  • Salt og pepper 

Slik gjer du:

  • Del potetene i fire
  • Bland sammen alle ingrediensene og hell over potetene
  • Steik ved 220 grader i ca 25-35 min. (Avhengig av størrelsen p+å bitane, dei skal være gjennomsteikt)

#godtno #middag #tapas #matprat #poteter #asparges #fingermat #snacks 

Nytt stovebord

  • Skrevet 29.06.2015 klokka 15:46
  • Kategori: Interiør

Endelig har eg fått laga meg eit nytt stovebord. Eg blei faktisk overraskande fornøyd med det, og eg trur og at fargen/beisen på det kjem til å vokse på meg. Det forrige var jo malt kvitt, så der viste absolutt alt, og eg følte det aldri blei reint. Eg skal sjå om eg kan få lagt ut ei oppskrift på det snart :)

#bygg #bord #stuebord #uterom #stue #byggdetselv #side2 #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips #hverdagstips 

Party time!

  • Skrevet 28.06.2015 klokka 19:28
  • Kategori: Kvardag

 Vi hadde jo egentlig tenkt å ha ei rolig helg før Palmesus neste helg, men når naboen og kollegaen til Vegard ringte å spurte om vi ville komma på ein litt forsinka bursdagsfeiring, så takka jo ikkje vi nei! Heile kvelden var ein stor suksess som enda i eit storslagent taco måltid hos Helge kl 05 i dag tidlig! Eg trur ikkje vi kom oss i seng før klokka nærma seg 09 i dag morges.. Ein del av bildene som blei tatt i går egna seg virkelig ikkje på nett, så her er nåken av dei bedre! :)


Barbourjacket

  • Skrevet 28.06.2015 klokka 19:04
  • Kategori: Innkjøp

Endelig, endelig har eg kjøpt meg denne jakka! Eg har ønska meg ei slik jakke frå Barbour i nåken år no, men alle forskjellige modellane eg har prøvt har alltid vore så rare i fasongen. Så eg blei veldig glad då eg fant denne enkle og tidløse jakka til 40% på IMAGE! Eg fekk og kjøpt meg eit par kvite sneakers fra Asfvlt på 50%. Totalt for begge desse plagga betalte eg faktisk ikkje meir enn 1500 kr! Kupp :)



Oppussing: Nytt kjøkken

 

På det året vi har budd her i leiligheten så har eg pussa opp stova og badet. Det siste som gjensto no var det triste kjøkkenet vi har hatt.. Gult, slitt og utdatert.. Eg kvinna meg opp ein dag, handla maling og satte i gang. Det heile var egentlig gjort på ein dag! 

 

Slik gjorde eg:

  • Ta ned skapdørene og legg dei horisontalt slik at det ikkje malinga renn når den tørkar.
  • Vask skapdørane godt med salmiakk.
  • Puss lett over med fint sandpapir og tørk vekk støvet.
  • Rull over med eit strøk med Jotun Heftgrunning og bruk ein fordriver (ein brei pensel) til å stryke over etter rullen.
  • La det tørke og puss lett over med fint sandpapir.
  • Ta deretter to strøk med LADY Supreme Finish Halvblank og bruk fordriver her og. 
  • Pass på at det tørkar godt mellom kvar av strøka. 

Tips:

  • Til desse kjøkkenskapa så brukte eg maks 1 liter Heftgrunn og kansje 2 liter med LADY Supreme Finish. 
  • Eg mala og veggen bak i samme farge som resten av spisestova.
  • Handtaka har eg faktisk bestilt på Ebay! Der fekk eg 22 stk til den nette sum av 171 kr(!). Skulle eg ha kjøpt dei på IKEA så hadde dei kosta 49 kr for to stk. Snakk om kupp! Du kan finne dei HER
  • Sjekk gjerne ut denne filmen her for tips! 

FØR:





ETTER:







#DIY #Gjørdetselv #hjemmelaga #GDS #kjøkken #oppussing #jotun #klikk #maling #føretter #før #etter #nytt 

Tapas: Chilimarinerte kyllingspyd

Du treng:

  • 1 kg kyllingfilet
  • Grillspyd i tre
  • 2 dl rapsolje
  • 2 ss Sweet chilisaus
  • 1 finhakka chili utan frø
  • 3 ss Akasiehonning
  • Sitronsaft
  • Salt og pepper

 

Slik gjer du:

  • Lag marinaden: bland olje, sweet chilisaus, honing, chili, sitron, salt og pepper.
  • Del filetane i tre, på langs. Legg dei i marinaden. 
  • Tre filetane på spyd og la dei gjerne ligge i kjøleskapet over natta slik at marinaden trekker godt inn.
  • Fordel kyllingspyd på ei plate med bakepapir.
  • Steik ved 220 grader i ca 20 min. For å finne ut om dei er klare, sjekk at kyllingkjøttet ved pinnen er gjennomsteikt.
  • Sett gjerne på grillen ved slutten slik at dei får litt meir farge enn kva mine på bildet over fekk.

 

Oppskrift fra Elins Matglede

 

#godtno #kyllingspyd #chili #marinade #middag #tapas #oppskrifter #tips #matglede #matprat

Tapas: Albondigas / Spanske kjøttboller og tomatsaus

Ein sjølvskriven rett på tapasbordet er Albondigas eller Spanske kjøttboller med tomatsaus! Desse kan ein jo og servere med spagetti til bolognese.

Du treng:

  • 500 g kjøttdeig / karbonadedeig
  • 1 Egg
  • Litt mjelk (ca 0,5 dl)
  • 1 finhakka liten løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • Strøkavring eller 2 skiver loff (utan skorpe)
  • 3 ss riven parmesan
  • Litt riven Muskat
  • 1 ts Salt
  • 0,5 ts Pepper
  • evt litt hakka persille

Slik gjer du:

  • Bland kjøttdeig, løk, kvitløk, chili, egg, loff og mjelk godt saman.
  • Tilsett krydderet.
  • Ha kaldt vatn i ei skål. Fukt henda og form små bollar med ei teskjei.
  • Steik på middels varme i ei steikepanne. Bruk enten smør eller ei nøytral olje. 

 

 

Spicy tomatsaus:

Du treng:

  • Litt rapsolje
  • 1 finhakka liten løk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • 1/2 ts tørka timian
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  • 1 dl utblanda buljong

Slik gjer du:

  • Steik finhakka løk og kvitløk til dei er gyldne
  • Rør inn tomatpurè og hakka tomater
  • yTilsett krydder og buljong
  • La alt koke opp i ca 15 min på lav varme (jo lenger jo bedre, men då må ein spe på med vatn)
  • Klar til servering!

 

 

 

Tips fra: Hverdagsmat.

 

#godtno #tapas #albondigas #kjøttboller #middag #fingermat #matprat #snacks #spansk #spania #spicy 

Tapas: Dadlar med bacon og jordbær og butterdeigrullar!

Ein super snacks til partybordet må være dadlar med bacon og jordbær. Sammensettingen av det salte og søte er heilt nydelig! Så enkelt, men likevell så genialt! Ein anna rett som var ny for meg er butterdeigsnurrar. Butterdeig har eg egentlig aldri hatt i hus, men det var jo egentlig smart det og. Og ikkje minst er det noko dei aller minste kan knaske i seg, det er bare å variere fyllet!

Dadlar med bacon og jordbær:

Du treng:

  • Dadlar i lausvekt fra fruktdisken
  • Bacon i skiver
  • Jordbær delt i to
  • Tannpirker utan menthol

Slik gjer du:

  • Del dadlane i to og ta ut steinane
  • Del baconstrimlene i tre. Ei strimle skal være nok til tre halve dadlar.
  • Surr bacon rundt dadlane og fest med ein tannpirker.
  • Steik dadlar og bacon på bakepapir nederst i ovenen. 
  • Steik på 190 grader i ca 20 min. Etter 20 min så tok eg og på varmluft, slik at dalane blei veldig godt steikt. Dette gjorde at dei fekk ein deilig karamellsmak! Men pass på så dei ikkje blir for mykje steikt.
  • La dadlane kjøle seg ned.
  • Stikk eit halvt jordbær på kvar pinne og server!

Butterdeigsnurrar:

Du treng:

  • 1 pk fryst butterdeig
  • 1 glas tacosaus
  • 2 pk kjøttpålegg (skinke, salami osv)
  • Kvitost

Slik gjer du:

  • Legg butterdeigplatene utover bordet slik at dei tinar.
  • Kjevle butterdeigen ut til dobbel storleik, bruk gjerne litt kveitemjøl.
  • Fordel tacosaus, skinke og ost utover.
  • Rull sammen buttterdeigen til pølser og frys dei ned i aluminiumsfolie eller matpapir.
  • Når du skal servere rullane tar du dei enkelt opp av frysen og skjærer opp skiver på ca 5 mm.
  • Legg på bakepapir og steik ved 200 grader i ca 15-20 min. Til dei er gyldne.  Ps: dei hever seg litt!

For fleire variantar kan du fylle med feks: spekeskinke og parmesanost, eple og kanel, fetaost og skinke osv. Bare fantasien setter grenser! 

 Dette fyllet til butterdeigrullane kjem fra Elins matgleder

Tapas: Lefserull med laks og rødbeter

Ein stor fingermatslager må være lefserullar. Enkle å lage, enkle å ete og alle likar dei! Her har eg laga to forskjellige rullar, ein med laks og ein med rødbetesalat. Oppskriftene under gir deg nok fyll til 4/5 store tacolefser. Prøv å server dette neste gang du har gjester over! :)

Lefserull med rødbetsalat:

Du treng:

  • 2-3 ss finhakka rødbeter
  • 2-3 ss finhakka eple
  • 2-3 ss finhakka rødløk
  • 2 ss creme fraich eller rømme
  • 2 ss kremost naturell eller philadelphia 
  • Litt pepper
  • Sitronsaft

Slik gjer du:

  • Bland alt sammen og tilpass kor mykje sitron og pepper du vil ha i blandinga. 
  • Fordel ein god del av blandinga på ei stor lefse og rull godt sammen slik at rullen holder seg. 
  • Om du synes blandinga er litt rennande, tilsett bare meir philadelphia. 
  • Eit tips er å legge røykelaks i lefsa i lag med blandingen.

Lefserull med laks:

Du treng:

  • to pakkar med skiva røykelaks
  • 1/2 pk Philadelphiaost
  • 1/2 pk ruccolasalat
  • Tannstikker uten mentholsmak.

Slik gjer du:

  • Smør eit lag med philadelphia på lefsa
  • Legg godt med laks på, eg brukte to skiver
  • dryss over godt med ruccola
  • Rull sammen, skjær opp i ca 4/ 5 bitar og voila!

#rødbitsalat #rødbetsalat #eple #løk #laks #lefserull #tapas #oppskrifter #enkelmat #godmat #fingermat

Oppskrift: Focaccia

Focaccia er eit deilig og saftig brød som er supert å servera til tapas, supper eller som snacks. Det fine med focaccia er at ein kan toppe det med så utrulig mykje forskjellig godt, slik at brødet kan variere i det uendelige!

Du treng:

  • 1 liter vatn, 40 grader
  • 1 pk tørrgjær
  • 1,5 ss salt
  • 1,5 ss sukker
  • 1,5 dl rapsolje
  • 1,3 kg kveitemjøl
  • Valgfri topping som soltørka tomater, oliven, fetaost, havsalt, urter

Gjer slik:

  • Finn fram 1 liter lunka vatn og tilsett gjær, sukker, olje og salt. 
  • Bland saman og tilsett mjøl og bland deigen godt saman. Deigen skal ikkje være for fast, men klissete i konsistensen. 
  • La deigen heve i ca 30 min. 
  • Legg deigen i ei langpanne, ta olje på henda og glatt ut deigen. 
  • Bruk ein gaffel til å stikke mange hol i deigen og strø på toppingen.
  • No skal du la deigen heva til dobbel størrelse.
  • Steikast på 220 grader i ca 15 min, midt i ovnen. 

 

Oppskrifta er fra Elins matgleder

 

#focaccia #tapas #oppskrifter #matglede #middelhavet #brød #godtbrød

Gradueringsmiddag!

  • Skrevet 18.06.2015 klokka 19:45
  • Kategori: Kvardag

På onsdag var det tid for at årets befalskull på Kjevik skulle graduerast. Vegard og nåken kollega var invitert og då trengte dei jo følge! Og siden Linn er på besøk hos meg denne veka så passa jo der veldig bra :) Vi fekk og ein gylden mulighet til å kjøpa oss nye fine lange kjolar. Det er ikkje så ofte ein får brukt slike, så det var veldig gøy!

Det var ein veldig kjekk kveld som starta med treretters og talar før det gjekk over til polonese og disko! :)

Babyshower!

  • Skrevet 18.06.2015 klokka 19:10
  • Kategori: Kvardag

På tirsdag var vi ein gjeng på 10 jenter som overraska Eva med babyshower! Ho har termin om ca 3 veker, så det var vel på tide at vi arrangerte det no :) Ho blei veldig glad og takknemmelig, og bare sjå alle dei fine gavane ho fekk til lille babyen! :)

Eg gav ho eit teppe som eg hekla, eit par strikkasokkar og ein liten søt kjole :)

DIY: Blomsterkasse med hjul

  • Skrevet 13.06.2015 klokka 18:19
  • Kategori: DIY: Bygg

Til mamma sin bursdag fekk eg for meg at eg skulle laga ein stor blomsterkasse på hjul. Terrassen dei har bygd er så stor og flott, så ein blomsterkasse til å kunne avdele litt er fint :) Å skru sammen kassen var egentlig fort gjort når plankane var kutta opp.   Fleire nettaviser har skreve om denne, les artikkelen blandt anna HER. Om du bruker oppskrifta er det fint om du linker til min blogg :)

Du treng:

  • 10 plank på 50 cm
  • 10 plank på 82 cm
  • 2 plank på 56 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 2 plank på 84 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 4 tjukkare plank/ tjukke lektere på 50 cm
  • Plastbalje 65 l fra Felleskjøpet 
  • Terrasseskruer
  • 4 vendbare hjul
  • Drill, sag og bor

 

Slik gjorde eg:

  1. Sag opp alle lengdene.
  2. Bruk dei fire "tjukkare plank/ tjukke lekterane" til å sette opp ei ramme.
  3. Skru på 50 cm plank på to av "lekterane". Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei tre andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
  4. Gjer deretter det samme med langsidene på 82 cm. Slik at hele plastbaljen blir kledd inn.
  5. Siden plastbaljen bare er 37 cm høg og kassen 50 cm, så måtte eg bygge plastkassen inni. Der brukte eg bare litt resteplank og skrudde fast, slik at baljen kan stå på den.
  6. På toppen kledde eg rundt med to plank på 56 cm og to plank på 84 cm som er kutta i 45 grader i endane. 
  7. I botnen av plastbaljen har eg og bora hol slik at vatnet kan renna gjennom. 
  8. Til slutt skrudde eg på hjul, slik at den enkelt kan flyttast på. Den er ganske tung, og når det i tillegg kjem jord og stein i den så blir den heller ikkje lettare. 
  9. No er den klar til å beisast!

Her kjem ein liten bildeserie, så kanskje forklaringane blir lettare då :)

 #blomsterkasse #blomster #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

7 år!

  • Skrevet 04.06.2015 klokka 14:47
  • Kategori: Kvardag

Tenk at vi har vore sammen i 7 år allerede! Kjent kvarandre i 10 år og sammen i 7 av dei! :) Heilt utrulig å tenka på. Eg er overlykkelig og håpar vi får mange fleire fine år sammen!:)

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign