Ida Røssland

Washington DC

  • Skrevet 01.09.2017 klokka 08:00
  • Kategori: Reiser

Her kjem ein liten oppsummering i frå dagane våras i Washington DC tidligare i sommar. Vi hadde nåken heilt fantstiske dagar, og tok livet virkelig med ro. Washington DC var ein så kjekk og fin by at her kunne vi lett ha reist tilbake ein gang. V snakka om det allerede på flyet heim i fra NY.. Så ja, kan virkelig anbefalast. Vi valgte og å leige sykkel fleire dagar, og på den måten kom vi oss veldig enkelt rundt til dei forskjellige monumenta. Washington var faktisk ein heil del større enn eg hadde forestilt meg, så eg trur nok ikkje vi hadde klart oss uten den sykkelen..

Klikk på linken for å komme til innlegget og fleire bilder:

Dag 1: Arlington

Dag 2: White house, Washington Monument, Lincoln memorial og Pentagon 9/11.

Dag 3: Capitol Hill og Kongressen, Jefferson memorial

Dag 4: Museumsdag, Iwo Jima og Georgetown Waterfront

Håpar det kan være til inspirasjon!

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#reise #washington #usa #ferie #travel #reisemagasinet #reisebloggen #iviusa #washingtondc #reiser #blogg #globetrotter 

Barca snapshots

  • Skrevet 18.08.2015 klokka 18:30
  • Kategori: Reiser

Barca bound

  • Skrevet 26.07.2015 klokka 06:17
  • Kategori: Reiser

Adiós amigos!

San Francisco

  • Skrevet 18.05.2015 klokka 16:42
  • Kategori: Reiser

Etter ein 10 Timer lang kjøretur gjennom ørkenen fra LV kom vi endelig fram til San Francisco! Langs veien hadde vi og ein shoppingpause på eit outletmall. :)  Første dag i San Francisco vart feira med 15 og 16 års dagen til Snorre og Mats og ein skikkelig turistdag! Vi tok den gamle kabelvogna frå sentrum og over til Lombard street (sikksakk veien), før vi gjekk vidare nedover til Pieren. Planen vår var jo å ta turen ut til Alcatraz, men det var overraskande utsolgt 4 dagar fram i tid.. Så då har vi i alle fall ein grunn til å reise tilbake til SF!

Vi tok og taxi til Crissy Field for å sjå på Golden gate, og prøvde iherdig å få ein taxi tilbake.. Men det var lettare sagt enn gjort, og eg og Vegard enda opp med å spasera i over 1,5 time før vi fekk huka tak i ein taxi... Visakortet fekk og svidd seg litt då Vegard er veldig god til å oppmuntra meg til å handla vesker og kler, så han ikkje skal føla at bare han bruker penga.. Så på turen i Usa handla eg ikkje mindre enn to Michael Kors vesker og ei Marc Jacobs.. Men alle er heldigvis godt brukt, så dei var alle gode kjøp :)









Lombard Street







På Fishermans Wharf



Glade gutar med bursdagsgave!











Her er det næraste vi kom på Alcatraz...



Crissy Field!



















Palace of fine arts, der in scene av The Rock blei spelt inn! Fantastic arkitektur :)







Las Vegas

  • Skrevet 14.05.2015 klokka 01:13
  • Kategori: Reiser

Etter vi hadde vore nokre dagar i Los Angeles så bestemte vi oss for ein liten tur innom Vegas! Når vi først var i nærheten liksom... Vi kjørte så og sei bare i ørken heile veien, så det var svært lite å sjå.. Turen frå LA til LV tok vel ca 5 timar i bil (?), eg huskar ikkje. Det gjekk i alle fall fort :)

Då vi kom fram til Vegas var det så ekstremt mange inntrykk å ta inn over seg. Alt var så stort og kult! Vi sjekka inn på hotell Flamingo som låg midt i hovedgata, tvers over for Caesars Palace (hotellet som er med i Hangover filmen). Det første eg og Vegard gjorde når vi hadde sjekka inn var å hive oss i ein Taxi til Pawn Shoppen som vi har sett på Tv..Eg veit, geeks...Vegard måtte kjøpe seg noko der i frå, så han blei ein lykkelig eigar av ein sølvmynt!

Vel tilbake på hotellet vårt var det ekstremt mykje folk, både gamle og unge. Det var tydelig der det skjedde mest på kveldane. Vi fekk til og med gambla litt på spelemaskinane! ;) Vi var innom Bellagio for å sjå på kasinoet og, men der var det ikkje halvparten så god stemning som på Flamingo. Så hotellet er absolutt å anbefale! Vi hadde bare ei natt i Vegas, men vi fekk uansett opplevd mykje. Absolutt ein plass vi kjem til å reise tilbake til :)

 

"Frokost" på ein diner!



















Hotellet vi budde på låg midt i sentrum! Rett ved Bellagio og Caesars Palaze

Her er utsikten fra rommet vårt, snakk om å vera heldige!




Ein av hovedgrunnen til at Vegard skulle til Vegas var så han kunne besøka Pawn shoppen som vi ser på Max! :p Til vanlig pleide det å være lang kø, men vi var heldigvis litt seinare på dagen:) Det som var negativt då var jo at hovedpersoane i serien ikkje var der.. :)













Bellagio! Og det berømte fonteneshowet! Absolutt verdt ein titt :)













Show på kvelden :)













Slik kjørte vi stort sett gjennom heile ørkenen i frå Los Angeles til Las Vegas. Lange lange sletter.





Usa: Santa Monica Pier og Venice Beach

  • Skrevet 18.03.2015 klokka 19:05
  • Kategori: Reiser

Vi tok turen til Santa Monica Pier og Venice Beach i LA. Mats og Snorre hadde jo sjølvklart lokalisert ein skatepark langs stranda som dei skulle innom. Heile strandpromenaden var fantastisk. Det var rart å sjå overgangen og kontrastane i frå Santa Monica til Venice. På Santa Monica var alt litt "finare" og sofistikert. Gatene var reine og husa rundt var stellte. Når vi  kom over til Venice var det tilbake til eit friare område. Her var det gatemusikantar, tiggara, boder og mykje liv i gata. Husa var tagga med nydelig kunst, menneska virka friare og det lukta hasj på kvart hjørna. :)





Vegard var overlykkelig når han fant Bubba Gump Shripmp Company. Det er visste veldig kjent i fra filmen Forrest Gump! :)





















Skatepark!

Santa Monica Beach!













Griffith Observatory og Hollywood-skiltet. 

Vi kom ikkje så tett på skiltet so vi hadde ønska.. Hadde ikkje akkuratt gjort så veldig god research før me kjørte oppover :) Vi fekk i allefall med oss ein enormt fin solnedgang over heile Los Angeles. Byen er heilt ekstremt stor. Vi brukte 1,5 time i fra sentrum av byen til ein anna del av sentrum...i bil!





Sjekk størrelsen på den byen!! Hadde ikkje sjangse til å få alt med på eit bilde ein gang..



Lykkelig med ny veska!









USA: San Francisco til Los Angeles

  • Skrevet 05.03.2015 klokka 23:29
  • Kategori: Reiser

Roadtrip fra San Francisco til Los Angeles. Fredag då vi landa leigde vi oss bil (monsterbil) og starta på turen sørover på Highway 1. Vegen er også kjent under namnet Pacific Coast Highway, og er berømt for å gå langs ein av verdas vakraste kystlinjer. Og flott det var det! Turen frå San Francisco til Los Angeles brukte vi to dagar på, og hadde oss ei overnatting i Santa Barbara kor vi møtte ei fra Rosendal som studerer der. :)




Vi hadde ein pitstop i Carmel. Ein veldig fin og intim by sør for San Francisco, langs Highway 1. Den bar preg av mange eldre og litt bedre stillte mennesker som budde der. Forsto det slik at det ikkje er lov å bygge nokon nye byggningar i byen, så dette gjer det jo til eit lukrativt område å bu i, då det ikkje kjem til å komme nokon nye bustadar i framtida. 

















Mengdevis av elefantselar så låg langs kystenn og kvilte seg. 







Outlet, shoppinghimmelen for Vegard denne butikken her!

Ja, vi var innom fleire skateparkar på turen..

Svag

Og vi kjørte mykje i kø... Vegane var så store og fine at avstandane føltes ikkje så lange, men det var mykje kø når vi kom oss inn mot byane.

Klassetur til Italia

  • Skrevet 30.09.2014 klokka 00:28
  • Kategori: Reiser

Forrige veke kom eg heim i frå ein fantastisk kjekk og opplevelsesrik skuletur til Italia. Vi var både i Bologna, Firenze og Pisa så vi fekk sett mykje på dei 3 dagane vi var der. 





















Vi var og på vinsmaking hos Bibi Graetz. Bibi har norske aner, snakka norsk og har i over 10 år produsert vin ved vingården, og slottet, Vincigliata. Han selger mykje vin inn til Norge og i 2005 produserte han Italias dyraste vin til 4575 kr pr flaske. Han er og kåra til å ha laga verdens beste vin. Han bur på slottet med familien sin på 5, og heile atmosfæren rundt på området var fantastisk.   

















Siste dag i Bologna. Eg og Mona var på date og fekk servert verdens beste pasta!:)





I Pisa!













Bodødag

  • Skrevet 05.07.2014 klokka 01:23
  • Kategori: Reiser

Ahh, endelig ein dag eg fekk sova ut. Bare sjå kor lykkelig eg var når eg innsåg at eg hadde sove til kl var 11:30! Det var nemlig ikkje vanlig tidlig flygning idag, noko som betydde rolig start på dagen. Vegard sa det hadde vært ein scramble kl 10:30, men kroppen min må ha vore i koma- for det har ikkje eg fått med meg :p 

Vi har og pakka i bilen idag, huff det blei fult. Bare vinterdekka tar jo heile bagasjerommet, så det blir trangt. Får bare håpa vi ikkje treng å overnatta i bilen på vei nedøve. For nokon plan, det har vi ikkje! Etter vi hadde sett Frankrike - Tyskland spelte vi Frisbee-golf. Dette er visst nok som er veldig populært her i Bodø, det er jo i alle fall tre banar her i byen. Det var egentlig heilt greit, ikkje noko meir eller mindre. Egentlig eit drittspel når eg kasta frisbeèn i skogen... Det beste med det heile er vel at klokka nærma seg midnatt når desse bildene blei tatt. Midnattsola her er so fantastisk. Eg er heilt fasinert. No, klokka 01:30 er det like lyst som midt på dagen! Fantastisk fint!


Fine Nord!

Malaga vol.III

  • Skrevet 23.06.2014 klokka 21:45
  • Kategori: Reiser

Mi fine spreke mamma! Love you!

 Vi har alltid hatt lyst å prøva fish-spa, men har liksom aldri komt oss til å gjere det. Herregud kor rart det var! Fiskane var jo reine kjøttetarane.. Vegard blei faktisk bitt til blod, og dei jobba kraftig med å få i seg mest mulig av det..:p



Tapasresturant





Min fine <3

Spania tapte første VM-kampen sin, men det var alikevell liv i byn.

På naboresturanten var det nok bra liv heile kvelden ;)

Takk for ein nydelig fin tur! :)

Malaga vol.II

  • Skrevet 20.06.2014 klokka 12:32
  • Kategori: Reiser

Her kjem litt fleire bilder i frå veka i Malaga. Eg tok så utrulig mange koselige bilder, så det var vanskelig å velge ut nokre få. :)






















 

Malaga vol.I

  • Skrevet 18.06.2014 klokka 00:01
  • Kategori: Reiser

Vi er heldige altså! Forrige fredag, etter bacheloravsluttningen, reiste eg til Flesland for å møta Vegard. Vi visste ikkje noko om kortid flyet vårt gjekk, bare at det var tidlig på lørdagen. Kl 02 kom mamma og Harald, og vi kunne venta på å få sjekka inn bagasjen. Harald klarte å holda seg, så vi hadde faktisk ingen aning på kor vi skulle reise til før vi boarda ombord på flyet. Turen gjekk til Malaga! :D Vi har hatt ei nydelig veka der nede. Sol, shopping, god mat, drikke og ikkje minst selskap.:) 































Pakketips til ferien!

  • Skrevet 30.05.2014 klokka 15:57
  • Kategori: Reiser

No er det ikkje lenge før det er ferietid! Neste helg reiser eg på ferietur, men eg har ingen anelse på kor vi skal..Gøy! :D Eg har i allefall laga ei lita huskeliste på det som er viktig å tenke på når ein skal pakke til ferien, og då varmare strøk. :)





♥ Ting du må ha med: Passet, bankkort, reisepapir og litt cash

♥ Husk å sjekk at passet ikkje er gått ut på dato. Ved avreisedato må det og være minst 6 månadar til det går ut på dato. 

♥ Lader. Husk lader til alt. Kamera, mobil osv. Det mest kjedelige i heile verden er at kameraet går tom for batteri, også har du glømt lader. 


♥ Snacks og drikke. Eg trenger i allefall alltid nåke meir enn maten vi får på flyet. Den er ofte tørr og kjedelig. Litt nøtter, frukt, sjokolade og vatn er deilig å ha tilgjengelig i veska. 

♥ Skjerf. Eg har alltid eit skjerf med meg på flyet, uansett om eg skal til Tyrkia eller til Bodø. Dette er pga airconditionen som dei alltid skal ha på fullt.. Aircondition og meg = forkjøla, og eg nekter å starte nåken reiser med sjukdom! 

♥ Ekstra skift. Ha alltid eit ekstra skift i handbagasjen, evt lettare kler som du kan kle deg i når du kjem fram. Det å sitte i varm bukse og genser på vei til hotellet er døden. Derfor har eg alltid med meg ein skjorts eller eit skjørt som eg bytter til på flyplassen når eg landar. Dessuten kan kofferten bli vekke på veien, og då er det greit å ha bikini og skjorts klar uansett. 

♥ Ha verdisakene i handbagasjen. Det kan skje at bagansjen blir vekke eller blir stjelt, og då er det greit at ikkje kameraet til fleire tusen ligg i den. Kjipt med alle feriebildene som blir borte. 

♥ Øyreproppar. Øyreproppar er gull verdt på flytur. Det stenger skrikande ungar og flybråk ute, og gir meg rolig og god musikk til å sove på.

♥ Tenk i gjennom kva du treng. Du treng ikkje fem skjortsar til ein sjudagars ferie.

♥ Ta alltid med fleire bikiniar! Det verste eg veit er når eg får stygt og tydelig bikiniskille. Dessutan kan det fort bli krise om den eine blir ødelagt.

♥ Ta med mask tre par sko: Converce, ballerina og sandalar. 

♥ Pakk klær som kan miksast, då treng du færre klesplagg. Du treng ikkje ein ny kjole for kvar dag, og tenk heller basisplagg som kan brukast til alt. 

♥ Ha litt ekstra plass på vei ned. Eg likar i allefall å ha muligheten til å kjøpe nåke når eg er på tur, og det verste eg veit er å betale overlast. Vegard er heller ikkje så fan av at eg bruker han koffert fordi eg har handla for masse..

 

♥ Solkrem! Alltid husk solkrem. Sola er mykje sterkare enn kva vi er vane med her i Norge. Eg har i alle fall så lys hud at eg ikkje kjem unna å bli solbrent uansett. Eg har med meg alt i frå faktor 10 til 30. Anbefaler og å kjøpa solkrem før du reiserHeldigvis er eg ikkje blitt voksen endo, så mamma kjøper den fortsatt til meg ;)

♥ Ta shampoo og balsam over i små reiseflasker. Du får brukt favoritten din, pluss det tar mindre plass. Flasker får du kjøpt på HM.

♥ Førstehjelp. Om du ikkje reiser med ein sjukepleier (dei har alltid allt slik med seg), så må du nok pakke litt sjølv. Paracet, idoform, plaster, eksemsalve osv. :)

♥ Handkle. Du kan alltids kjøpe hånskle der du skal, men eg synes det er best å ha med mitt eige. Det er allerede vaska fleire ganger og absorberer i det minste vatn, i forhold til dei du kjøper på stranda til 50 kr. 

 

Her er eit bilde av ein fisk Vegard fanga på Sicilia. :p

Pink night

  • Skrevet 27.05.2014 klokka 18:36
  • Kategori: Reiser

Igår kveld farga sola himmelen og fjella her i ein nydelig rosafarge. Til sommaren er det jo midnattsol, det glere eg meg så til! Er så lenge sidan eg har sett det no, at eg trur ikkje eg huskar det. Håper eg får nåken bra bilder då :)






Siden sist

  • Skrevet 26.05.2014 klokka 08:05
  • Kategori: Reiser

I helga har det vore nydelig vær, noko det forsåvidt fortsatt er.:)  På lørdag var vi i byn og åt og i går var vi på luftfartsmuseumet! Vegard blei så gira og glad når han innsåg at eg ville på fly-museum! Det er ikkje lenge før vi reiser på sør no. Neste gang eg kjem til Bodø er det total midnattsol, det blir spennande! :D




Keiservarden- Bodø

  • Skrevet 25.05.2014 klokka 17:24
  • Kategori: Reiser

Vi har vore på endo ein tur her i Bodø! Turen gjekk til sikkert den mest besøkte toppen i byen, nemmelig Keiservarden. Vi møtte så utrulig mykje folk at det var skummelt.:p Det var ein veldig rolig og slapp tur som gjekk på ein grusvei 4 km rundt "fjellet" til ein kom til toppen. Det som var kjekt var utsikten øve byen når vi kom på toppen. :) Kjekt å få sett litt av byen når eg først er her:)












Same old, same old

  • Skrevet 20.05.2014 klokka 12:59
  • Kategori: Reiser

Dagane mine her i nord er egentlig ganske like. Eg står opp kl 09:30 når QRA´ane tar av, då rister heile kasserna, lyden er heilt intens og det er virkelig ikkje mulig å sova lenger. Så slår eg sammen sovesofaen og sette meg på Mac´en for å starte med bachelorskriving. Idag er eg endelig begynna på metodedelen, så no har vi bare tolking og anbefaling igjen. Eller, bare og bare, men vi har satt oss som mål å vere ferdig til søndag. :D No har eg laga meg pannekaker, av havregryn, egg og litt kakaopulver og venter bare på at Vegard skal komma heim så vi kan gå på trening! Mulig vi skal spela frisbeegolf idag og, hørt om det før?



17. mai helg!

  • Skrevet 19.05.2014 klokka 16:27
  • Kategori: Reiser

Fekk melding om at det var dårlig med oppdatering her i det siste, og det skyldes jo bare to ting; bachelor og 17.mai helg! På 16.mai var vi på beercall i baren her på leir, der eg fekk spinna eit lykkehjul som fortalte kor mykje eg skulle betala for kvar halvliter eg kjøpte den runden. Heldig som eg er landa hjulet på 10 kr kvar gang, og ingenting er jo kjekkare enn det. 

Her er litt bilder fra helga som gjekk, og feiring i Bodø. 17.mai var vi innvitert på brunch hos nåken kollegaer av Vegard. Alle tok med seg ein rett kvar og vi kosa oss med god mat og drikke heilt til vi for ned i byen for å sjå på borgertoget. Til min store overraskelse så kjørte  PELLE POLITIBIL fremst i toget, og da gjorde dagen min for å sei da sånn!


17.mai






#17mai #champagne #party #bunad #hardangerbunad #godtselskap

Bodø city

  • Skrevet 15.05.2014 klokka 15:28
  • Kategori: Reiser

Endelig er eg i Bodø igjen! Eller endelig og endelig.. Einaste grunnen til at eg faktisk vil vera her er fordi Vegard må jobba. :) Eg er her på ubestemt tid, nåke som betyr at eg ikkje har bestillt billett heim igjen enda!:D Ellers så blei kofferten min ødelagt på veien opp, så eg skal heldigvis gå på senteret og få meg ny! Elskar den type kundebehandling!  

Dagen idag starta med eit brak, eller fleire brak. Eg bur jo inne på leir når eg er her og kl 09:00 raste det fem F16 rett over kasserna eg bur i. Vegard hadde advart meg på lyden, men at det skulle være så gale hadde eg ikkje trudd! Og siden det er slik kvar dag, med jagerfly som lettar kvar time så er eg vel meir forberedt i morgon. :) Sjølv om eg er innesperra på leir så kjeme eg nok til å ha det ganske greit her, og får nok gjort mykje skulearbeid! I heile dag har eg jobba med å reinskrive dybdeinterjua vi hadde på Fædrelandsvennen på tirsdag, og skal snart ta fatt på ei eksamensoppgave.

Hardt liv som student!

Eg bur i ei sånn...:

Men no ventar eg Vegard inn dørene om få minutt, då er det tid for middag og trening! :)

Spontantur!

  • Skrevet 12.05.2014 klokka 12:01
  • Kategori: Reiser

På lørdag gjekk det fort føre seg altså. Når klokka var 15:30 fant vi ut at vi skulle ta ein tur til Danmark! Vi bestillte billettar med Superspeed, for latterlige 330 kr for 3 personar tur/retur :p Vi fekk ein liten time i Hirtshals, og på den tida rakk vi akkuratt å gå på bar. Gutane var altså fornøyde med besøket i Danmark..Utrulig deilig å ha mulighet til å ta ein sånn tur når ein bur så nært  :) Neste gang får vi ta ei helg i Ålborg! :)





Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits