hits

Ida Røssland

Dag 9: Siste dag i USA

Lørdag og siste heile dag i New York står no for tur. Kva skal eg egentlig blogge om når eg er ferdig med USA-eventyret vårt?🤔   Det blir nok ikkje så hyppig, eller interessant, med blogging om livet på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag, men vi satsar på litt oppdateringar likevel 😊


Frihetsgudinnen:

Mandag var planen å komme seg tidlig ned til Frihetsgudinnen, siden køen var så enormt lang til lenger ut på dagen det gjekk. Vi klarte jo ikkje å komme oss ned dit til 8 (vi var da tross alt på ferie), men var i billettkøen rundt 11. Det gjekk virkelig fort unna, og innen klokka var 12 var vi på båten på vei over til Liberty Island.😊

Båtane som går i skytteltrafikk kvart 20 min. 

Frihetsgudinna var like magisk som den var for 7 år siden. Vegard blei veldig overraska, for han hadde ikkje trudd den skulle være så stor som den var. Dessuten var det ok menge med folk der ute, med tanke på at det var midt på sommaren vi valgte å ta turen. 😊

På båtturen ut til øya kan eg anbefale at dåke står på styrbord/høgre side av båten. Då får du sett Frihetsgudinna i frå sjøen og. På vei heim igjen er det sjølvsagt andre sida som er best å sitte på. 😊

Vi gjekk ein runde på øya og fekk til slutt ein nydelig utsikt over heile skylinen i New York. Og ikkje minst det nye One World Observatory bygget som ruver 541 meter over bakken. 

Little Italy

Vidare tok vi sunbwayen mot Little Italy. Denne dagen hadde vi nemlig bestemt oss for at vi måtte klare å få i oss ein lunch i rimelig tid før middagen skulle inntas. Valget falt derfor på Il Cortile, ein restaurant som er kjent i fra serien Sopranos. Vi satt ute, men inne minna det meir om eit slikt mafia miljø som det er i serien. Vi såg ekstra godt rundt oss om det kanskje satt nåken som minna litt om mafiabossar rundt der ja.😅Hadde det vært ei gågate her så hadde eg nok følt eg hadde vært i Europa. Dessuten var Little Italy 100 ganger roligare og koseligare enn nabogata, der Chinatown er.. 





China Town

I China Town var det folk som stod å skulle selge oss nåke i det vi runda gatehjørnet i fra Little Italy. Altså, er det mulig! Vi fekk begge flashback til selgerane i Tyrkia, og fekk rett og slett litt avsmak..🙄 Heldigvis skulle vi ikkje være her så lenge, men vi måtte gå eit stykke igjennom for å finne ein undergrunn. Ellers er det jo veldig fasinerande korleis dei har klart å lage til eit så autentisk miljø midt i New York City! Her får du nok tak i det meste av spesiell mat som du får tak i i Kina og. 

Typiske sjapper som låg langs gatene i China Town.

Central Station:

Vi tok subwayen vidare nordøve og fant plutselig ut at vi var på eit tog som skulle innom Central Station. Dette passa jo meg bra siden eg hadde lyst å sjå den og. Vi hoppa av her og fekk endelig sjå nok ein kjent plass i fra mange filmar. 

Nede til venstre står togtidene og blinkar. Sjølv om det er enormt mykje folk innom her kvar dag, så var det veldig reint og ryddig her.. Og ikkje minst fasinerande å tenke på at folk som er der faktisk er på reis, slik som på OsloS. 😊

Empire State:

Etter Central Station gjekk vi nedover mot Empire State. Planen var ikkje å gå opp i denne, då eg hadde vært her før, men V ville veldig gjerne sjå den. På veien ned fekk vi og kjøpt ein ny håndbagasjekoffert og, så vi slapp å få så mykje overvekt på bagasjen på veien heim. 

Rundt Empire State, på Street 34/ Broadway er det og eit fint shoppingområde. Kan anbefale å ta turen her om det er nåken som er interessert i shopping, og nåken som bare likar å sitte på cafe/pub å vente.😊

Seinare på kvelden tok vi turen på ein restaurant som heiter Brazil Brazil. Her fekk vi servert eit godt stykke kjøtt og tilbehør. Ein koselig kveld ute, men vi var nok begge litt lei av å ete ute på restaurant, og gleda oss vel mest til å komme heim til Norge og god norsk mat. Slik er det vel når heimreisen nærmar seg!😏

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen 

Dag 8: 2700 km seinare - New York!

No kjem endelig innlegget i fra første dagen vår i The big apple. Søndag morgon starta rolig. Gu det var deilig det var å endelig få sove i ei skikkelig "vestlig" seng igjen. Mjuke gode puter, dyne og deilig seng gjorde at vi ikkje klarte å stå så alt for tidlig opp denne dagen. Når vi endelig kom oss av gårde tok vi undergrunnen heilt sør på Manhattan. Vi valgte å kjøpe 7-dagars billett for 32$, og brukte dette flittig alle dagane vi var i byen. 😊

Første planlagte stoppestad var egentlig Frihetsgudinna, men på grunn av alle turistane og køen så droppa vi det denne dagen. Vi fant ut at vi heller skulle være litt tidligare ute neste dag, og satse på mindre kø på mandagen. Vi valgte derfor å gå vidare opp mot Wall Street.

Oksen:

På vei opp til Wall Street gjekk vi forbi den kjente Wall Street oksen. Problemet her var jo at turistar har jo tatt totalt over heile oksen.. Det var jo ikkje ein gang mulig å få sett heile oksen ein gang på grunn av folk.😅  Og ikkje for å virke stigmatiserande eller nåke, men det var ekstremt mange Hinduistar som meir eller mindre tilba den og måtte ta og stå kloss inntil oksen. Og ikkje minst ta bilder av og med den i alle mulige vinklar... 

Jaja, så får statue være statue 😅

Wall Street:

Vidare gjekk vi nordover og opp mot den kjente gata Wall Street. Wall Street er vel kjent som verdensøkonomiens sentrum, så med andre ord ein mektig plass. Vi kan ikkje sei vi merka nåke til "stresset" som sikkert foregår på innsida av desse bygningane, men etter det vi har sett på film (😎 ) så går det i eit enormt tempo her! 

Høge fine bygningar var det i alle fall. Sikkert bare kontorbygg alt sammen. 

9/11 Memorial:

Endelig skulle vi få oppleve Ground Zero og 9/11 memorial. Dette var eit nydelig og fantastisk fint gjennomført museum/ minnesområde for dei etterlatte og overlevande etter terrorhandlinga i 2001. Historien var godt gjenfortalt og veldig rørande. Nederst i museumet og inne på hovedmuseet var det ikkje lov å ta bilder. Nåke som er veldig forståelig med tanke på dei etterlatte og av respekt for dei omkomne. 

Ved bursdagar, så blir det sett ei kvit rose ved navnet til dei omkomne. 

Her er eit av dei siste bileta som vart tatt av Twin towers.

Det var veldig fint å få sjå heile tidslinja i frå dagen, og i frå dei forskjellige flya som krasja. Vi fekk jo og meir innblikk og informasjon om kva som skjedde på Pentagon, nåke som egentlig var veldig fint med tanke på at vi hadde vært der tidligare i veka. 

Denne brannbilen sto plassert under ei gangbru mellom tårna. Alle som arbeidde på den var inni tårna når dei kollapsa...

Her er One World Observatory, som no er den høgaste bygningen i New York. Den blei bygd som eit symbol på at USA reiser seg igjen etter terroren. Den står på området der dei andre World Trade centera står. 

Evakuering av World Trade Center 4

Rett etter at vi var kome oss ut av 9/11 Memorial blir vi møtt av ein vegg med brannbilar, politi, ambulanse og til og med nåken militære. Dei begynte å stenge av området rundt det 4. World Trade Centeret. Vi kunne sjå at heile bygget var evakuert, men siden det lukta mat og litt svidd så konkluderte vi egentlig med at det bare var pga brann på ein restaurant eller lignande. Det virka ikkje som om det var nåke superalvorlig siden folk rundt bygningane ikkje blei evakuert, så vi gjekk bare vidare.  Sjølv om vi syntest det var litt rart at militæret og var representert her med våpen og bombevest.. 

Militæret og journalistane på plass.

Seinare på ettermiddagen leste vi at det hadde vært evakuering pga ein sekk som var funnen inne i bygget. 😮 Det var heldigvis bare ein sekk med vitaminer og klær i, men dei tar ingen sjansar her i Usa lenger. Egentlig litt fint og då, og ikkje minst å sjå korleis dei håndterte ein slik situasjon. Det var ingen panikk blandt folk i det heile.

Friends bygget og Sex In The City trappa:

I frå Ground Zero tok vi subwayen opp til eit område som heiter Greenwich Village. Det er kanskje tidenes koseligaste nabolag vi var innom i New York, så her kan eg anbefale ein tur. Det er og i dette nabolaget den berømte trappa i fra Sex in the city og Friendscafeen ligg. 😊

Ååå, slike byggningar! Så idyllisk og typisk New York!

Trappa til Carrie Bradshaw finn du her: 66 Perry St, New York, NY 10014

Friendsbygget kan du finne her: 90 Bedford St, New York, NY 10014, USA

Cafeen er faktisk i drift og. Ikkje likt som den i serien, men koselig likevel.😊





Times square:

Resten av kvelden gjekk til shopping og turisting på Times square. Vi budde For ein plass seier bare eg. Eg har vært der før, men huska ikkje at det var slik det var. Det er jo bare eit kaos uten like... Turistar over alt. Men igjen, det er jo ein veldig spennande plass, og når hotellet vårt låg kun 5 min vekke så blei det litt trøing her kvar kveld. 

Som i ein film!

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen

Dag: 7 Washington - New York

Her kjem enda eit innlegg i frå roadtripen vår i USA. 😊  


Då var vi endelig kome til lørdag 1.07 og klare for å kjøre nordover mot New York. Siste stoppestasjon før vi sette kursen mot Norge. Vi starta heldigvis å kjøre tidlig, med tanke på køen vi kjørte i heile veien opp til Philadelphia. Denne turen skulle egentlig ta 2,5 time, men eg trur vi brukte rundt 4,5 timar på den turen... 😩  Vi var rimelig lei når vi endelig kom oss fram til Philadelphia då ja! Planen her var egentlig å gå innom å sjå "Independence hall" og "Liberty bell", men med tanke på at vi låg så enormt bak skjema blei det bare ein kjapp tur utav bilen for å sjå det på avstand. 

Her er Independence Hall. Det var her USA´s Uavhengighetserklæring blei underteikna i 1776.

Her inne står bjella, men det var så lang kø at deeet gidda vi rett og slett ikkje. Hadde nok ikkje hatt tid til det heller, med tanke på at vi skulle levere bilen i New York samme kvelden.



Fra Philadelphia til New York gjekk det heldigvis litt kjappare på fram. Og til nærmare vi kom New York, til meir var det og å sjå på. Nåke som vi heldigvis var forberedt på var at det kom til å bli ein del bomstasjonar når vi nærma oss NY, men at det skulle bli så mange hadde vi aldri trudd. Og prisane blei vi mildt sagt litt sjokkerte over. Det var jo som å reise i Norge! 8$, 10 $ og 15$ var liksom innen 1 times kjøring... Jaja, godt vi bare skulle ein vei.. Dessuten hadde eg samla alle småpengane mine i fra året i ein pose, så til slutt så betalte vi bompengar på 10$ med 10¢ og 5¢ vi hadde igjen. Vegard var lite imponert over meg foråseidetsånn... 😅

Det blei ein stopp på Dunkin Donut på veien og. Her hadde vi ikkje vært innom i løpet av året, og då måtte vi jo bare det. Kanskje ein liten siste "krampetrekning" før avreise? 🙊

Veisystemet i USA er imponerande og stort. Rimelig greit at Vegard har is i magen og ikkje alltid høyrer på meg når det gjeld veivalg og 😅 Vi kom oss nå trygt fram uansett!

Her er Verrazano-Narrows brua som er ei svær to etasjes bru som går i frå Staten Island og over til Brooklyn, altså sør for Manhattan. Ganske stilig egentlig, og ja vi valgte bevisst å kjøre på øverste dekk 😅

Etter eit tips, i fra ei som har budd i New York eit år, kjørte vi innom Coney Island på vei til flyplassen. Dette er eit område ved sjøen der det er tivoli, karusellar, arkadespel og slik. Vi var bare nett nedom her, for på himmelen kunne vi sjå at været kom til å snu gaaanske kjapt. Eg var ikkje før komt inn i bilen før himmele åpna seg. #rutinert 😎

Ikkje akkurat krittkvit Destin-strand her nei, men sikkert deilig for befolkningen i New York når sommaren står på. 😅

Vi skulle levere bilen på JFK flyplass innen kl 20:00 lørdags kveld, og etter ein kjapp stopp på Coney Island, så fekk vi levert bilen ca 30 min før avtalt tid. Og då har vi så og sei kjørt i eitt i fra Washington sidan kl 12 på morgonen.. Er det mulig? Turen skal jo egentlig kun ta 4 timar i frå Washington.. 😩

Då vi nærma oss hotellet så fekk eg ein følelse av at her hadde eg vært før. Etter å ha kome inn i lobbyen fant eg ut at eg hadde budd på det hotellet for 7 år siden når eg var i NY for første gang. Altså, kva er sjansen for det egentlig?😂  Haha, uansett. Etter at vi hadde fått all bagasjen inn på rommet, tok vi turen ut for å sjå på Times Square og for å få oss ein matbit. Klare for å få med oss mykje av det New York har å by på dei neste dagane!

#NY #NewYork #reise #usa #ferie #sommer #iviusa #reisemagasinet #reisebloggen #travel #wanderlust #

Dag 6: Museumsdag i Washington

Hei ja! Eg henger nok litt på etterskudd med oppdatering i frå USA, men det er så deilig å være heime igjen at alt som heiter blogg og pc ikkje har blitt prioritert 😊  Her kjem i alle fall siste innlegg i fra Washington.


 

Fredagen, og siste dag i Washington, hadde vi satt av til museum og slikt. Ettersom vi hadde blitt så godt kjent med syklane dagen før, så valgte vi å bruke dei denne dagen og. Altså, for eit genialt system! Og i alle fall i denne varmen som var her desse dagane. Gradestokken pusha 30 grader, og å då gå rundt i ein by, nei det hadde blitt litt for varmt.. Det var varmt nok å sykle rolig rundt!😅

National Archives:

Vi kom oss av gårde ned til første stopp for dagen, National Archives. Det er her inne "The Declaration Of Independence" ligg, altås USA´s uavhengighetsærklæring.. Det ligg kun til utstilling her, men blei skriven under i Philadelphia. Her var det ikkje lov å ta bilde inne og det forstår eg veldig godt, bare tenkt den køen som hadde blitt om alle skulle tatt bilde av den då! Her var det nemlig nesten ikkje kø, nåke som var utrulig deilig. 😊


 

National History Museum:

Vidare over gata fant vi Nasjonalhistorisk museum. For alle som har sett filmen "Natt på museet", er dette museet eit lite must. Egentlig var det veldig fasinerande  ting i heile museet, men det var ein heil del mindre enn kva eg hadde sett for meg. Spennande å ha fått med seg, og vi fekk sjå mange forskjellige artar. 

Museet gjekk gjennom dyreverden, oldtiden, mennesket, bergarter, mumier og egentlig det meste på jorda. Her er det og ein frivillig som arbeider med fossil som er funne av arkeologane som er ansatt ved museet. 

Norsk rotte klarer seg tydelig veldig bra og er ikkje på lista av utryddningstrua dyr...😅

Air and Space Museum:

Etter at vi var ferdige på historisk museum så mååååtte vi bare ein liten siste gang innom eit fly- og romfartsmuseum.😅  Heh, Vegard blir visst ikkje lei han! Uansett så var det eit bra museum, og kanskje litt meir tilrettelagt for barn enn Kennedy Space Center. Men absolutt verdt eit besøk om ein er i her! Alle museuma er jo gratis, så ein kan ikkje akkurat tape nåke på det 😎  Det som var litt kult her var at drakta som Buzz Aldrin brukte på månelandingen sto utstilt der! Den er på bildet under. 


 

Iwo Jima Memorial:

Etter vel mange timar inne på museum tok vi sykkelen fatt igjen og sykla tvers gjennom byen og bort til Arlington området igjen. Her låg eit stort monument til minne om slaget om Iwo Jima. Iwo Jima var ein viktig kamp, på ei øy i Stillehavet, som Amerikanerane vant over mot Japanerane i andre verdenskrig. Statuen under er laga basert på eit bilde som blei tatt når amerikanarane vant og fekk reist flagget sitt på øya. 😊


 

Georgetown Waterfront:

Etter sykkelturen bort til Iwo Jima begynte det å bli kveld, så vi sykla til eit område som ligg litt vest for sentrum av Washington. Vi hadde fått eit tips om at dette var ein plass vi burde få med oss og ete middag ein kveld. Det var vel litt som Washington´s Aker Brygge.😅 

Ein nydelig siste dag i Washington. Og ikkje minst, denne byen er virkelig verdt eit besøk! Vi fekk vel med oss det meste og viktigaste, men vi kunne gjerne reist tilbake her igjen. 

#washingtondc #dc #usa #reise #reisemagasinet #reisebloggen #ferie #sommer #iviusa #politikk #minne 

Dag 5: Sykkeldag i Washington!

Torsdag i Washington starta rimelig rolig etter at vi farta rundt i byen på natterstid dagen før.. Sliten valgte eg å spasere ned i bassengområdet for å få i meg litt mat og gi kroppen litt etterlengta solstråler og bading. Seinare på dagen var det klart for å leige sykkel! Nåke som vi hadde sett andre turistar farte rundt på, og ein liten "drøm" eg har hatt når vi har vært rundt på ferie. 



Mesteparten av monumenta ligg rundt området som blir kalla "The Mall". Det strekker seg som eit kors i fra Kongressen til Lincoln Monumentet og fra The White House til Thomas Jefferson Monument. Og midt i det heile står Washington Monumentet, som er den høge pålen på bildene i forrige innlegg. Med andre ord er alt på ein måte sentralt rundt The Mall, men avstandane er likevel så store at ein sykkel kan være ein fordel. 

 



Det finnes sykkelutleige med stasjonar over alt i denne byen. For 8 $ så har du tilgang på alle syklane i 24-timar. Eit heilt genialt konsept, ettersom vi har fått sett så utrulig mykje idag, og er likevel ikkje superslitne i beina. Kjennte det litt i rumpa då men... Det einaste som kanskje er litt negativt med sykkelutleige er at ein kun kan ha syklane i 30 min av gangen, viss ikkje koster det meir, og meir og meir... Heldigvis så blei vi etter kvart rutinerte, så vi slapp å betale ekstra.

Capitol Hill og Kongressen:

Første stopp på syykkelturen vår var Capitol hill og Kongressen. Dette er vel det som vi heime kaller Stortinget. 

Jefferson memorial:

Denne minnesstatuen står ute på ei halvøy, så her er eg gla vi hadde sykkel. Eit heilt enormt fasinerande bygg. Eller det gjeld vel alle bygga her i Washington. Alle er overdådige, og laga i marmor og anna kvit stein. 





Heldigvis for oss så kom vi slik at vi fekk med oss solnedgangen over byen her i fra. Den var igjen nydelig! Eg er sikker på at eg aldri blir lei solnedgangar..😍

❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️


#washingtondc #dc #usa #reise #reisemagasinet #reisebloggen #ferie #sommer #iviusa #politikk #minne 

Dag 4: Første dag i Washington by!

Første skikkelige og heile dag i Washington DC! Endelig var det vår tur til å besøke denne nydelige byen. For det var akkurat det inntrykket vi sitte igjen med, byen er nydelig! Det var reint i gatene, ok mengde med turistar, nydelige bygg og god mat. Her kan vi gjerne ta turen tilbake ja!😊  Einaste som kanskje kan være litt negativt, eller om det bare er tidspunktet vi reiste på, er at hotellprisane var litt høge.. Vi betalte over dobbel pris for hotell i Washington vs. New York. Men igjen så gjer det ikkje nåke å bu litt utfor sentrum og "The Mall" i Washington, då du kan bruke bysykkel overalt.

Vi starta i alle fall dagen rolig med å sjekke ut nabolaget å finne ut av kor og kva vi skulle sjå på. Her i denne byen er det meir enn nok å finne på, så vi måtte velge ut litt. Det var og enormt varmt den dagen at vi rett og slett måtte stoppe på veien ned til sentrum.

Turistar som veit å nyta da!

The White House:

Første stopp på veien var The White House! Eit skikkelig stilig og flott bygg altså, men det var mykje mindre enn eg hadde sett for meg egentlig.. Slottet er svært i forhold for å sei det sånn. 

Her var det sjølvsagt stor sikkerhet, og det sto 4 bevæpna vakter på framsida. Eller i alle fall som vi kunne sjå, så er det jo sikkert nåken som lurer i buskane bak her og. Om Trump var heime kunne dei ikkje svare på, så der gjekk han glipp av storfint besøk i fra Norge ja 😎


 

Washington Monument: 

Kor enn vi har bevegd oss rundt her i Washington så har vi nesten kunna sett dette monumentet. Monumentet blei reist til ære for USA sin første president, George Washington. Dette er monumentet er heile 169 meter høgt, og eg blei rimelig svimmel av å stå nederst å sjå opp til toppen. Uheldigvis for oss så var monumentet stengt for offentligheten pga heisen ikkje fungerte, ellers så hadde vi nok tatt turen opp i det. Bare tenk for ein fantastisk utsikt det hadde vært over byen her i frå då!

Washington Monumentet sett i fra Lincoln Memorial. Her er det kjente "bassenget" som Forrest Gump sprang i, og som ein kan sjå på mange andre filmar! Det gjekk til slutt litt sport i det for oss å komme på filmar som hadde scenar i frå plassane vi reiste til på denne turen. Det blei absolutt meir av det i både Philadelphia og New York og!😊

Lincoln Memorial:

Lincoln monument er eit monument som er bygd til ære for den 16. presidenten Abraham Lincoln. Bygget ligg i eine enden på The Mall, og har utsikt rett mot Washington Monument og Kongressen. Det er på trappa her at Martin Luther King holdt den kjente "I have a dream" talen sin i 1963. Igjen er dette bygget og heilt nydelig bygd  i marmor.😊

Pentagon 9/11 Memorial:

Tidligare på dagen var vi og ein tur innom Pentagon. For eit mektig bygg! Det er egentlig ikkje lov å parkere der, men vi tok sjansen likevel. Altså, det er ikkje kvar dag vi har muligheten til å stoppe her vel. 😎

Det krydde av sivile politibilar her, så etter ein kjapp tur bort så fant vi ut at Vegard skulle gå å hente bilen så vi ikkje fekk bot, blei taua vekk eller verre som er.. I mellomtida gjekk eg bort til minnesområdet i frå 9/11. Her hadde dei bygd ein benk for kvart av offera i fra Pentagon og flyet som styrta inn. Benkane er vendt inn mot Pentagon i samme retning som flyet kjørte inn. Benkane står forskjellig vei for å vise om offeret var sivilt eller ansatt i Pentagon. 

Her ser vi rett inn i fløyen der flyet styrta...

Fortsettelse i fra turen vår kjem på sikt. No nyte vi feriedagane heime i Norge med god mat og familie! 😊


#washingtondc #dc #usa #reise #reisemagasinet #reisebloggen #ferie #sommer #iviusa #politikk #minne 

Dag 3: Arlington, Washington DC

Arlington

Første dagen i Washington, ein dag som egentlig blei ein bonusdag med tanke på kor fort vi har komt oss nordover, valgte vi å bruke på Arlington. Arlington er ein gravplass for falne soldatar i dei forskjellige krigane USA har vært med i. Den blei grunnlagt under den amerikanske borgerkrigen på 1800 tallet, og siden då har det blitt gravlagt rundt 400.000 soldatar/ veteranar her.

Det utføres rundt 30 bisettelsar kvar dag(!), og idag såg vi to gravfølger. Nåke som virkelig gav gåsehud.. Det virker nemlig ikkje som om enkelte tenker over at det faktisk er ein gravplass, men "kun" ein turistattraksjon...😔  Verdt å tenke over når ein går der, at det faktisk er mennesker som har ofta livet for landet sitt som ligg her. 

Fleire av presidentane til USA er også gravlagt her. John F Kennedy var vel han som hadde eit av dei flottaste områda. Her ligg han, kona, eine sønnen og broren. 

Tomb of the unknowns

Ein av dei mest kjente plassane inne på Arlington er nok Tomb of the Unknowns. Dette er eit symbolsk grav for uidentifiserte soldatar som har falt i kamp. Denne grava blei laga og åpna i 1932. Den har vært bevokta siden 1937 av soldatar som marsjerer att og fram.  Vaktbyttet her er ganske kjent, og i sommerhalvåret bytter dei kvar halve time. 

Her er soldatane virkelig synkroniserte på sekundet. Eg har fått filma litt av det og, så eg får sjå om eg får til å lage ein film. Det var i alle fall ekstremt fasinerande å sjå på.😊

Her er amfiet som ligg rett ved Tomb of the unknown. Alt her var laga i marmor. Det var heilt nydelig!



Her er Vegard med utsikt over heile Washington by. 😊 Det store monumentet kan ein skimte til venstre i bildet. Pentagon ligg heilt til høgre bak buskane. 

Washington er ein mektig by som vi gler oss til å sjå meir av! Vi har faktisk hotell her fram til lørdag, så vi satser på å få med oss det meste fram til då.😊

#washington #washingtonDC #usa #reisemagasinet #reise #ferie #usa #iviusa #travel #sommer #sommerferie #turist #reisebloggen #arlington #kennedy 

Roadtrip dag 3: Fra Florida til Washington DC

Etter at vi hadde kjørt i fra Kennedy Space Center så hadde vi egentlig ingen stor plan. Eller, planen var vel egentlig bare å kjøre nordover før det blei mørkt. Når vi nærma oss Savannah, ein kystby i Georgia, så nærma klokka seg 21:00 og eg fant ut at det kanskje hadde vært lurt å få i seg nåke å ete. Vi valgte derfor å kjøre ned til Savannah by. Her fant vi oss heldigvis ein restaurant som fortsatt var åpen og serverte mat. Inntrykket vi fekk av Savannah var veldig positivt. Eg trur nok vi kunne hatt ei overnatting her og, for byen er nok enda finare på dagtid! 😊  

Etter stoppturen i Savannah var egentlig planen å overnatte i Charleston, i Sør Carolina, ein liten by som låg to timar nord for Savannah. Men etter å ha lest litt meir om byen så fant eg ut at den var veldig lik på europeiske byar og hadde stort sett bare ein hage eg ville sjå. Derfor seira fornuften (eller ikkje😅), og vi kjørte vidare nord. Klokka hadde vel passert midnatt og eg sovna i bilen. 



Vegard hadde fått beskjed om å stoppe på ein rasteplass på grensa mellom Sør og Nord Carolina, så der våkna eg opp klokka 06:00 onsdags morgon. Vi hadde då altså vært innom 4 statar på veien nordover. Vi kjørte vidare og bestemte oss for å bare peise på mot Washington, DC. Her er soloppgangen vi fekk med oss etter vi kjørte i fra rasteplassen. Var det ikkje bare heilt magisk?😍

Siden vi starta kjøringa klokka 6 på morgonen, så kom vi jo og fram tidlig til Washington. Eg trur vi var der rundt 12 på dagen, og fekk på ein måte ein bonusdag her då. 

I Washington stoppa vi først i ein forstad som heiter Alexandria for å bestille hotell. Eg hadde og funne ei strand/havneområde med ein eller anna kul statue på. haha..😅  Litt kul var den vel? Den heiter "The awakening", eller "oppvåkningen", og viser ein kjempe som prøver å komme seg ut av jorda. 

Til slutt fekk vi i alle fall booka hotell, og motell, og bestemte oss for å kjøre inn til Arlington gravplass. Besøket der kjem i eit eige innlegg. Og her er bilen som frakter oss trygt nordover i landet. Vi gjekk for litt komfort og trygghet, og kjenner det var veldig godt å ha ein slik bil. Hittil har vi (les: Vegard) kjørt 2200 km! 😅 Og enda har vi nåken km igjen før vi er framme i New York på lørdag.

#washington #washingtonDC #usa #reisemagasinet #reise #ferie #usa #iviusa #travel #sommer #sommerferie #turist #reisebloggen

Roadtrip dag 2: Kennedy Space Center

Mandag og dag 2 av roadtripen vår starta litt seint og rolig med ein bedre frokost på dineren "IHop". Planen for dagen var Kennedy Space Center, området der NASA skyter opp romfartøya sine i fra USA til månen, og snart Mars.😊  Dette var vel den første ikkje heilt planlagte delen av turen vår til New York, men siden Vegard er veldig interessert i alt som har med verdensrommet og romfartøy å gjere, så var det virkelig verdt ein tur nedom her.  "Ein tur nedom her", er forresten 4-5 timar ekstra kjøring. Det er tydeligvis ingenting lenger etter strekningane vi har kjørt her i USA dette året.. 😅

Området var ikkje så alt for stort, men totalt brukte vi vel 4 timar der inne. Då hadde vi ikkje gått grundig gjennom alt, men vi sa oss godt fornøyde. Ein kunne jo sikkert ha gått der i fleire dagar om ein hadde hatt lyst og tid. 



Med ein gang vi kom inn så kom vi til fleire rakettar/missil i ein hage. Ingen av desse er brukte då, men sjå kor store dei er! Vegard er å skimte nederst på bildet, det gir eit ganske godt bilde på størrelsen på dei. Og det som er rart å tenke på er at desse egentlig ikkje er store i forhold til fleire av rakettane som blir sendt opp. 



Raketten heilt til venstre er det samme missilet som vi var på besøk på i Tucon, Arizona. Her er innlegget i fra den turen. 😊

Ut i fra dette bildet er det nok litt lettare å få eit inntrykk av kor stor denne eine raketten var. Denne er 68 meter lang! Eg blei ikkje så veldig stor ved siden av den nei 🙈

Etter at vi hadde sett på rakettane som stod utstilt så såg vi at været begynte å mørkne til. Av tidligare erfaring med Florida så visste vi at det kom til å bli høljeregn om ikkje så lenge. På vei til bussturen som skulle ta oss ut til oppskytningsrampane, var vi innom Mars-utstillinga. Her var det utstilt ein bil, eller ein Mars Rover, som etter planen skal brukast av mennesker når vi kjeme oss opp til Mars. Kult eller? 

Etter vi var ferdige inne på Marsområdet sprang vi i regnet bort til bussane. Som tidligare indikert så var det blitt regn, og då store mengder av det. Egentlig heilt perfekt at vi skulle på busstur då. Bussturen gjekk 10 min utover mot sjøen, og på veien ut der såg vi fleire alligatorar som låg i elva ved siden av. "Check" på alligatorar i det fri i Florida! 😎

Her er "Assembley Hall", bygget dei setter sammen rakettane inni. Bygget er det største einetasjesbygget i verden, og ein får plass til 3(!) Frihetsgudinner ved siden av kvarandre på eine sida. Det er med andre ord svært! Bare sjå kor små bilane er ved siden av det.

På bussturen fekk vi blandt anna og sett oppskytningsrampe 39, den dei bruker til å sende opp alle mulige rakettar.  På veien ut her fekk vi og sett ein vill Coyote! Den var faktisk mykje større enn eg hadde sett for meg. Så eg er virkelig glad for at eg ikkje møtte på nåken av dei når eg gjekk på tur i Phoenixområda!

På slutten av bussturen blei vi geleida inn i eit svært bygg som låg ute ved tribunane der ein kan sjå på oppskytningane. Her fekk vi sjå nåken kortfilmar om Apollo-oppskytningane og sett Saturn V. Den var såååå svær! Her fekk vi og sett alle stega som skjer under ein oppskytning. Det er fasinerande å sjå kor liten kapsel som er igjen på slutten altså. 

Her er Apollo 14, eller bare kapselen då. Den landa i sjøen etter ein ferd på månen. 

Det kjekkaste der inne må ha vært denne vetle steinen. Dei påstår den er i fra månen, så då velge eg å tru på det! Wee, eg har tatt på månen! 😎

Siste stopp før vi måtte hive oss i bilen var Atlantis Spaceshuttle. 

Til tross for overvekt i bagasjen så måtte vi og innom giftshopen. Litt merch var visst ikkje til å unngå på ein slik plass som dette. Det blei litt vel masse bilder i dette innlegget, men for spesielt interesserte så er vel det bare gøy..? 😅  Eg kan virkelig anbefale turen om ein er i Orlando området, det er kun ein liten kjøretur unna! 

#kennedyspacecenter #nasa #iviusa #reise #usa #florida #reise #sommer #reisemagasinet #reisebloggen
 

8 ting eg savner med Norge

Mens vi er på veien nordover mot New York, så tenkte eg å dele ei lita liste med ting som eg kjenner at eg savner ein del no. Altså, foruten om familien og venner då, dei savner vi aller mest! Åh, nei no gler vi oss dåke!


 

1. Vatn: Åhh, dette må nok være det vi savner mest. Reint Norskt fjellvatn rett i fra springen. Kroppen vår må jo vær heilt bleika på innsida etter eit år med dette klorvatnet her. Dei siste mnd har vi kjøpt vatn då, men gud så tungvint å måtte kjøpe store pakkar med vatn på butikken. Nei, vi skal være glade for vatn i springen heime i Norge!

2. Smågodt: Treng vel ikkje å forklare dette? Smågodt er jo så mykje bedre enn alt anna av godteri her i verden.

3. Paprikachips: Altså, kva er greia. Dette landet har alt ein kan tenke seg av chipssortar, men paprika det er tydeligvis ein smak som er vanskelig å oppdrive.. 

4. Norsk brødmat: Sjølv om eg har baka ein del her borte, så savner vi det å kunne gå i butikken å kjøpe eit skikkelig grovbrød! Alt av brød her borte er fult av honning, glukose, sukker, konditorfarge og det som verre er. Eg tipper amerikanarane fyller brødet med så mykje tilsetningsstoffer så det kan holde i vekesvis. Dei et jo ikkje spesielt mykje brødmat slik som Nordmenn. Men det er ikkje det at eg ete så utrulig mykje brødmat heime, men det er jo greit å ha muligheten til å ete ei grovskive med skorpe på å bli mett!

5. Pålegg: Denne bunner nok ut i punktet over her, at Amerikanarane ikkje ete mykje brødmat. Eg trur ikkje dei ein gang har eit ord for pålegg.. Her er det peanøttsmør, syltetøy, skinke og ost som gjeld. Men til gjengjeld så har dei jo 100 variantar av kvar sort då..

6. Fisk: Sjølv om vi har budd i område av ein tidligare fiskelandsby i Florida, så er det ikkje gitt at vi har ete mykje fisk. Det har egentlig vært tvert i mot. Eg trur aldri eg har ete så lite sjømat som eg har gjort i år.. Fisken som vi finn på butikken ser ut som om den er sprøyta med det eine og det andre, så det er lite fristande. Men, eg ha bestilt ein del fisk ute på restaurant i år då! Så eg har heldigvis fått i meg litt fisk. 😅

7. Fjellturar: Eg gler meg til å gå litt i motbakke. Vi har jo handla inn både fjellsko, fjellbukse/shorts og regnjakker her borte så vi er klare for sommar på Vestlandet!

8. Rutiner: Eg trenge sårt nåken skikkelige rutinar no snart. Eit år uten jobb sette spor kan ein sei! Sjølv om eg ikkje skal jobbe 100%, så blir det godt å stå opp om morgonen, ha middag til vanlig tid og trene til vanlig tid. 😊

#usa #reise #reiser #ferie #flytte #norge #lister #liste #savner #iviusa 

Roadtrip Florida - New York!

Då var sommerferien 2017 igang for oss og! Heh, det er rart med det, men det var faktisk med god feriefølelse vi satte oss i leigebilen idag og kjørte austøve i Florida.😊 Ferden går som nevnt i frå Destin til New York, ein tur som egentlig kun skal ta 18 timar, men med litt avstikkara her og der kjem på rundt 28 timar. Eller, det er i alle fall etter den planen vi har no, og den blir jo endra heile tida. Idag tidlig så visste vi ikkje ein gang at vi skulle nedom Orlando og Kennedy Space center. Og no ligg vi på eit motell ca 10 minutt unna rakettane, sååå..

Det var vel kanskje litt vemodig å reise i frå fine Destin og området rundt idag. Heldigvis er vi av dei siste i gruppa som reiser, så vi føler oss godt ferdig med alt Emerald Coast har å by på.😊  Om vi nåken gang kjem tilbake hit? Det tviler eg egentlig på.. Det ligg liksom ikkje så utrulig sentralt for Nordmenn på ferie.. Ein ting er i alle fall sikkert, aldri i livet om det finnes ei sandstrand i verden som er finare enn dei på Destin. Sanden er virkelig krittkvit!😍

I morgon blir det som nevnt Space center på oss, og deretter veit vi ikkje heilt. Vi skal i alle fall kjøre nordøve, så får vi sjå kor vi ender opp! Er litt deilig å ikkje ha nåken heilt konkret plan og. 😀

Bildene i dette innlegget er alle i fra Destin og Fort Walton området i Florida. 😊  

Her ligg og Eglin Air Force Base, som er rekna som verdens største militære flybase.

Ha ein fin dag folkens! 😊  

#destin #florida #reise #ferie #reisemagasinet #reisebloggen #reiseblogg #sommer #sommerferie #iviusa #usa#reiseguiden

St. Hans feiring på stranda i Florida!

Endelig kom det ein dag med sol igjen! 😊   Eg trur det er nesten ei veke siden sist eg kunne ligge ute å sole meg faktisk. For eit møkkavær altså! Etter at eg hadde hatt med ein time og to ved bassengkanten så ringte Camilla og lurte på om vi skulle være med på stranda. Og i vel viten om at det sikkert kom til å bli siste tur på stranda her i Destin, så heiv vi oss rundt.

Stranda var stengt då, eller, sjøen var stengt. Dette var på grunn av etterdønningen av stormen som har vert den siste veka. Det var kraftige undervannsstrømmar, så ein burde nok ikkje gå så alt for langt ut. Dei fleste fulgte badevakten sin ordre om vassing innerst, men det var jo sjølvsagt nåken som ikkje brydde seg. Dette resulterte sjølvsagt i at ingen fekk lov å være i vatnet i ein periode..🙄 

Baywatch var på plass!

Stormen hadde og dradd med seg ein haug med tang og tare opp. Og stranda var mykje mindre enn normalt. Det er fasinerande å sjå at sjøen kan bli så mykje høgare etter nåken dagar med storm!

Etter nåken timar med steiking på stranda gjekk vi svidde og gode heimover.😅 Mannane hadde då vore på butikken og handla inn til grilling for kvelden. Det er så koselig å sitte ved bassengkanten å grille slik som dette.😊   Alt er koselig med dette, utenom myggen. Sjølv ved lang dongeribukse så klarer eg å bli bitt midt på låret.. Korleis er det mulig?!

Kvelden fortsatte ut i seine natterstimar med god mat, god drikke, kortspel og godt selskap! Ja takk til slike sommarkveldar i Norge og!😊  

#destin #florida #ferie #sommer #reise #sommerferie #strand #usa #iviusa 

Heimreisen er bestilt! New York og Washington på veien.😊

Etter enda ei natt med storm, så våkna vi endelig til blå himmel idag. Tidenes mest ustabile vær altså! Sol eller ikkje så er det deilig å starte dagen rolig, så morgontimane har vi brukt til å bestille flyreise heim til Norge.😊  Iiihh, no skjer det! Det er rart å tenke på det, at eventyret vårt snart er over. Heldigvis skal vi på ein siste utflukt her i USA før vi sitte på flyet. Flybillettane har vi nemlig bestilt i fra New York, nåke som betyr at vi må kjøre opp dit.😄  Planen er ikkje heilt 100% spikra enda, utenom at vi veit vi skal ha 3 overnattingar i New York. Også vil vi innom Washington på veien.

Vi vil nok innom dei mest kjente områda og bygga, men spesielle tips og plasser ein bør besøke er jo og gøy! Så er det nåken som kanskje har tips til Washington og New York?😄

#reise #ferie #newyork #washington #roadtrip #biltur #iviusa #usa #travel #reisebloggen #reisemagasinet #sommer #sommerferie

Tornado, orkan, tropisk storm, flom og skypumpe. Florida ass...☔ 🌩️ 🌪️

For eit vær det har vært her dei siste dagane. 😫  Dei som har fulgt litt ekstra med har kanskje fått med seg at det har brygga opp til ein skikkelig tropisk storm nedi gulfen den siste veka. Det var lenge forventa at den skulle ta kysten hardt, og då med New Orleans og Lafayette som hovedområde. Men som alltid så breier jo desse stormane seg litt mykje, og det går ofte ut over områda rundt..

I natt (tirsdag-onsdag) så hagla det inn med nødvarsel på mobilen. Det var både varsel på flom, tornado og tropisk storm på ein gang.🌩️ 🌪️ Vel vel, det er jo ikkje mykje å gjere enn å sove gjennom det. Dessuten bur vi i 3. etasje no, så nåken flom får vi nå i alle fall ikkje inn. ☔ Vi har jo opplevd denne type vær før og det går jo som oftest greit. Når eg sto opp om morgonen så både blåste og regna det godt utfor vinduet. Eg sjekka lokalavisa og innsåg at det hadde vore både tornado og rimelig god storm i morgontimane. Vi bur heilt til høgre innanfor det raude området, ved Pensacola. 

Det verste å våkne til var bilder av vår gode venn John sitt hus. Der hadde tydeligvis tornadoen gått rett over og tatt med seg store deler av taket, både ute og inne. 😥 Det som tidligare var eit skikkelig sommerparadis ved stranda, ser virkelig ikkje slik ut no. Bildene under har han lagt ut på Facebook etter at stormen og regnet hadde roa seg litt. Her kan du sjå bilder i fra eit besøk vi hadde hos han.

Det ser ut som tornadoen bare har kjørt tvers over huset hans, og tatt med seg det som var av takplater og overbygg.😔

Her er nåken bilder fra innsida av huset. Dette er på soverom og spisestue. Så utrulig trasig!😥  Og dette er jo ikkje halvparten så gale som kva som kan skje om det kjem ein stor orkan som Katarina i 2005 og røsker med seg det aller meste på veien. Men uansett så er dette bare tragisk..

Her er litt av ødeleggelsane i områda rundt oss. Ein park er totalvraka og stengt på ubestemt tid, trær har velta, oversvømmelser, stengte veiar og slikt som følger.. Bilda er henta fra lokalavisa NWFDailynews.

Her har litt av ein tribune blitt kasta opp i gjerdet. Midt på bilde nummer to kan du sjå ei skypumpe/ deler av tornadoen i aksjon. På siste bildet har tornadoen vært. Denne bilen sto på ein parkeringsplass kun 100-200 m i fra huset til John. 


Så været er ikkje bare bare her borte nei...😔  Alle seier at Florida er så fint og flott. "Dåke har sol heile tida", er nåke eg støtt og stadig høyre. Vel, her har det vært 2 dagar med fult opplett dei siste 14 dagane. Det er konstant torden og lyn, no er det og utvida Tornado warning, thunderstorm og flom ut morgondagen. Der slo søren meg lynet ned på parkeringsplassen og.🌩️  Er ein del bilar som står å hyler med andre ord. Nei, Florida i juni og juli er bare oppskrytt! Og det samme er nesten været i Norge og..

God sommer´a !

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#florida #usa #vær #været #ekstremvær #flom #torden #lyn #iviusa #storm #reise #ferie #sommer
 

Ein era er over!

Idag går solgte vi bilen vår. Fytti det er rart å skrive det svart på kvitt. Bilen er solgt, den er vekke og vi kjem aldri til å eige ein slik bil igjen.😫  Bare tanken på det gjer oss begge litt trist. Heldigvis har vi virkelig levd ut drømmen om ein skikkelig Amerikansk muskelbil mens vi har budd her borte.😄  For spesielt interesserte så er bilen ein Cheverolet Camaro SS, RS pakke, 2012 mod, V8 og 426hk. 

Vi har hatt så mange fine, og lange turar med dette gliset. Den har frakta oss til Orlando, Atlanta, New Orleans, Tombstone, Grand Canyon, Las Vegas, Los Angeles, San Diego og mange andre småturar rundtom dei siste 10 mnd. Det er ikkje så alt for stor plass i den til verken passasjerar eller bagasje, men den har søren meg gjort nytten sin og vel så det!😊 På dei 10 mnd vi har eigd bilen har vi kjørt rundt 20,000 km, nåke som tilsvarer rundt halve jorda lags ekvator. Eg vil sei det er ein rimelig lang tur, så bilen er i alle fall godt brukt!

Det signeres av alle parter. Masse papir. Var sikkert 4-5 signaturer han måtte ha i fra oss. Eg måtte til og med signere med Røssland Fosse fordi selgeren skreiv det på papiret....😒  

Vi mottok jo sjølvsagt ein sjekk som betaling, og blei kjørt opp i banken av kjøparen. Sjekken måtte jo dokumenterast, siden vi aldri har hatt eller sett ein sjekk før 😅

Skiltet får vi med oss heim. Det er av personlig eige her borte!😊

Adjø kjære <3 

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#camaroSS #camaro #bil #reise #ferie #muskelbil #usa #amerika #car #iviusa #traveler #livsnyter #bucketlist

Flytting nummer 4 på under eit år..

Åhh, endelig har vi ferie!😎   Haha, eller Vegard har fått ferie og eg har lika fine dagar som eg har hatt heile året.😊  Etter å ha pakka ned leiligheten så flytta vi jo ned til Destin forrige lørdag. Flyttelasset skulle ikkje av gårde før torsdag, så vi hadde det ståande i leiligheten i Crestview fram til då. 

Kan vel sei at det har blitt litt feire kassar enn på vei over dammen ja.😅  Men, alt på bildet er ikkje vårt då! 😎

Flyttefolket var ikkje heilt 100% kan ein sei... Her har dei allerede klart å knuse eine pappeska vår.😐  Forhåpentligvis er det hobbbyeska, og ikkje kjøkkeneska.. Uansett greit å ha dokumentert det til seinare med tanke på forsiring på alt som er ødelagt når det kjem til Norge..🙄

Heile den containeren er ikkje vår altså 😅

Lukka og låst. Etter planen skal den ikkje åpnast før den kjem til Norge.

Gu så deilig det var å bli kvitt det! No er vi virkelig å ferie, og det siste vi skal gjere no er å selge bil og avslutte bank og mobil. No kjem vi snart Norge!

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#flytting #reise #ferie #usa #iviusa #florida #flytte #husoghjem #hus #hjem

Wow!

Altså, wow for ein respons på spørsmålsrunden min! Det var jo ikkje skummelt i det heile tatt.🙊  Eg har litt av ein jobb framfor meg, og eg trur nok at eg må dele svara opp i fleire innlegg. Ser det var mange som lurte på ting i fra året vårt i USA, og det gir jo absolutt meining. 


 

Dei siste dagane før Vegard er ferdig på kurs går så tregt! Det er godt mulig det er fordi det ikkje er sol ute, og eg ikkje kan ligge å sløve med bassenget. #luksusproblem 🙄  I går kjørte eg rundt på butikkane i nærområdet på leit etter dei siste tinga vi skal sende med flyttelasset. Det blir kanskje litt sånn panikkhandling? Neida, det er bare ting vi treng, som uansett er mykje billigare her enn heime. Flyttelasset går på torsdag, så då er det slutt på shoppinga. Det er jo begrensa kva ein har plass til i fire fulle koffertar 😅  Eg er uansett klar for at vi begge skal ha litt ferie no! Det har han virkelig fortjent etter dette året. Så får vi sjå kortid vi bestille flybilletten vår heim til Norge. 🙊

#spørsmålsrunde #usa #utlandet #reise #ferie #florida #spørsmål

Leiligheten vår i Florida pt. 3

Haha, ja det er sant som overskrifta seier, vi har no flytta inn vår 3. leilighet her i Florida. Etter å ha budd 2 mnd, 1 time inni skogen, har vi endelig fått leilighetene vi blei lova før vi kom tilbake fra Arizona. Det er ikkje nåke nytt at dette året har bydd på litt fleire nedturar enn ein hadde håpa på, men alt i alt så er vi no super takknemlig for at vi får nyte dei to siste vekene så nært stranda. 😊

Her er utsikten i frå balkongen vår. Vi har ikkje sol på den då, men med bassenget rett utanfor døra så har vi det rimelig fint ja 😊

Soverom, gjesterom og kjøkkenbord.

Stort og fint kjøkken! 

Og ikkje minst bassengområdet! Åhh, no får vi bare satse på nydelig vær framover og. ☀️   Det hadde vært deilig med nåken gode soldagar no før vi skal vende snuten heimover mot Norge! Det er ikkje mange dagane igjen før ferien til Vegard er her, så vi må vel kanskje begynne å planlegge litt snart. Heimreise-billetten er ikkje bestilt enda, så vi har fortsatt litt tid på oss. Vi veit i alle fall at det er ein del folk som kunne tenka seg å ha oss heim fortast mulig 😅

No skal vi i alle fall nyte dei siste vekene her nede, samtidig som vi får unnagjort alt av praktiske ting som salg av bil, stenging av bank, forsikring og slikt. Plutselig er vi heime! 😃

#florida #usa #reise #travel #usareise #iviusa #basseng #ferie #sommer #reisemagasinet #reisebloggen

Lørdag i Atlanta!

Når vi sto opp på lørdag gjekk vi bortover til Atlanttic station. Dette var eit relativt nytt område som hadde butikkar, kafear, restaurantar og kino, litt som eit underholdningsområde. 😊  Her starta vi dagen med ein kaffi i parken, som Martin kalla den. Hehe, litt morsomt var det jo at parken var i kunstgras 🙊, men koselig var det uansett! Eg ser for meg at det må ha vært magisk der i vinter med juletre, boder og god stemning.

SAMSUNG CSC

Synes denne var så genial! Her kan du ta ei bok med deg, og levere tilbake ei anna. På den gang går bøkene på ein evig rundgang, og kan bli lest av fleire. 😊  Ja, til slike rundtom i Norge! Om det ikkje finnes allerede?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter parkturen vår tok vi Uber vidare til ein nabolags-festival. Her var det enormt med boder som solgte kunst, hobbyting, lokale ting og mat. Gata var eeeevig lang, og vi satte mål om å gå gjennom heile. Det var så ekstremt varmt her og, så vi følte vi var på vei til å smelta vekk når vi endelig fant oss ein bar som viste Champions Leauge finalen på stor tv-skjerm. Vegard var rimelig fornøyd, og det var vel vi to andre og. 🙊

SAMSUNG CSC

I og med at denne festivalen var midt i eit boligområde så satt mange av beboerane utfor husa sine, hadde fest og koste seg gløgg. Det såg så utrulig koselig ut, og nett der og då skulle vi ønske at vi budde der.😊

SAMSUNG CSC

På kvelden tok vi turen på ein mexicansk restaurant i nabolaget til Martin. Vi hadde med oss ein kompis av Martin som snakka og fortalte om ting i eit sett. Plutselig hadde vi vært der i 4 timar og bare ete god mat, hatt mykje god drikke og eksepsjonelt godt selskap. Tida flyt i godt lag ja!😊 Eg var så trøtt og ferdig når vi gjekk der i frå, men mannane måtte bare innom ein siste bar før det stengte. Eg trur vi var heime i 3-4 tida(?), så ein kan sei vi sov godt og lenge når søndagen kom ja!🙊

Søndagen brukte vi kun til shopping, kjørte rundt i byen, åt på Cheesecake factory og var på kino og såg Wonder Woman! Vi hadde ei fantastisk fin langhelg i Atlanta, og fekk sett mykje av det byen har å tilby. Mandags morgon vendte vi snuten sørover mot Florida igjen. Takk for at vi fekk komme Martin! 😊

#usa #atlanta #georgia #travel #reisemagasinet #reisebloggen #reise #ferie #usareise 

Train-konsert i Atlanta!

Fredags kveld var det duka for konsert i Atlanta! Vi tok Uber sør i byen, ned til Lakewood Amphitheatre, superklare for kvelden!  Vi var heldige og hadde fått billettane til rundt 25$ kvar. Dette var fordi vi skulle sitte på plenen rundt, og ikkje på stolar under tak. Men, no var det jo ikkje for å få sett artistane vi var der, vi var der vel meir for å høyre musikken, eller ka? 😅  

Gutta klare for konsert!

Det var ikkje bare Train som skulle spele denne kvelden. O.A.R, eit Amerikansk band som visst er veldig populært blandt collegestudentar skulle spele, og Natasha Bedingfield. O.A.R hadde musikk som vi såg for oss. Litt usikker på korleis eg skal forklare det, men kanskje litt Green Day light? Nei eg veit ikkje heilt egentlig. Veldig typisk amerikansk ja, men heilt greit som oppvarming for vår del 😊 

Først fant Martin, eg og Vegard oss ein plass midt på plenen. Rimelig tettpakka med folk vil eg sei, men veldig koselig! Og så lenge det ikkje blei regn, så var det veldig kjekt å kunne sitte på plenen slik. Fekk skikkelig festivalfølelse, sjølv om det bare var for ein kveld. 😊 

Stort og fint område!

Og rett før konserten starta så kom Linda og Eirik og!  😊 



Train har blandt anna sangar som "Hey Soul Sister", "Drops of Jupiter", "Play that song" og "Marry me". Vi hadde hørt og kunne overrskande mange av sangane dei spelte. Så vi koste oss enormt masse heile kvelden, og sang sjølvsagt med der vi kunne (som var overraskande mange sangar😅)



Etter konserten for vi vidare til ein bar på andre sida av byen. Her blei vi sittande i fleire timar, og fekk litt sjokk når vi såg at klokka var blitt 02:30. Då var det bare å få i seg litt nattmat og kjøre heimover til leiligheten igjen. Vi skulle jo utnytte lørdagen til det fulle og! 🙊 

#atlanta #usa #georgia #Train #akvarie #akvariet #dyr #dyrehagen #turister #reise #ferie #usareise #reisebloggen #reisemagasinet

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign