Tips til ein kjapp middag!

Å kutte grønsaker er jo det som tar tid ved middagslaging. Så kvifor ikkje gjere det enkelt og kutte opp store mengder på ein gang og fryse ned til dei skal brukast? Eg sto ikkje så veldig lenge for å kutte opp masse grønsaker, men det er dyrbar tid når ein står og er sulten etter jobb.

SAMSUNG CSC

Grønsakene kan då enkelt leggast i ei ildfast form og  feks. steikast i lag med laksestykker i ovnen. Eg trur det er rundt 400-500 gram med grønsaker her. Det er ein blanding av gulrot, søtpotet, brokkoli og purre, men ein tar det ein sjølv ønsker. 

No kan til og med Vegard lage fiskemiddage klar til eg kjeme heim fra jobb 😉

SAMSUNG CSC

Kanskje eit simpelt tips, men svert genialt og tidssparande! Eg var i alle fall svært fornøyd med meg sjølv når hadde fem posar med ferdig oppkutta grønsaker klar til bruk liggande i frysen.

 

#tips #middagstips #godtno #matprat #studentmat #kjappmat

Tapas: Salte kjeks med krema laks

Denne snacksen er nydelig som ein appertiff, lite mellommåltid eller som ein tapasrett. Eg har tidligare lagt ut fleire tapasrettar på bloggen, det er bare å søke i søkefeltet til høgre på sida her. Denne retten her kjem og i frå Elinsk Matgleder sine tapasrettar. Nydelig, syrlig og salt på ein gang. Og det smakar heller ikkje typisk fisk av denne retten. 

SAMSUNG CSC

Du treng: 

  • Ein pakke salte kjeks ( Eg har brukt Ritz)
  • 1,5 dl creme fraich
  • 0,5 finhakka rødløk
  • 100 gram hakka påleggslaks eller ørret
  • Sitronsaft
  • Pepper

 

Slik gjer du:

  • Bland sammen creme fraich, finhakka rødløk og fisken og varm opp i ei panne.
  • Smak til med sitronsaft og pepper. 
  • Kjøl blandinga ned før du legg dei på kjeksen
  • Strø gjerne litt hakka dill på toppen for syns skyld

Det gjer ikkje nåke om du ikkje følger oppskrifta til punkt og prikke, og du kan tilpasse mengde rødløk og fisk 🙂

Tada!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrift fra : Elins Matgleder

#matprat #godtno #tapas #laks #fiskno #middag #matglede #studentmat

Årets påskeegg x 2!

I år har virkelig påskeharen overgått seg sjølv! Eg fekk ikkje mindre enn to påskeegg idag + det eg fekk fra mamma tidligere i veka 😉 Det eine var til og med så stort at det måtte pakkast inn i ein pose 😀 Og sidan eg har vært godterifri sidan 1.januar, så fekk eg alternative egg 🙂

SAMSUNG CSC

Vegrd kjenne meg godt, så han hadde blandt anna kjøpt boka Skappelstrikk til meg! Det kriblar i fingrane etter å begynne på nåke av dei fine plagga 🙂

Sjekk denne kule flaskekjøleren er fekk fra i egget fra pappa og Kristin!

SAMSUNG CSC

Her er Vegard midt i påskeeggjakten! Eg hadde då allerede funne mitt egg 🙂

G O D  P Å S K E  < 3 

#påske #påskeegg #glede #fjell #gave 

Påsketur i finvær

Ein dag med sol har vi fått her i “låglandet”. Eg og mamma utnytta dette med ein liten tur til Storhaug. Det er på slike dagar eg savnar vestlandet og fjella som er her, det er lite av det på sørlander. I måro kjører vi opp til Haukeli for siste del av påsken. Treng litt skigåing og hyttekos no 🙂

Tips: Gro din eigen vårløk

Sjå kor stilig! Gjenbruk av grønsaker som vårløk er jo heilt genialt. Vårløken er jo ganske nedkutta etter matlaging, og til vanlig pleier vi bare å kaste resten. Eg kom øve eit tips på denne bloggen her, og fant ut at dette måtte prøvast.  Alt som trengs er ein strikk, to pinnar og eit glas med vatn. På bildet under her har vårløken stått i  nokre dagar:

SAMSUNG CSC

Etter 10 dagar ser vårløken slik ut:

SAMSUNG CSC

Eg satte vårløken slik at den har tilstrekkelig med sollys, og skifta vatn på den innimellom når det begynte å bli grumsete. Vårløken kan lukte litt, men då er det bare å ta vekk den “slimete” hinna som kjem på stilkane. 

No skal vi aldri meir kjøpe ny vårløk 😉

#diy #tips #triks 
 

DIY: Hekla påskekylling

Eg kom øve nåken stilige påskekyllingar, og bestemte meg for å prøve å lage nåken lignande. Eg har laga oppskrifta mens eg hekla kyllingen. 🙂

SAMSUNG CSC

Str: S (M)

Du treng: 

  • Heklenål 4 (5)
  • Den grønne er bommulsgarn fra Søstrene Grene og den gule er Thea fra Europris.

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  • 1. rad: Legg opp 15 (20) luftmasker + 2 til å snu.
  • 2. rad: Snu og hekle fastmasker i luftmaskene. Start i 2. fastmaske når du snur. Bruk 1 maske når du skal snu andre veien. 
  • 3.rad: følg rad 2, til stykket blir dobbelt så langt som det er breitt, det er då ein rektangel.
  • Brett rektangelen i to, og hekle fastmasker i to av sidene. Ha ei av sidene åpen. I denne sida skal du ha i fyllet og hekle sammen til slutt. 
  • Raud tråd: Start med 3 luftmasker i fjerde maske fra venstre. Deretter 2 staver i samme maske. Ha 1 luftmaske i neste maske. 3 staver i neste maske. 2 luftmaske i neste maske. 2 staver i neste maske og 1 halvstav. Fest tråd.
  • Kvit tråd: Fest tråd med 1 luftmaske. Hekle 1 fastmaske i samme maske. 3 luftmasker. Ta løkka ned til maska lengst vekk fra nåla (luftmaska nermast “kroppen”) og hekle 1 fastmaske. Deretter 1 fastmaske i neste maske ut. Ta 1 kjedemaske i neste luftmaske i kroppen. Fest tråden. 
  • Raud tråd: Fest tråd med 1 luftmaske. Hekle 1 halvstav i samme maske. 1 luftmaske, 1 kjedemaske i samme maske. Fest tråd. 
  • Sy på auger med svart tråd.
  • Fyll kylllingen med erter, bommull eller liknande. Du kan og sy ein rispose og legge inni. 
  • Hekle deretter sammen den siste lengda. 

Her kjem forklaringen med bilder, kanskje det er litt enklare å forstå då 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #gjørdetselv #hekling #heimelaga #påske2016 #påske 
 

It´s a boy!

På fredag var vi ein gjeng på jobb som samla oss og hadde babyshower for ein kollega. Det var deilige reker, kake, vin og godt selskap til langt ut på kvelden. Eg hadde for annledningen laga bleiekake og ein liten Kay Boyesen Ape. (Her finn du oppskrifta)  Den vordene mammaen blei veldig glad, og då er det veldig kjekt å kunne gi slikt vekk 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng: 

  • 2-3 pakkar bleier (avhengig av kor mange bleier det er i ein pakke)
  • Gummistrikk
  • Tørkerull
  • Papp
  • Pynt

 

Slik gjer du:

  • Rull bleiene laust slik at kun det kvite viser. Ta eit strikk rundt. 
  • Start med 6 bleier rundt tørkerullen, deretter 12 stk rundt neste omgang og 18 rundt siste (trur eg)
  • Pynt kaka med det du måtte ønske. Eg kjøpte banda og toppynten på Upstairs. Banda er festa med nåler og lim, då eg akuratt hadde nok til å rekke rundt kaka. Celofanen er og kjøpt på Upstairs. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC


 

#diy #bleiekake #babyshower #guttebaby #heimelaga #hjemmelaget #kayboyesen #heklet #gjørdetselv 

DIY: Tova votter

Desse vottane er perfekte å strikke i solsteiken på hytta i påsken. Når ein først har forstått mønsteret, tar det ikkje lange kvelden før vottane er klare for toving. Tovinga var litt skummel, og Vegard må ha trudd det hadde klikka for meg når eg hoppa rundt etter at tovinga gjekk bra :p Heldigvis slapp vottane å bli passelige til ein liten unge.

SAMSUNG CSC

Du treng:

3 nøster med fritidsgarn fra Sandnes Garn. 

5 stk strømpepinnar str 5 eller 6. Avhengig av kor stramt/laust du strikka

 

Slik gjer du (dame) herre:

Legg opp 36 masker på pinne nr 5-6, avhengig av kor stramt/laust du strikkar. Strikk 4 omganger med 1 rett, 1 vrang. 

Strikk diagram A

Strikk diagram B og fell slik diagrammet viser. 

Stirkk dei 6 første maskene inn på ein hjelpetråd, sett maskene tilbake på venstre pinne og strikk maskene på nytt. Dette kan virke litt vanskelig å forstå ved å lese det, men HER kan du sjå korleis du skal gjere det. Følg steg 1-3 på bildene. 🙂 

Strikk (22) 26 omganger opp.

Fell slik: 

1. omgang: *2 rett sammen, 12 rett, 2 vridd sammen* gjenta runden ut. 

2.omgang: Strikk 1 omgang uten å felle.

Gjenta 1.-2. omgang, men med 2 mindre rett mellom kvar felling. Gjer dette til det er 8 masker igjen på pinnane. Klipp av garnet og trekk tråden gjennom maskene og fest godt.

Tommel:

Trekk ut hjelpetråden og strikk opp 6 masker på hvar del, auk 2 masker på kvar side. Følg bilde 5-9 HER. Du skal no ha 16 masker på pinnane. 

Strikk (16) 18 omganger rundt. 

Fell av: strikk to og to masker sammen til du har 8 masker igjen, klipp av tråden og tre igjennom maskene. Fest godt. 

SAMSUNG CSC

Strikk den andre votten på samme måte, men strikk tommel over dei 6 siste maskene, ikkje dei 6 første. 

Eg tova vottane på 40 grader vanlig program (1 t 20 min) med litt vaskemiddel. Eg hadde og eit håndkle med inni maskinen når vottane tova. Tovinga kan variere frå maskin til maskin, så her må ein bare prøve seg fram.


Vottane måler:

Før toving: 40 x14cm.Tommelen er 10 cm. 

Etter toving: 34 x 12cm. Tommelen er 9 cm.

SAMSUNG CSC

Du kan finne oppskrifta i PDF-format HER. Det er gratisoppskrift fra Sandnesgarn.

 

#diy #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv #gjerdetsjølv #byidarossland #tova #votter #mariusmønster #marius #sandnesgarn #oppskrift #herre #dame

DIY: Kommode til badet

Her kjem framgangsmåten på korleis eg har laga den nye kommoden vi har fått på badet vårt 🙂 Håper den kan være til inspirasjon for nåken!

Kommoden måler ca: Høgd: 81 cm Breidd: 44 cm Lengde: 75 cm

Du treng:

  • 4 stk lekter  på 80 cm
  • 6 stk lekter på 65 cm
  • 6 stk lekter på 35 cm
  • 9 stk plank på 75 cm. Dei er 14,8 cm breie, og det passar akuratt med tre stk i bredden på toppen.
  • Sag (Kapp og gjærsag + Stikksag gjer jobben enklare enn med håndsag)
  • Skruer
  • Måleband
  • Vater
  • Pussepapir/ pussemaskin
  • Borr og drill

 

Slik gjer du:

  1. Kapp opp materialet du treng.
  2. Legg materialet opp slik at du ser kor sto avstand du ønsker mellom hyllene. Her brukte eg lektene på 80 og 35 cm. 
  3. Eg har valgt å ha 25 cm mellom hyllene, slik som vist på bildet. Strek opp for at det skal bli beint.
  4. Borr hull i planken på 80 cm, der du ønsker at den skal festast med lektene på 35cm. Dette for at materialet ikkje skal sprikke. 
  5. Bygg to like “endar”. Borr deretter hull der du ønsker at lektene på 65 cm skal være, og skru heile møbelet sammen. Eit lite tips er å ikkje skru alle skruene heilt inn med det første, og la litt stå igjen til alle skruene er på plasse. Deretter kan du skru skruene godt fast.
  6. SMIL til kamera og tenk på kor deilig det er å kunne bygge akuratt det ein sjølv vil ha 😀
  7. Skru deretter plankane på toppen. Her borra eg ikkje først, men har brukt kortare skruer enn i lektene.
  8. For å få tilpasse plankane som skal være i hyllene må du sage vekk hjørnene. Her brukte eg ein rest av ei lekt som mål, og sagde ut med stikksaga. 
  9. Skru fast plankane
  10. Sparkle over skruehulla og la det tørke.
  11. Så er det på tide å pusse. Eg brukte tre forskjellige pussepapir, fra 60 til 180. Det går fortare om du bruker pussemaskin, så eg er glad eg har fått meg det .
  12. No er den klar til å beisast. Eg har valgt å bruke Lady Interiørbeis i fargen “Kullsort”. Eg pensla på litt og litt, før eg deretter tørka av igjen med ein lofri klut. 

 

SAMSUNG CSC

Kapp opp materialet du treng.

SAMSUNG CSC

Legg materialet opp slik at du ser kor sto avstand du ønsker mellom hyllene. Her brukte eg lektene på 80 og 35 cm. 

Eg har valgt å ha 25 cm mellom hyllene, slik som vist på bildet. Strek opp for at det skal bli beint.

Borr hull i planken på 80 cm, der du ønsker at den skal festast med lektene på 35cm. Dette for at materialet ikkje skal sprikke. 

SAMSUNG CSC

Bygg to like “endar”. Borr deretter hull der du ønsker at lektene på 65 cm skal være, og skru heile møbelet sammen. Eit lite tips er å ikkje skru alle skruene heilt inn med det første, og la litt stå igjen til alle skruene er på plasse. Deretter kan du skru skruene godt fast.

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SMIL til kamera og tenk på kor deilig det er å kunne bygge akuratt det ein sjølv vil ha 😀

Skru deretter plankane på toppen. Her borra eg ikkje først, men har brukt kortare skruer enn i lektene.

For å få tilpasse plankane som skal være i hyllene må du sage vekk hjørnene. Her brukte eg ein rest av ei lekt som mål, og sagde ut med stikksaga. 

Skru fast plankane

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sparkle over skruehulla og la det tørke.

SAMSUNG CSC

Så er det på tide å pusse. Eg brukte tre forskjellige pussepapir, fra 60 til 180. Det går fortare om du bruker pussemaskin, så eg er glad eg har fått meg det .

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

No er den klar til å beisast. Eg har valgt å bruke Lady Interiørbeis i fargen “Kullsort”. Eg pensla på litt og litt, før eg deretter tørka av igjen med ein lofri klut. 

SAMSUNG CSC

Voila! 🙂 HER kan du sjå korleis det såg ut på badet før denne kom inn! Litt av ein forskjell eller ? 🙂

SAMSUNG CSC

 

#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hjemmelaget #heimelaga #aftenposten

#rom123 #hobby #møbel #jotun #interiør #interior #interiør123 #KK_living #byidarossland
 

Kanelbollar, med ein ny vri!

SAMSUNG CSC

Eg har endelig lært meg ein ny måte å “snurre” kanelbollar på. Før har eg alltid gjort det på den tradisjonelle måten, men om eg gjer det slik som dette ser bollane med eit mykje meir eksklusive ut! Eg synes egentlig dei blir saftigare og. 🙂

  1. Kjevle deigen ut og smør på smør, sukker og kanel. Del deigen i emner på ca 2-3 cm bredde.
  2. Brett delane på midten.
  3. Tvinn delen nåken ganger rundt.
  4. Legg eine delen over den andre, klar til å knyte.
  5. Knyt den sammen.
  6. Dander knuten slik at det ikkje er hull i bollen. 

Resultatet: Store flotte kanelbollar som ein like gjerne kunne fått kjøpt på bakeriet 🙂

SAMSUNG CSCKanskje dette er nåke å teste neste gang du skal baka? 🙂

#bollar #tips #baking #gjærbakst #diy #heimelaga #hjemmelaget #oppskrift #godtno