Ida Røssland

Ein stor overraskelse! 💕

I går gjekk eg og Vegard ein liten tur bort i resepsjonen for å få litt frisk luft. Når vi først var der borte sjekka vi om vi hadde fått post. Vi ventar nemlig framleis på det spesiallaga bilskiltet vi har bestilt. Bilskiltet var endelig komt, og i tillegg fekk eg enda ein pakke i henda. Eg kunne ikkje heilt skjønne ka, eller kem, denne var frå då ingen har sagt nåke om nåken pakke. Gjett om eg hoppa i taket når eg såg ka så va oppi den då!! Mona kjenne meg alt for godt. Speltlomper OG HOLIDAY-DIP!!! Åhh, eg har savna Holidaydippen på tacoen såå.. Små gleder! 💕

SAMSUNG CSC

Nam nam!! Tacoen framøve kjeme til å bli løfta nåken hakk no :D

SAMSUNG CSC

Tusen takks snille Mona mi <3 Du e så snill og go´!! 💕

No skal eg snart til legen ein tur. Etter øve 3 veker med kraftig forkjølelse, bihuller og øreverk, så har eg kanskje innsett at det ikkje forsvinne heilt av seg sjølv.. Og på toppen av det heile så har eg blitt oppspist i natt. Eg har sikkert 40 myggstikk på kroppen, og dei klør!! Ikkje ein gang eit kaldt bad kl 07 idag tidlig kunne roe det ned.. Eg får håpe eg får ein salve som kan lindre det i alle fall, for om det skal fortsette slik så får verken eg eller Vegard sove så mykje... 😎

Solnedgang på Okaloosa Island

På onsdag tok fem av oss damene, og ungane, turen ned på stranda på ettermiddagen for å få litt sjøluft og for å sjå på solnedgangen. Det var så deilig å være på stranda igjen! Eg er sjuk på 3. veka no med forkjølelse, bihuller og øyreverk, så det var virkelig deilig å komme seg ut i frisk luft! Temperaturen var så deilig, det er nåke heilt anna å være på stranda etter kl 16, enn midt på dagen, det er faktisk mulig å nyte det uten å smelte vekk.  Det er rart, for for 4 veker siden var det ekstremt varmt på stranda kl 16. Nesten så det ikkje var værande. No er det tydelig at "hausten" er på vei. Dei lokale seier at september/oktober er dei finaste måneden her på Fort Walton Beach. Temperaturen er passelig, været er stabilt og alle turistane har reist heim. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi måtte teste ut litt yoga på stranda og. Headstand og birdpose(?). Og eg vil sei det virkelig var ein forbedring i fra første forsøk for nåken veker siden 😊  Det er overraskande tungt, det er bare å prøve sjølv! 

Alva ville vise mamma Dorthe korleis ho skulle stå på henda. For ei herlig jente 💕 💕

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Så korr fin solnedgangen er her då.. Eg tok så utrulig mange bilder, men klarte å velge vekk ein heilt haug slik at innlegget ikkje skulle bli evig langt..😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

😍😍😍

SAMSUNG CSC

#utlandet #usa #iviusa #solnedgang #reise #sol #usa

Typisk Norsk..🇳🇴

Vi har no vært litt over ein måned her i Usa og kvardagen har begynne å gå seg til. Handleturane på matbutikken kan vi no klare å gjennomføre på under 1 time, og vi fyller ikkje lenger opp vogna med alt som ser spennandes ut. Det er overraskande mykje god og spennande mat her borte, men vi er jo som Nordmenn flest, vi savnar jo vårt eige litt.. 🇳🇴

Det "værste" ved å bu her borte må nok være utvalget av brødvarer. Brøda kan sjå grove og gode ut, men dei er som oftast bare tilsett litt fargestoff for å få den fargen. Ein må og ete minst 4 skiver for å kjenne metthetsfølelsen, pluss ein får følelsen av å ete sukker, så det seier jo litt. Eg har heldigvis funne ei super oppskrift på rundstykker som eg har baka her borte, så det hjelper på! Ein anna ting som og er litt kjipt er at alt av korn og bakevarer er svindyrt.. Ein pakke med havregryn kostar rundt 40kr, medan i Norge kan du vel få ein til rundt 15 kr? Det samme gjeld alt av frø.. Så å bake her borte blir faktisk litt dyrt i lengden.

Når det kjem til pålegg så savnar eg slike typiske Norske produkt som makrell i tomat, leverpostei og Synnøve Finden sin fløtemysost.. Ikkje det at eg et så mykje av det heime i Norge, men her har eg det ikkje tilgjengelig og då blir det vel bare sånn? 

Forresten så er alt av vaskeytstyr dei har her borte elendig. Eller i alle fall det vi har komt øve hittil då... Støvsugeren har eg nesten bare parkert heilt i skapet, då den ser ut som eit robot frå 60-tallet, då sjølvsagt og uten sugeevne. Moppen her er virkelig ikkje nåke å skryte av, så når vi har vaska golvet så er det meir eller mindre på gamlemåten, ned på alle fire og skrubbe...

Så ja, dette er litt eg ser fram til å komme heim igjen til, men ingen hastverk! Det er heldigvis fortsatt 10 månadar igjen her borte, pluss at vi er så heldige å få pakkar i posten og besøk som kjem til å ta med seg litt Norsk mat til oss. 😄 🇺🇸

#iviusa #idarossland #mat #utlandet #typisknorskmat #nordmanniutlandet #usa #matvarer 

DIY: Litt glam i kvardagen ✨

SAMSUNG CSC

"Ka skal du med alle desse tomme glasso her då, Ida?!", dette er eit spørsmål eg får kvar gang Vegard tar tomme pastaglass eller liknande utav oppvaskemaskinen.🙄  Nei, altså, det kan jo alltids være at eg får brukt for dei ein dag då! 😬  Og sjå der, eg fekk brukt for dei denne veka. Etter å ha brukt 20 min på Walmart for å google og finne den gullfargen som gav den beste fargen (det er minst 7 forskjellige gullsprayar på Walmart, og 100 andre fargar), så kom eg meg heim og rigga meg til ute på "balkongen". Eg tenke at om nåken hadde gått forbi og sett meg der eg krabba rundt på alle fire, så hadde dei vel skjøna at eg ikkje var ein Amerikaner.. 🇳🇴

SAMSUNG CSC

Vel, til denne enkle DIY treng du ikkje meir enn det du ønsker å spraye, ein spray og eit underlag. Eg ville enten brukt ein stor bosspose, ei stor eske eller liknande som underlag. Du bør og være ute på eit område du ikkje er så redd for, då sprayen kan komme rundtom. Dette er sprayen eg har brukt. Eg er litt usikker på om den er å få tak i i Norge, men den kan i alle fall kjøpast på Amazon 😊

SAMSUNG CSC

Først vaska eg glasa godt med såpe, slik at det ikkje hang nåke lim igjen på det. Deretter satte eg eit og eit glas på posen etterkvart på eg spryaya dei. La dei tørke nokon minutt før du rører dei. . Husk å riste sprayboksen godt og ha litt avstand mellom sprayboksen og gjenstanden når eg spraya. Følg instruksjonen på boksen så blir det bra. Pass på å ikkje spraye for lenge og mykje på ein og samme stad, då kan det renne! Det er bedre med mange tynne lag og bruk sirkulære bevegelsar når du sprayar. Dett første glasset blei litt prøving og feiling, men dei andre blei veldig bra. 😊 

Og, tada! Nydelig fine gullglass klare for å plasserast rundom i leiligheten. Litt glam er alltid bra! 😊 

✨ Bare sjå kor fin denne gullfargen blei då! ✨

SAMSUNG CSC

#diy #hjemmelaget #hjemmelaga #heimelaga #gjørdetsel #gds #byidarossland #spray #kreativ #interiør #hobby #gull

Vi er på vei til Atlanta på festival!

No er vi akkurat komt fram til Atlanta😊 Martin, ein kompis heime i frå, bur i Atlanta dette året, og han spurte om vi ville ta turen opp på Music Midtown festivalen som er i helga. Eg og Vegard er jo ikkje så vanskelige å be på tur dette året, så vi sa sjølvsagt ja og kjøpte billettar! Eg hadde ingen aning kven store deler av artistane er, men etter å ha hørt igjennom dei så kjenner eg til overraskande mange songar, så dette blir nok gøy. 💃🏼🎶 No trur eg nok at vi må legge oss, slik at eg/vi skal klare å komme oss gjennom dagen i måro! 😊

Fullmåne-yoga på strando!

Ein gang i månaden blir det arrangert fullmåne-yoga på stranda her vi bur. I august for denne dagen forbi oss, så eg er gla vi blei med no i september. Altså, sjekk dette her då! Dette var virkelig ein magisk opplevelse, og kan virkelig anbefalast om ein har muligheten.

Her kjeme fullmånen opp i aust og på bildet under går sola ned i vest :)

Altså, sjekk dette!! Har du nåken gang sett nåke så magisk?! Dette gav virkelig ro i sjela og ei svært god natt søvn! 💛

Til slutt blei det heilt mørkt og sola var gått ned bak horisonten. Sjekk kunsten då! Bildet under er faktisk ikkje redigert heller, kun tatt med IPhone6!

Yoga har virkelig vokst på meg desse vekene eg har budd i Usa. Det er mange forskjelliga variantar av yoga, og om ein virkelig konsentrerer seg og tar i så er det ekstremt god trening. Neste veke er det tilbake til Hot yogaen vi går på fast! Kem skulle trudd det om meg? 🙈

DIY: Liten blomsterkasse

  • Skrevet 14.09.2016 klokka 16:00
  • Kategori: DIY: Bygg

Her kjem enda eit prosjekt eg hadde for meg i sommar då eg var heime. Søskenbarnet mitt gifta seg forrige helg, og dagen før vi reiste til USA kom eg jo på at eg måtte ordne bryllupspresang. Så eg satte meg ned å tegna mål, heiv meg i bilen og fekk starta på gaven. Siden brudeparet ikkje har like stor terrasse som mamma har, så valgte eg å lage ein litt nettare variant enn den eg har vist på bloggen tidligare. Denne kassen er litt øve 40 cm høg, og ca 35 cm brei.  På bildene har eg ikkje skrudd topplankane fast, så derfor ser det litt skeivt og halvferdig ut. :) (Hadde rett og slett ikkje tid til å vente med å ta bilda, då sola forsvant ganske fort i frå meg;) ) Her finn du link til den store blomsterkassen.

Håpar nåken vil prøve seg på denne kassen og! Link gjerne til bloggen min :)

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 8 plank på 35 cm
  • 8 plank på 39cm
  • 2 plank på 37,5 cm, kutta i 45 grader
  • 2 plank på 42 cm, kutta i 45 grader
  • 4 lekter på 40 cm
  • Litt restemateriale til å holde bøtta oppe med. Sjå bilde 5. 
  • Ei 12 liters foringsbøtte. Kjøpes på Felleskjøpet eller på byggevarer. Det er litt meir hold i denne bøtta enn ei vanlig 10-liters.
  • Terrasseskruer
  • Drill
  • Kapp og gjærsag

 

Slik gjer du:

  • Kapp opp materialet du treng for å lage kassen. Plankane du skal ha på toppen kan du skjære til seinare. 
  • Skru på fire stk 35 cm plank på to og to lekter. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei to andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
  • Skru deretter dei resterande plankane på lektene, slik at det blir ein kvadrat. Pass på at ikkje kassen blir skeiv når du skrur inn skruene.
  • Kutt bøtta litt i kantane slik at den får plass i kassen. 
  • Snu kassen opp ned og ta bøtta oppi. Slik ser du kor du skal skru inn resteplank som skal holde bøtta oppe fra bakken.
  • På toppen har eg kledd rundt med to plank på 37,5 cm og to plank på 42 cm som er kutta i 45 grader.

Her er ein liten bildeserie, kanskje forklaringa gir litt meir meining då :)

  • Kapp opp materialet du treng for å lage kassen. Plankane du skal ha på toppen kan du skjære til seinare. 

  • Skru på fire stk 35 cm plank på to og to lekter. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei to andre plankane og få like mellomrom mellom dei.

SAMSUNG CSC

  • Skru deretter dei resterande plankane på lektene, slik at det blir ein kvadrat. Pass på at ikkje kassen blir skeiv når du skrur inn skruene.

SAMSUNG CSC

  • Kutt bøtta litt i kantane slik at den får plass i kassen. 

  • Snu kassen opp ned og ta bøtta oppi. Slik ser du kor du skal skru inn resteplank som skal holde bøtta oppe fra bakken.

SAMSUNG CSC

  • På toppen har eg kledd rundt med to plank på 37,5 cm og to plank på 42 cm som er kutta i 45 grader.

SAMSUNG CSC

Tada! Resultatet er ein del annerledes enn den store blomsterkassen, men kvart til sitt bruk :) Gler meg til å sjå kassen i bruk med blomar i! No treng den kun eit strøk beis eller maling.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Snorkling på Navarre Beach - Video av seaturtle

På søndag var det dags for enda ein felles utflukt. Store deler av oss Nordmenna som er her borte tok turen ilag til ei strand som kun låg rett under 30 min vekke i fra oss. Kjetil, ein i følget, hadde vært her for ei lita stund tilbake og dukka, så han anbefalte at vi tok med oss snorkelutstyr. Så etter vi hadde vært på dykkebutikk og kjøpt oss skikkelig snorkel, maske og svømmeføtter vendte vi snuten mot Navarre Beach. Navarre Beach blir kalla Floridas best kept secret, og vi kan jo forsåvidt forstå det. Etter at vi tok av frå hovedveien kjørte vi øve ei bru og kom bort til eit heilt flatt landskap. Det var vel meir eller mindre bare ei stor strand med asfaltert vei på. Sanden var ikkje fullt så fin som på stranda på Officers beach, men den var fortsatt krittkvit. 

Vi hadde egentlig sett for oss eit fint kunstig rev med enormt med dyreliv og korrallar på. Men når vi kom der så blei vi faktisk litt skuffa. Det kunstige revet var "kun" mange betongklossar som var bygd oppå kvarandre. Her var det då begynna å vokse tang og dyrelivet hadde flytta inn. Det var absolutt fasinerande, men ikkje som vi såg for oss. Det er forsåvidt fire slike rèv rundtom på denne stranda, så vi får ta turen på ein av dei andre ein annan gang. :) Eg såg forresten ei sjøskilpadde, så livet mitt i Florida er snart komplett. Manglar bare å sjå delfin no! Eg fekk den på film og, sjekk nederst i innlegget :)

Vi snorkla i fleire timar, uten å bli lei! Vi stakk inn til land når brennmanetene kom... Og Eirik, Vegard og eg klarte sjølvsagt å svømme rett bak den, der den hadde slept ut trådar... Lite behagelig kan ein sei!  Etter eg hadde snorkla etter fisk så snorkla eg etter skjell. Altså, det var så masse fine skjell der! Eg klarte jo sjølvsagt å ta med meg ein liten bærepose, så eg får sjå kva eg skal bruke den til ;)

Vi markerte 11.september ved å kle oss i det Amerikanske flagget. Tenk at det er 15 år sidan allerede.

Eg trur eg må ha meg ein slik parasoll. Altså, så kor kul den er då?

På vei heim kjørte eg og Vegard langs stranda for å sjå om det var nåke spesielt der. Det einaste vi såg var fult i hus som var bygde på stolpar. Det er tydelig at dei er forberedt på at sjøen kan stige og at husa kan stå i fare for å komme under vatn ved ein evt orkan eller tornado. Her er dei i alle fall litt forberedt. 

Her er filmen! Håpar de likar den. Det var virkelig ikkje nåke enkelt å filme, svømme og holde pusten samtidig...Så litt uklarhet blir det nok..:p  

Takk for turen folkens! 

Universal studio Orlando

Her kjem ei lita oppdatering med masse bilder i frå turen vår til Orlando! Bedre seint enn aldri, eller? Kan tippe det kjem ein del 2 og, då det blei rimelig mange bilder ut i frå to kamera! 

Forrige helg var eg, Vegard, Linda og Eirik ein heilt fantastisk kjekk tur til Orlando og Universal Studio. Vi kjørte, som tidligare nevnt, gjennom området kor orkanen Hermine skulle treffe land på torsdags kveld og var trygt i Orlando i 17 tida. Vi tok då turen til Universal City Walk og åt på Hard Rock Cafe. Fredagen var første dag i parken. Vi hadde kjøpt billetta gjennom flybasen, så vi hadde fått ein ok deal. Vi hadde faktisk kjøpt 14 dagarspass, ikkje at vi trengte det, men det var enten 2 dagar eller 14 dagar. 14 dagar var absolutt billigaste om vi skulle være der i 4 dagar. Vi tenkte at når vi først skulle, så kunne vi like gjerne gå all inn!

Hulken! Den var kjekk, men og veldig populær.. Her må ein forvente å stå 30 min i kø på ein god dag.

Velkommen inn i Marvel og superheltanes land.

Vegard skulle teste styrken. Det vi ikkje såg før etterpå var at den var digital, og at dei som sto å passa på telte, slik at folk ikkje skulle vinne for ofte. Det hadde tydeligvis lite med styrke å gjere.. Tips: ikkje bruk pengar på denne ;)


"Tømmerrenna" ekstrem versjon.. Ikkje så gale, bare veldig overraskande!

Dette er ein av banane du blir søkk våt i. Kanskje ikkje så rart når folk kan stå å sprute vatn på deg igjennom banen. Du blir forøvrig og styrt inn under ein foss... Ha på lette kler som tørkar fort!



Krustyland og Simspsons! The Simpsons ride var ein simulator med 3D og 4D effektar. Så sjølv om simulatoren sto på ein plass heile tida, så føltes det som om vi var med i karusellen. 3D og 4D er virkelig nåke å anbefale. Det var mange attraksjonar som var laga slik her, og det var virkelig bra kvalitet på dei!

Duff beer! Redda vel dagen til to stk i følget ;)

Sammen med den ikoniske Simpsons donuten med rosa frosting. Smaken var faktisk ikkje så gale heller. Vegard ville gjerne kjøpe ein som var like stor som ei kake, men den hadde nok ikkje blitt oppeten ;)

Her trur eg det skal forestille Hollywood. Det er i alle fall veldig likt slik det ser ut der, med høge plamer og pastellfarga hus.


Kvar dag kl 17:00 er det og eit paradeshow i parken. Det var og ein framsyning med dans og musikk i 15 tida. 





Her er bildene frå sjølve paraden. Eg har filma den, så skal sjå om eg får laga ein film får heile turen vår :)

Og siden mitt kamera svikta, så tok heldigvis Eirik mange fine! Alle bildene som ikkje et tatt med mobil er det han som har stått for :)

#orlando #universalstudio #universal #islandofadventure #florida #usa #utlandet #ferie #iviusa
 

Store barn, store gleder!

Hurra! Idag er det ein lykkens dag her i leiligheten. Etter litt hint på meldingar heime i frå, så gjekk eg ein tur bort i resepsjonen for å sjekke om vi hadde fått ein pakke, og det hadde vi!:D

Bare sjå alt dette vi fekk! Pappa og Kristin har virkelig peiling på kva som er ønska her borte. No blir det både baking og suppe til middag. Vi har allerede slukt ein pakke med tomatsuppe og litt mjelkesjokolade, og gu kor deilig det var. Mykje kjekkare å få pakke i posten enn å pakke det med seg sjølv. Det føltes nesten som julaften når eg åpna pakken :D

Dongriskjørt, lintopp og bomullstopp fra Instinkt Mote! Heldige meg som kan få restar av sommarvarene, sommar heile året her borte. :)

Endelig blir det brød med litt tyggemotstand og uten falske fargestoff!

Igjen, tusen tusen takk for kjempe kjekk pakke! Pappa og Kristin, dåke e best! <3

Endelig er dei her!

Endelig kom bilen vi har venta på! Flyttekassane våre fra Norge kom endelig fram idag. Det var jul, påske, nyttår og bursdag på ein gang å åpne kassane for å sjå kva der var vi hadde pakka ned i begynnelsen av juli. Eg er egentlig litt usikker på om vi har sendt nåke vi virkelig har trengt, for vi har klart oss heilt fint med der vi har hatt tilgjengelig dei siste vekene. Men, eg skal ikkje nekte for at det er blitt litt meir heimekoselig her no med litt av tinga våre rundtom :)

Litt forskjellig som Norske flagg, puter, lys, kjøkkenting, stavmikser, pyntebrett, finkle, uniformar og musikkanlegg er nåke av det vi pakka ned. Det er allerede ein del småting vi angre på at vi ikkje pakka ned, men vi klarer oss nok uten det eit år :)

No skal eg fortsette med å sjå på serien Glee og bli frisk etter Orlando-helga. Eg tåler fortsatt ikkje aircondition øve lengre periodar eg...

Hurricane warning!

På mandag fekk Vegard mail frå basen om at det var venta sterk storm og mulighet for at vi måtte evakuere seinere i veka. Vi hadde jo tenkt oss ril Orlando i helga, så det sku jo bli spennande om denne stormen blei nåke av. Det er jo 11 år sidan siste store storm/ tropisk storm/ orkan/ tornado raserte store deler kysten her. Syklusen til slike stormar er 6-7 år, så det seier seg sjølv at vi er på overtid no.

Vel, på tirsdag og onsdag forverra alt dette seg og vi kunne forvente at ein tropisk storm skulle komme til helga. I går, onsdag kveld, såg vi på Weather channel og det såg bare verre og verre ut. Stormen ligge uti gulfen og kosar seg før den kjem inn mot land i stor fart. I enkelte området er det og venta at den skal slå inn som ein orkan og i verste fall tornado. Om dåke ser på bildet under her, så kan dåke sjå kor den er venta. Vi bur heilt til venstre, der det står Destin.

Det var lenge litt usikkert om vi skulle ta turen til Orlando i helga likevel, men når vi såg kor stormen sku gå bestemte vi oss for at det var like greit å være i Orlando som heime i leiligheten. Vi sitte no i bilen på vei, og har nett passert Tallahasse. Det er ikkje nåke storm her no, så besto du kam puste ut, vi er trygge! Kun litt rolig Vestlandsvær her no, då stormen ikkje treff land før i kveld. Då er vi trygt på plass på hotellrommet ved Universal Studio. :)

Når vi no kom inn i området som er merka raudt, på bildet over, så begynte mobilen min å hyle. Ikkje som alarmen når vekkerklokka ringer, men ein intens hyling som varslar at fare er på ferde. Der var "kun" ein beskjed frå myndighetene, men ein kunne nå fått hjerteinfarkt av mindre.. Forresten så er det veldig kult at dei har dette varslingssystemet. I Phoenix feks, får dei alarm om sandstorm. Tommel opp Usa!

Det er og slike informasjonsskilt langs motorveien.

Som sagt er vi halveis til Orlando no, og alt står bra til. Vi gler oss til ei helg i Universal, om det så blir med regnponcho eller solkrem! Vi er tross alt fire tøffe vikingar på tur ;) (satsar vi på..)

Vi har tatt lappen!

Igår var endelig ventetida over, vi hadde oppkjøring på bil. Ikkje det at vi ikkje har kunna kjøre bil i USA på Norsk førerkort, for det kan vi. Men vi valgte å få Amerikansk førerkort både for bilforsikringen sin del, for å ha godkjent legitimasjon i Usa og fordi det er jo litt kult å ha Florida drivers license ;)

Vi kjørte til Niceville, ein liten by som ligg ca 20 min i fra oss. Etter litt papirarbeid på DMV (biltilsynet) var det tid for kjøredelen. Vegard først. Han var vekke i ca 15 min før han kom inn igjen. Veldig kort, men sikkert normalt tenkte eg. Samme prosedyre med meg. Eg tok på meg "oppkjøringsmaska" og skrudde tida tilbake for 6 år siden når eg hadde oppkjøring heime i Norge. Trur eg aldri har kjørt så riktig i heile mitt liv. Vegard lo til og med av meg for at eg brukte blinklys inne på parkeringsplassen. Better safe than sorry tenke eg ;)

Men eg kan ikkje sei eg er veldig imponert øve kva dei forvente ein skal kunne her borte.. Heile tida kjørte vi inni eit lite boligfelt utan andre bilar, og vi kjørte i maks 15 mph, som er ca 24 km/t. Vi tok ein 3 point turn på ein smal vei, hadde "bråstopp" i ca 30 km/t, stoppa på alle stoppskilta (som det er heilt enormt mange av) og parkerte mellom fire kjegler.. Altså, vi var aldri ute i trafikken å fekk vist oss. Med andre ord kunne vi like godt skreve etter lappen på nettet..Usa ass.. :p

Bildet er ikkje så mykje å skryte av, så det blir sensurert. Folk er så mykje lågare enn oss Skandinaviere her borte, så kamera er ikkje stilt inn til vår høgde. Froskeperspektiv er ein uheldig vinkel, foråseidetsånn....

Etter oppkjøringa tok vi turen på ein lokal restaurant som heiter AJ's by the Bayou. Veldig koselig plass rett ved sjøen. Her skal vi definitivt tilbake ein seinare kveld når dei spelar live musikk.

Bare sjå kor idyllisk der var her! :)

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits