Ida Røssland

DIY: Skappelgenser str 2-4 år

Rett før jul fant eg ut at eg skulle strikke to enkle gensera til gutane eg er tante til. Dei blir 2 og 3 år gamle, så eg rekna ikkje med at det skulle ta så alt for lang tid. Foråseidasånn, så va ikkje den siste genseren ferdig før 4.juledag.. Jaja, bedre seint enn aldri! Uansett, eg prøvde meg på to enkle variantar, så det blei "Skappelgenser" gutteversjon.

SAMSUNG CSC

 Eg har brukt:

  • Trysil Sportsgarn - 5 nøster
  • 5,5 rundpinne

Bakstykke: Legg opp 52 masker. Strikk ca10 riller med  2 rett og 2 vrange. Strikk deretter rett til arbeidet måler ca 36 cm. Eller er så langt som du ønsker det.

Framstykke: Legg opp 52 masker. Strikk ca10 riller med  2 rett og 2 vrange. Strikk deretter rett til arbeidet måler ca 6 cm kortare enn bakstykket, då skal du felle 10 masker på midten av arbeidet. Du vil då sitte igjen med 21 masker- eit mellomrom der du har fellt av 10 masker- 21 masker. Sett 21 av maskene over på ein hjelpepinne og strikk dei andre 21 maskene, mens du feller ei og ei maske på kvar runde, fire ganger. Du sitt då igjen med 17 masker på pinnen. Fell laust av. Hent deretter opp igjen dei andre 21 maskene du har sett på hjelpepinnen og gjer det samme som på andre sida, til du har 17 masker. Strikk disse 17 maskene så langt arbeidet du vil ha er. 

Armar: Legg opp 30 masker. Start med ca 4 cm vrangbord. Strikk deretter rillestrikk til du kan telle 3 riller på framsida, altså 1 rille er ein gang fram og tilbake på pinnen. Auk deretter ut ei maske på kvar side av pinnen. Strikk deretter 4 riller, og gjenta aukinga. Fortsett med dette til du kan telle 31 riller, eller til arbeidet blir så langt som du må ønske. Fell laust av og strikk ein arm til.  Eit tips er å bruke maskemarkørar der du øker, då blir det enklare å få armane like :)

Sidan eg har strikka denne genseren til gut, så har eg valgt å ha framside og bakside like lange, då dette vil gi genseren ein meir gutteform. På jentegenser hadde eg nok valgt å strikke baksia lengre enn framsida. 

Bare sjå kor fornøyde gullgutten var når han fekk genseren på seg! Såg godt og lenge på seg sjølv i speilet før han kyssa speilbildet sitt :) Fining! <3

Genseren var litt stor til John på nesten 2 år, men han veks fint i den :)

#skappelgenser #skappel #hjemmelaga #heimelaga #strikk #genser #gjerdetsjølv #gjørdetselv #DIY

Dekking til julebordet

  • Skrevet 31.12.2015 klokka 20:13
  • Kategori: Kvardag

Godt nyttår til dåke fine folk! :) Vi skal avslutte juleferien vår med ei etterlengta langhelg på fjellet. Vi blei ståande ein time i kolonne før vi fekk kjøra øve fjellet, og kom oss ikkje opp før klokko nerma seg halv 4. Kl 4 var det rett bort i bakken for å sjå på det årlige fakkeltoget og rakettar, og nåke godt i glaset.  Nyttårsbordet er dekka, men eg har ikkje tatt bilde av det enda, så derfor kan eg dele bilder av julebordet når vi feira jul her oppe :) Rødt og koselig!

SAMSUNG CSC



SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

#jul #julebord #christmastable #hyttavår #julekveld 

Årets beste julegave

  • Skrevet 28.12.2015 klokka 10:00
  • Kategori: Tips

Dette må nok være den beste julegaven eg fekk gitt bort i år. Kanskje litt dumt å komme med dette tipset etter jul, men i frykt for at Besto og Bessen skulle lese bloggen så kunne eg ikkje legge det ut før no. 

SAMSUNG CSC

Bøkene inneholder spørsmål i frå barndom, skulegang, kjærlighet, venner, utdanning, familie og slikt. Heile boka går ut på at mottakaren skal svare på spørsmåla vi lett har for å gløyme og stille. Det er og mange blanke linjer og sider kor besteforeldra kan fortelle og lime inn bilder frå livet. 

Hensikten er at besteforeldra mine skal fylle ut bøkene, og etter dei er ferdig utfylt skal eg få dei i retur :) På den måten vil eg ha ei bok full av gode minner og historiar eg kan lese når eg vil! Eg gler meg vilt!

Så Bessen og Besto, dåke må virkelig gjere ein innsats med bøkene ;)

Var ikkje dette ein fin og minnerik gave? :)

#bok #bøker #fortellbestemor #fortellbestefar #gavemedmening 

All I want for christmas

  • Skrevet 23.12.2015 klokka 22:59
  • Kategori: Om meg

Det er vetlejulafta og no sitte vi godt framfor tv´n og ser på nrk sitt juleprogram, tradisjon! I måro er det vel full fres inntil vi kan sette oss ned å nyte pinnekjøttet. I måro skal eg ein kjapp tur på besøk til Kristine og den vetle guten hennes, som egentlig eg blitt ganske stor. Eg gler meg stort til å få helsa på! Så er det rett på julefeiring med familien :) Eg elskar jula og derfor vil eg dele fem punkter som eg gler meg til i juletida :)


1. Åh, eg gler meg så til mange deilige julemiddager! Pinnekjøtt, julegraut, lutafisk, ribbe og deilig julefrokost osv..Igår kom eg heim til fersk lutafisk, og kunne ikke fått ein bedre kvelds!

2. Aller helst ønska eg at snøen sku begynne å dale når eg og Vegard kjørte heimøve igår den 22. desember, og at den varer heile jula. Dette var vel urealistisk, då det idag har hølja ned store mengder med vatn...Men eg får i alle fall snø på hytta (om vi kjem oss opp...)

3. Eg gler meg til å gje vekk julegaver til dei eg er gla i! Og selvfølgelig få julegaver då...;)

4.Til å være med alle dei fine familiemedlemmene og vennene mine, som eg får sett så alt for sjelden. 

5. Til å feire jul på hytta!

#christmas #jul #decoration #ønsker #pinterest #homeforchristmas #ferie #lister

Heim til jul!

  • Skrevet 22.12.2015 klokka 23:43
  • Kategori: Kvardag

Endelig ligge eg på sofaen til mamma. Vi kjørte fra Kristiansand kl 14:30 idag og var framme ca 20:30. Det blei litt ekstra tid øve fjellet idag, då det begynte å blåse seg til og var glatt ein del plasser. Som dåke kan sjå på bildet under, så blei bilen rimelig full med tre personar, baggar, ski og pakkar..

I tillegg til at vi har fått juleferie, så har eg jo sjølvsagt blitt sjuk... Dette slår aldri feil! Så no ligg eg på sofaen etter ein bedre lutafiskmiddag, og strikkar den siste julegaven. Litt seint ute? Det blir vel jul i år og! :)

Ein enkel forandring

  • Skrevet 22.12.2015 klokka 16:37
  • Kategori: DIY- Ferdig

Rødt er jul for meg. Uten raude detaljar i huset, så blir det ikkje jul. Det kan jo fort bli for mykje, men litt i dei romma vi bruker gjer vel ikkje nåke? Siden vi flytta i leiligheten vi bur i no, så har eg hatt ein blom ståande på vaskemaskinen på badet. Ferske blomar gjer meg glad! Uansett, potta på blomen var utrulig kjip. Så no til jul fant eg ut at eg kunne gjere nåke med den, bare løfte den nåken hakk! Bare sjå under kor enkelt det er.

Tada! Ei heilt ny potte til ein slikk og ingenting :D

For heilhetsinntrykket hadde eg litt hamptau og ei lita julekule eg knytta rundt.

Ja, eg veit blomen ikkje er så julete.. Men koman, den har levd med oss i 4 år. Det inkluderer dei månadane vi er heime om sommaren og..



#jul #diy #julediy #redesign #kreativ #julehus #christmas #tips #gjørdetselv

Kremet kyllinggryte

SAMSUNG CSC

Hei og hå! Eit lite middagstips på farten. Såg ikkje dette godt ut? Ikkje bare godt, men superenkelt. Alt du treng er 400-600 g steikt kyllingfilet, 6 dl vatn, 1,5 dl fløyte (mjelk) og denne posen fra Toro under!

SAMSUNG CSC

Eg tilsatte to gulerøtter og litt purre i tillegg, og serverte med flatrbrød. Og ikkje minst, gryta smakte heilt eksepsjonellt i Le Creuset gryta som eg og Vegard har fått til jul (ja eg måtte teste den ut...). Sjå kor fin den er!!

SAMSUNG CSC


#lecreuset #middag #tips #kylling #kyllinggryte #toro #godtno #matprat #studentmiddag #dinner #kos

Oppskrift: Serinerkaker

Fjerde søndag i advent og siste innspurt i julegaver! Kanskje du ikkje er ferdig og treng eit siste tips? Etande julegaver er veldig koselig å få til jul, og ikkje minst når dei er lagt på eit fint og pynta glas. Den siste oppskrifta med julekaker blir Serinerkaker. Dette er heller ikkje kaker eg er vane med å bake heime, men enkle kaker som gjekk rett ned!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 150 gram mjukt smør
  • 250 gram mjøl
  • 100 gram sukker
  • 1 egg
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • Perlesukker, hakka mandlar og eggekvite til pensling

 

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader og dekk ei steikeplate med bakepapir.
  • Smuldre smøret med mjøl, bakepulver og vaniljesukker. Pisk sukker og egg sammen, og tilsett det i deigen. Rør godt.
  • Trill deigen til ei lang pølse og skjær pølsa i like store stykker. Trill deretter kuler av stykkene og sett på bakepapiret. Eg fekk 25 kaker per plate.
  • Trykk forsiktig med ein gaffel på kakene, slik at dei blir flate og får riller.
  • Pensle på eggekvite og dryss perlesukker og mandlar på toppen. 
  • Steik kakene midt i ovnen i ca 10 -15 minutt, til dei er gyldne og fine. 
  • Avkjøl på rist og oppbevar tørt og tett i ein boks.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC
 

#idarosslandjul #baking #mat #godtno #matprat #heimelaga  #diy #serinerkjeks #jul #serinakake

Date

  • Skrevet 19.12.2015 klokka 11:59
  • Kategori: Kvardag

Igår hadde Vegard tatt juleferie og eg var på jobb. Det er ekstremt mykje å gjere på jobb no, så eg hadde litt dårlig samvittighet når eg måtte gå tidlig for ein legetime.. Etter legetimen blei eg sendt på røntgen i byen, og då fekk eg dradd med meg Vegard ut av leiligheten i samme slengen! Røntgen gjekk fint, og dei fant ingenting i rygg, ribbebein eller skulderblad, og der er jo positivt. Einaste som fortsatt er kjipt er at e har vondt etter håndballkampen for 12 dagar siden...

Etter røntgen gjekk vi ein tur i markens og fekk handla litt julegaver. Vi satt oss ned på Camillo Bastruo, som etter min meining kanskje har den beste frappen i byen (og eg har jobba på Waynes :p )

Torvet i Kristiansand er forvandla til eit julemarked med lyslenket og boder over alt. Det var nesten som ein fekk følelsen av å være i ein storby!

Idag står siste innspurt av julegavene som skal syast på planen.

God lørdag!

Tips: Pynt opp svibelen

  • Skrevet 19.12.2015 klokka 10:00
  • Kategori: Tips

 

Til jul er eg veldig glad i Sviblar rundt om i leiligheten. Eg elskar jo grøne blomar i utgangspunktet, så når dei i tillegg kjem med ein liten blom på slutten av levetida si så er dei heilskjønne! Sviblar er og veldig fint å bruke i dekorasjonar til jul. Eg brukte dei som dekorasjon rundt på bordet når vi hadde vennejulebordet vårt her heime. 

SAMSUNG CSC

Eg var opptatt av at dekorasjonen ikkje skulle koste så alt for mykje, så eg hadde ikkje så lyst å kjøpe nye potter bare for anledningen. Derfor blei eg sjeleglad når eg fant denne fine voksduken på Stoff og Stil på lørdag. Heilt perfekt var den!

Du treng:

  • Små sviblar
  • Tråd i valgfri farge
  • Voksduk i str 23x23 cm. Eg har denne fine i linlook med sølvtrådar

 

Når du bruker voksduk i staden for fek. gråpapir, så gjer det ikkje noko om du vatnar blomen. Voksduken tåler nemlig litt vatn, og det vil ikkje renne gjennom og skade bordet :)

SAMSUNG CSC

Blei dei ikkje søte? Også så fint dei kledde bordet då, eller ka? :)

SAMSUNG CSC

#tips #redesign #mestergrøn #padurohobby #upstairs #kristiansand #krsby #stoffogstil #diy #gjørdetselv

#idarosslandjul #hjemmelaga #hjemmelaget #sostrenegrene #bord #blomster #dekkebord #rom123 #kk

DIY: Serviettringer

Til borddekking på julebordet vi hadde i helga, så måtte eg bruke litt kreativitet. Det blei ikkje så alt for mykje, men det enkle kan ofte være det beste. 

Det som er så fint med denne type serviettringar er at alle klarar å lage dei, og variasjonane er uendelige! Her kan du bruke alt fra raudt silkeband, kvitt garn, maling, glitter, avispapir, perler og ja, you name it.. Du kan lage serviettringar som passar til alle type selskap :)

SAMSUNG CSC

Du treng bare: toalettrull, tjukk tråd og saks

Gjer slik: Klipp toalettrullen i ønska størrelse og surr tråd rundt og rundt. Knyt på innsida når du er komt heilt rundt. Enkelt og billig!

 SAMSUNG CSC

Enkelt, elegant og røft!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

#DIY #dropsgarn #gjørdetselv #hjemmelaga #hjemmelaget #kreativitet #kreasiw #pynt #design

 #idarosslandjul #enkelt #rom123 #bloggklubben #aftenposten #spisebord #dekkepå #selskap 

Oppskrift: Havreflarn

Ka er vel bedre enn karameliserte kjeks? Dette er og blir ein favoritt hos meg, og hadde det ikkje vært for samvittigheten min så hadde eg lett trykt i meg heile ladningen på ein kveld. Enkle å lage er dei og, med ingredienser som dei fleste nok har i kjøkkenskapa sine. 

Du treng:

  • 75 gram smør
  • 1 egg
  • 100 gram sukker
  • 1 ts bakepulver

 

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader.
  • Smelt smøret i ei panne, og hell smøret over havregryna.
  • Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.
  • Tilsett bakepulver i eggedosisen, og bland inn smøret og havregrynet. Blad godt.
  • Før du tar fordeler deigen på bakepapirkledd steikeplate så kan du godt la den stå litt, slik at deigen blir litt tjukkare.
  • Legg ca 9 deigklumpar på ei steikeplate. Bruk ei teskei, kjeksa kjem til å sige veldig utøve. 
  • Steik ica 6-7 minutt midt i ovnen. Ta kjeksa ut når dei begynner å bli gyldne i kantane. 
  • Avkjøl først på steikeplata, før du tar dei øve på ei rist der dei kan kjøle heilt. Flyttar du dei for tidlig så vil dei enten bli ødelagte eller krølle seg. 

Om du vil kan du og tilsette litt hakka sjokolade i deigen, då vil dei få ein deilig sjokoladesmak. 

#idarosslandjul #godtno #oppskrift #baking #heimelaga #hjemmelaga #tineno #matprat #syvsorter

Tips: Krokanbitar

Som nevnt tidligare så var eg litt uheldig med eine ladningen med brente mandlar. Det var litt for dumt å kaste 300 gram ferdig glaserte mandlar, så derfor hakka eg dei rett og slett bare opp i mindre bitar. Desse bitane er fine å ha på feks is eller kesam. Lurt eller ka?

Eg putta dei oppi fine cellofanposar i fra Søstrene Grene, og no er dei klare til å få seg ein ny eigar til jul :)

#tips #triks #oppskrift #krokan #is #dessert #hjemmelaga #redesign #gjenbruk

DIY: Julekort

SAMSUNG CSC

Blei ikkje disse korta søte? Også så enkle då! Akkurat slik eg likar dei.

SAMSUNG CSC

Alt du treng er :

  • Stempel som eg tipsa om HER
  • Stempelputer
  • Julestempel fra Panduro
  • Ark 305x305 mm, vekt 216 g. fra Panduro

 

Start med å klippe arket i to, slik at du kan brette korta sammen. Så er det bare fantasien som setter grenser!  Eg brukte gullstempel fra Søstrene Grene.

SAMSUNG CSC

Håpar det er nåken som blir glade for å få dei til jul :)

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #julekort #jul #christmas #hjemmelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

#aftenposten #rom123 #redesign #kreasiw #pandurohobby #sostrenegrene 

Sjakkruter

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 250 g mjøl 
  • 100 g melis
  • 180 g godt smør
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ss kakao

 

Slik gjer du:

  • Bland mjøl og melis. Bruk gjerne eit dørslag, slik at det ikkje kjem klumpar i deigen.
  • Smuldre over mjukt smør og kna deigen sammen.
  • Del deigen i to like store delar. Kna inn vaniljesukker i den ene delen og kakao i den andre.
  •  Trill ut to hvite og to mørke stenger. Legg lys stang ved siden av mørk stang i to lag, slik at du får sjakkmønster. Trykk lett sammen og la stå kaldt til deigen har stivnet noe (ca. 30 min).
  •  Skjer skiver på ca 1 cm og legg den på bakepapirkledd stekeplate. Eg trykte dei litt flate og.
  • SteiSjakkk kakene midt i ovnen ved 175°C i 10 minutter. Avkjøles på rist.

 

Oppskrifta er henta fra detsoteliv.blogg.no

SAMSUNG CSC

Om du vil kan du putte kakene på eit fint glas og pynt opp, vips så har du ein julepresang i boks :)

SAMSUNG CSC

 #idarosslandjul #oppskrift #baking #melange #oppskrift #diy #hjemmelaga #godtno #matprat

Holly Jolly Christmas

  • Skrevet 13.12.2015 klokka 10:00
  • Kategori: Interiør

Kremmerhuset er ein butikk som vokse og vokse på meg. Bare sjå kor mykje fint dei har fått inn til jul i år då? Som sagt er rødt jul for meg. Eg kan ikkje bare ha kvitt, sølv og glitter for å komme i julestemning, eg treng raude nissar og julekuler! I adventskalenderen i fjor fekk eg den fine raude puta av Vegard, og i år har han slått til med dådyret under her.  Den bokstavrekka skulle eg og veldig gjerne hatt, så stilig! Skulle nesten ønske eg hadde litt gull i leiligheten no.. :)



Alle bildene er fra Kremmerhuset sin julekolleksjon.  

Nåke du likar her? :)

#idarosslandjul #Kremmerhuset #jul #christmas #tips #gaver #shopping #bloggklubben #collage #side2 #gavetips

Hjort er hjort!

  • Skrevet 11.12.2015 klokka 18:00
  • Kategori: Kvardag

Lurer du på ka du skal ha til middag i kveld, ja då kan du bare slutte å lure.. Sjekk det kjøttet her då!  *smeltar på tunga*

No gjere vi klart til eit heidundrande julebord i morgon. Vi har invitert ein haug av venner på pinnekjøtt, som Vegard skal stå for. Det blir så koselig! Ha ein god fredagskveld <3

Du treng:

  • Eit godt kjøttstykke
  • Løk
  • Bacon
  • Rosenkål 
  • Fløyte
  • Salt og Pepper

 

Slik gjer du: 

  • Forvarm steikeovnen til 180 grader.
  • Salte og pepre kjøttet og fres det på høg varme i ca 1 min på kvar side, til det får ei fin skorpe.
  • Legg kjøttet i ildfast form og sett midt i steikeovnen i ca 25-35 min. Ta det ut og sjekk fargen på det etter 25 min.
  • Steik løk og bacon godt. Tilsett litt fløyte før servering, og varm opp.
  • Hiv rosenkålen i fosskokande vatn rett før servering. La den koke i 1-2 min. 
  • La kjøttet kvile litt etter du har tatt det ut. Skjær opp i fine stykker.



Voila!




#middag #tips #godtno #hjort #matprat #middagstips

Tips: Bokstavstempel

  • Skrevet 10.12.2015 klokka 10:00
  • Kategori: Tips

Eg har leita etter bokstavstempel til ein forsvarlig pris ei stund no. Og endelig kom eg øve desse her fra Clas Ohlson til 139 kr. Dei har både store og små bokstavar, og du får med fire små fargeputer på kjøpet. Veldig forsvarlig pris med tanke på kor lite dei sikkert kjem til å bli brukt.

SAMSUNG CSC 

Eg kjøpte og nåken andre stempelputer i sølv og gull hos TGR. Desse stråler det virkelig party rundt! Fine til julekort er dei og. Kvaliteten og kor lenge dei varer veit eg ikkje, men trur begge to kosta 50 kr til sammen. 

SAMSUNG CSC

Enda meir hobbyting i hus, godt Vegard ikkje veit kor mykje eg har. Gruer meg til den dagen vi skal flytte igjen...  

Kjekt å ha, det får jeg helt sikkert brukt for en vakker dag...

 

#tips #hobby#kreasiw #pandurohobby #diy #gjørdetselv #stempel #triks 

Nails on fleek

  • Skrevet 09.12.2015 klokka 16:00
  • Kategori: Innkjøp

Før julebordet, den 27 november, fant eg ut at eg skulle ha ein liten heilrenovering. Eg fiksa både øyenbryn, hår og negler til den store dagen. Eg har alltid slitt med negla. Eller ´, dei vokse bare ikkje. Og viss dei mot formodning skulle finne på å vokse litt, så knekk eller fliser dei seg til med ein gang. Derfor fant eg ut at eg måtte legge forlengelse. Bare sjå utgangspunktet:

Og sjekk ferdig resultat! Så fornøyd :) Ein blir så mykje meir feminin med ein gang ein får stelte negler!

Korte fingar blir lange og feminine.

No etter 15 dagar ser negla slik ut. Dei heng fortsatt veldig godt på og eg har pussa dei langt ned sjølv. Dei tålte til og med ein håndballkamp! Kvalitet. Dei vil nok halde i vertfall 1-2 veker til, så er eg klar for nye negler til juleferien!

#klinikkmatis #Kristiansand #negler #nailsonfleek

Oppskrift: Brente mandler

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 300 g mandlar
  • 100 g sukker eller melis
  • 1 dl vatn
  • Bakepapir
  • Litt olje til å smøre bakepapiret med

Slik gjer du:

  • Pensle pakepapiret med olje
  • Bland vatn, sukker og mandlar sammen i ei panne på medium varme
  • Rør underveis og pass på heile tida. Vatnet skal fordampe.
  • Når vatnet er ferdig fordampa skrur du varmen opp litt og sukkeret begynne å sjå tørt ut. Rør godt slik at ingenting svir!
  • Rør til sukkeret nok ein gang har løyst seg opp og har blitt karamellisert.
  • Tøm mandlane ut på bakepapiret og fordel dei utover. Bruk to tresleiver til å fordele, då sukkeret fortsatt er veldig varmt.
  • La dei kjølne på bakepapiret mens du brekk dei i fra kvarandre.
  • Oppbevar tørt og i eit tett glas.

Tips: du kan og tilsette forskjellige smakar til blandinga, som feks; salt, kanel, chili, vaniljesukker, kakao osv. Bare fantasien setter ein stopper her.

 

 
 
Knyte eit lite hamptau og julekuler rundt eit glas fylt med brente mandlar. Nydelig som julegave til den som har alt :)
 

SAMSUNG CSC
 
SAMSUNG CSC
#oppskrift #diy #hjemmelaga #brentemandler #snacks #godtno #detsoteliv #sukker #søtt #gavetips #idarosslandjul
Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits