Oppskrift: sukkerfri kakemann

Vegard har mast om kakemenn siden dei kom ut i butikkane i oktober, og vart lykkelig når eg endelig fant ut at eg ville laga. Dei på butikken her på sørlandet er liksom ikkje det samme som mamma lagar heime.. Håpar ho har laga brune pinnar til eg kjeme heim! <3 Husk at denne deigen bør lagast ein dag på førehand, slik at dei får kvilt seg i kjøleskapet over natta. 

Du treng:

♥ 50 gram smelta og avkjølt smør ♥ 2 dl mjelk ♥ 100 gram sukrin gold ♥ 80 gram sukrin ♥ 1 ts hornsalt ♥ 400 gram kveitemjøl

Bland hornsalt og halvparten av mjølet. Rør sammen avkjølt smør, sukrin gold, sukrin 200 gram av mjølet som er tilsatt hornsalt. Bland dette godt sammen før du tilsett resten av mjølet. Jobb litt med deigen. Dekk bollen med plast og la den kvile i kjøleskapet natta over. 

Sett steikeovnen på 170 grader

Kjevl deigen ut til va 0,5 cm tjukknad og trykk ut figurar. Dei kan ligge ganske tett på steikebrettet, sidan dei berre heva seg i høgda.

Steik på steikebrett i ovnen i ca 7-10 min, avhengig av ovn. Avkjøl på rist. Oppbevar dei i ein tett boks:)

 

 Sjølv om dei er laga av med sukrin og ikkje vanlig sukker så har eg ikkje fått nåke klage fr aVegard, endo. Syntes heller ikkje dei smaka spesiellt mykje sukrin. Dei var rett og slett gode!

Oppskrifta er henta hos Bakekona.no

Oppskrift: Pepperkake-karamell

Det luktar SÅ godt i leiligheten no, julehus! Idag har eg laga pepperkake- karamell med sukrin.:)

Du treng:

♥ 1,5 dl fløyte ♥ 2-3 ss lys sirup ♥ 0,5-1dl sukrin gold ♥ 1 ss kanel ♥ 1 ss malt ingefær ♥ 1/2 ss malt nellik ♥ 1/2 ss malt kardemomme ♥ Litt smør

Ha alle ingrediensene, utenom smør, i ein bolle og sett i microen på full effekt i ca 3 min. Rør rundt og sett inn igjen. Dette gjore eg, og sjå kva som skjedde…….. 

Så etter det uhellet, heiv eg alt oppi ein kjele og gjore det på den gode gamle måten. Det tar jo lengre tid, men det blir i allefall karamell! Rør til karamellen er klar, ca 40 min. Ta i ein smørklatt og den er klar til avkjøling. 🙂 Eg tok min i ei silikonform og satt den i frysen. Klare til å etast på under ein time.

Oppskrifta fant eg hos Kristine 🙂

Fylt kyllingfilet

Ikveld feira vi eksamenen min med ein ekstra god middag, nemlig fylt kylkingfilet med pesto og cashewnøtter!  Og, ja, det er så enkelt som det ser ut. Eg hadde kyllingen nederst i ovnen 40-45 min på 215 grader . 🙂


Yum yum! I måro er det helg! 😀

Kanelbolle og Kristinkos!<3

Er i Oslo igjen! Siste turen før jul:-) Nett no sitte eg og Kristin og trykke i oss nysteikte kanelbollar 😀 åhh, det var heilt magisk. Ikveld skal eta til vi sprikke 😀

Som du kan sjå under så heva dei seg litt meir enn vi tenkte. Kristin var fast bestemt på at heile deigen var god plass til på eit brett…vel det var det jo ikkje:-p

No skal vi bare ligga på den lille søte sofaen hennas og kosa oss med bolle, før vi må rulla oss øve i sengo!:)

Ny jakka fra HM forresten! Var litt usikker med tanke på lengden, men den blei veldig godkjent av Vegard så då er den vel ein keeper 🙂

Heimelaga müsli

Har lenge hatt lyst å laga heimelaga müsli, men det har liksom aldri blitt. Har sett for meg at det er så mykje styr for så lite.. Men så feil kan ein ta! Det tok ikkje meir enn 30 minutt inkludert steiketid å lage denne fantiastisk gode og enkle müslien! Alt du treng er:

5 dl havregryn

1 dl linfrø

1 dl gresskarkjerne

1 dl sesamfrø

1dl kokkosmasse

Grovhakka mandlar

Kanel og kardemomme (mykje)

Rosiner og tørka aprikos (blandast inn etter steiking)

3 ss honning

3 ss kokkosolje

 

1. Sett ovnen på 175 grader

2. Bland alt det tørre med hakka mandlar. Ha i kanel og kardemomme. Eg hadde mykje i, men neste gang trur eg at eg må ta i meir kanel. Det er jo så godt!

3. Smelt kokkosolje og honning, ilag, på svak varme

4. Legg bakepapir på ei langplanne, og fordel musliblandinga utover. Hell kokosolje og honningen over og bland godt med ein slikkepott.

5. Steik midt i ovnen på 175 grader i ca 15-20 min avhengig av ovn. Husk å rør underveis i steikinga, slik at alt blir steikt, ikkje berre det på toppen. Pass på steiketida, den kan fort bli svidd. 

6. Avkjøl godt før du tilsett rosiner osv og oppbevar i ein tett boks eller ei krukke

Neste gang eg skal laga musli skal eg ha fleire større bitar oppi, som solsikkekjerner og meir mandlar.  Denne gangen blei alt litt smått og “pulverisert”. 

Her er dagens frokost med biola og ein veldig godkjent müsli!

Pancakes!

Var på Coop idag og der har dei litt større utvalg enn på Kiwi i byn. Har hatt lyst å prøva havremjøl ei stund no, men orker ikkje akkuratt å male havregryn..  I allefall blei det havrepannekaker til mat når eg kom heim idag! Enkelt, godt og mettande.

Topp med cottage cheese og blåbærsyltetøy, åhh <3

Oppskrift: Brownie cookie

Starta dagen med 500 kcal på Elixia kl 09:00. Var heilt ekstremt stiv i låra etter timen i går, så blei litt haltande treningsøkt idag. Resten av dagen har gått til skulejobbing med to oppgaver vi skal levera inn til jul. Endelig er vi komt skikkelig i gang! Idag når eg kom heim låg Vegard på sofaen og syntes synd i seg sjølv. Han var sjuk og trist og trengte sjokolade sa han. Så siden eg kjøpte meg ny kjøkkenmaskin forrige helg så fekk eg endelig tatt den i bruk. Heiv sammen ei browniecookie røra som eg fant. Kjempe enkelt og godt, utenom at eg aldri får til å smelta sjokolade i vannbad…

No skal vi sjå Ylvis og kosa oss med kjeks 🙂 Ha ein fin kveld! 🙂

Homemade Salsa!

 

Igår kom eg over ein kjempe enkel og god salsaoppskrift på passionforbaking.com. Har alltid hatt lyst til å prøva å laga salsa sjølv, men siden eg ikkje er nåken stor fan av tomater så har det aldri blitt. Så siden United skulle spela kamp idag, og Vegard “må” ha nåke godt til kampane fant eg ut at idag var dagen for å teste ny oppskift! Den blei overraskande god, og smakte ikkje alt for mykje “rein” tomat 🙂 Vegard spørre i alle fall om meir og meir for kvar gang skåla hans blir tom.! 


Bland alt sammen med ein stavmixer i ein bolle til det blir ein jevn saus. Eg fekk ca 500 gram ferdig salsa! 

Grove rundstykker – oppskrift

Søndagsfrokosten er alltid nåke ekstra her i heimen 🙂 Idag blei det ferske rundstykker, og Vegard var storfornøyd og dei var så gode! 🙂 

Dei var veldig enkle å laga, men tok litt tid pga all hevinga og sånn. Her er oppskrifta:

Sundaypancake

Dagen idag har starta perfekt med pannekaker og blåbærsmootie! Vegard trur han har fått overdose antioksidantar no… Pannekakene er i frå Proteinfabrikken og er kjempegode og enkle å laga. 🙂

No skal vi snart på Elixia, før bowling med Mona og Harry kanskje står for tur 🙂