Sjokado mandag!

Idag er eg heime frå skulen. Heldigvis ikkje fordi eg er sjuk, men rett og slett forslått! Igår var vi nemlig på Aquarama og hadde leigd ei surfebølge. Og fy søren for nåken knall og fall det blei.. Ein time med surfebølge resulterte då i at eg ikkje hadde sjangs å lette hovudet i frå puto idag.. Så for å trøsta meg litt så laga eg havregrynspannekaker med sjokado på! Sjokado må ver heilt genialt, avokado med kakao i. 

Du treng: 1 avokado  4 ts kakao ♥  3- 4 ts sukrin  ei klype salt   4 dråpar søtning  1 spskj kesam

Bruk ein stavmikser og bland alt godt sammen 🙂


Oppskrift hos Linda

Kyllingform med byggris

Idag blei middagen veldig enkel, men god. Eg hadde bare alt av grønsaker vi hadde tilgjengelig som brokkoli, blomkål, løk og søtpoteter i ei form. Heiv over steikte kyllingbitar og bacon og blanda alt ilag med ein boks med kokosmjelk. Krydra godt, litt ost på toppen og inn i ovnen på ca 200 grader til grønsakene begynna å bli klare 🙂 Enkelt og godt. Eg hadde og byggis ved sidan av 🙂 

#hjemmelaga #middag #trening #sunt #godt #grønsaker

Oppskrift: Sjokoladekake

Kvar dag er ein fest, eller ka? Og sidan det er lillelørdag idag passa det godt med oppskrift på ei fantastisk god sjokoladekake 🙂 På søndag fekk vi i allefall veldig lyst på nåke digg, og sjokoladekake er virkelig ikkje nåke vi ete kvar dag, eller kvar mnd :p Oppskrifta fant eg på godt.no og gjore litt om på den alt etter som 🙂

Du treng: 150 gr smør  30 gr kakaopulver  3 egg 3 dl sukker  150 g kveitemjøl  1 ts bakepulver

Start med å smelt smøret og bland det saman med kakaoen og pisk sukker og egg til eggedosis. Bland smør og kakao i eggedosisen og sikt derretter inn det tørre. Eg steikte det i ei stor smurt ildfast form som vi bruker til lasange. Steikte den på 180 grader til den var klar, altså ca 15-20 min. 

Til glasur blei det litt “ta det man har”. Eg smelta smør og blanda kakao inn. Deretter brukte eg litt maisena og kokte opp. Det blei litt for lite så eg tilsatte litt mjelk. Her har eg altså då ingen oppskrift eller aning på kor mykje eg brukte av kvar ingrediens 🙂 Toppa kaka med kokos! Den blei nett som Ann-Helen lagar den 😀

PS: Ja, den er like saftig og god som den ser ut 😉

Oppskrift: Gulrotmuffins

Idag er det lillelillelørdag, og kva passar ikkje bedre då enn ei oppskrift på muffins som dempar søtsuget? Eg var så heldig i å ha alle ingrediensene i hus, så då blei det desse. Du treng: 2 egg  60 g mandelmjøl  30 g kokosmjøl  1 ts bakepulver  1 dl mager kesam  30 g sukrin gold  1 ts kanel ♥ 1/2 ts kardemomme ♥ 1 reven gulrot 

Pisk samen egg og sukrin til eggedosis og pisk forsiktig inn kesamen. Tilsett deretter alt det tørre og ei reven gulrot (tilpass dette etter størrelsen). Etter at eg hadde rørt rundt så merka eg at deigen blei alt for fast, så eg tilsette vatn til den blei passelig. Bruk ei skei og fordel røra i ca 10 muffinsformer. Steikast på 170 grader i 12-15 min.

Til ostekremen brukte eg litt philadelphia blanda med sukrinmelis.

Konklusjonen blir vel at eg ikkjelagar dei igjen.. Personlig så synes ikkje vi dei smaka noko spesiellt godt:p Trur det nok ein gang er den store mengden med mandelmjøl so bare blir heilt feil. Neste gang er skal lage gulrotmuffins blir det ikkje med den mengden mandelmjøl 🙂

Oppskrifta er opprinneleg fra Kristine Weber.

#muffins #hjemmelaga #baks #trening #sunnmat

Fremsnakk: Lida Stuhaug

Litt framsnakk er ein fin start på veka! 

Linda Stuhaug er ei 20 år gammal jente som  er utrulig inspirerande og flink til å lage gode og smakfulle rettar.  Ho bloggar om sin store lidenskap for ein sunn livsstil. Rettane er heller ikkje så innvikla å lage, så det er nok noko som dei aller fleste klarar. På bloggen sin har ho tips og oppskrifter på sunne alternativ ti frokost, lunsj, middag, kvelds, snacks, bakst, kaker, dessertar og meir. Den siste mnd har ho i allefall inspirert meg til å kokkelera litt ekstra på kjøkkenet. Bare ta ein kikk på bildene under, er det ikkje firstande? Anbefalar verkeleg ein tur innom bloggen hennar. 🙂

Middag og lunsj!


Bakst og dessert!

11 speltlompetriks!

 

Oppskrift: Sjokolademuffins med sukkerfri vaniljekrem

Vi har kosa oss så med besøk i helga! Etter at Gunn og Jan hadde reist heim for helga så rydda og vaska vi heile leiligheten. Vegard skrubba steikeovnen til den store gullmedaljen i sikkert ein time! Vi fann ut at ei real belønning var fortjent, så no har vi laga sjokolademuffins. Det var jo gjort på 1-2-3 sidan eg hadde ein pakke fra funksjonellmat ståande. Så for å gjere den litt meir avansert så laga vi og heimelaga vaniljekrem, utan sukker. 🙂  Oppskrifta på vaniljekremen er nok ein gang henta hos Linda Stuhaug.

Til sukkerfri vaniljekrem treng ein:

5 dl mjelk  45g sukrin  2 vaniljestenger  30 gr maizenna  3 eggeplommer  

Start med å blande mjelk og sukrin i ei panne. Del vaniljestengene og skrap ut frøa med ei skei, og ha både frøa og stengene oppi mjelkeblandinga. La dette varme seg opp til kokepunktet, og sett blandinga til side og la det stå å trekke seg litt slik at vaniljen får avgitt smak.  I ein bolle for seg sjølv pisker du eggeplommene og maizennamjølet i lag. Ta vaniljestengene utav mjelkeblandinga og tøm halvparten av blandinga over i bollen med egg og maizenna. Rør rudt før du heller alt saman tilbake i kjelen og varmer opp på ny. Hugs å rør heile tida. Når blandinga når kokepunktet så er den begynna å tjukne, så då kan du trekke den til side. Den skal då være passe tjukk, som vaniljekrem, om ikkje la den stå litt lenger på plata. Så enkelt!

Vi hadde altså ein dæsj med vaniljekrem i midten av sjokolademuffinsen før den skulle i ovnen. Og resultatet var himmelsk! Og det beste av alt, kakemixen smaka faktisk godt. Til og med Vegard godkjente den som sjokoladekake. *tommel opp* 😀 No skal vi kosa oss med resten av muffinsane og sjå på White Collar, er heilt hekta:D

Oppskrift: Proteinrike sjokolademuffins

Sidan Vegard har reist i fra meg trengte eg nåke godt å kosa meg med i kveld. Eg har kjøpt meg nye muffinsformer, så det frista veldig å ta dei i bruk! Eg fann ei god oppskrift hos Kristine Weber. Veldig enkel og fort gjort, og i tilegg samak den heilt himmelsk! Eg toppa muffinsen med philadelphia sjokolade. *Nam*

Det du treng er:  2 egg  1 ss kesam  30 g sukrin gold  20 gr mandelmjøl  20 gram sjokoladeprotein ♥ 1 toppa ss kakao  1 ss sirup (yacon, agave, honning) ♥ 1 klype salt

 

Start med å skilla egga i to bollar. Pisk plommene samen med kesam, sukrin og sirup. Tilsett deretter proteinpulver, mandelmjøl, kakao og litt salt og rør samen til ei seig røre. Stivpisk så eggekvitene til dei er heilt stive og vend dei inn i sjokoladerøra med ein slikkepott. Fyll opp muffinsformene og steik på 175 grader i ca 12- 15 minutt avhengig av størrelsen på formene. 

 

Leftovers

På tredje dagen med tacolefser. Trudde aldri eg skulle sei det, men no er eg lei. Godt det er tomt for salat og lefse no. 

#food #foodprep #salat #taco

Heimelaga havreflarn

Fekk så lyst på nåke godt, og nåke godt betyr karamellsmak! Havreflarn må vere det beste og enklaste eg då kunne laga. Det tok nølyaktig 10 minutt å finne fram ingrediensene til kjeksa var i ovnen!

Du treng: 1 egg, 75 gram smør, 125 gram sukrin eller sukker, 100 gram havregryn, litt bakepulver

Smelt smøret og bland inn havregryna, visp eggedosis av sukker og egg. Bland alle ingrediensene saman og legg røra på ei bakeplate ved hjelp av ei teskjei. Eg tok ca 12 klattar på kvart brett sidan dei flyt godt utover. Steikes i ovnen på 200 grader i ca 5-8 min, eller til dei blir gyldne.

La dei kvile på plata når dei kjem ut, sidan dei fortsatt er blaute. Dei stivnar etterkvart 🙂

Musli med tørka bær!

Igjen, så virka jo selvfølgelig ikkje internetten på pc’n min i går… Eg er ikkje langt i fra å bestilla meg Mac no, einaste problemet er at det er jo litt dyrt.. Etter trening i går var det den store “bakeddagen” heime. Eg fekk laga ein ladning med knekkebrød og supermusli! I muslien tilsatte eg tørka bringebær og blåbær, det blei heilt nydelig! Knekkebrøda blei litt misykka så dei skal eg steika dei litt meir seinare idag. 🙂 Fekk og prøvt nåke nytt og enkelt, mandlar smelta inn med sukrin gold! Virkelig å anbefala om ein er sugen på nåke søtt og godt 🙂

Oppskrifta på musli finn du HER og på knekkebrød finn du HER.