Heimelaga blomkålsuppe med choritzo og cheddar

Altså, nam! 😊

Eg er alltid på “jakt” etter nye blomkålsupper. Først var favoritten den originale laga på jevning og heile blomkålbitar, så stavmiksa eg heile suppa til ein jevn masse, og no har eg ein mellomting. Tidligare når eg har stavmiksa så har suppa fortsatt blitt så tynn, men no fant eg jo ut kvifor; for lite fløyte😁 Så her fant eg ei oppskrift på ei lchf-suppe, som blei heilt perfekt i konsistensen. Oppskrifta fant eg hos Fett&Forstand, men eg har erstatta feks løk, med vårløk, då eg prøver å begrense inntaket av det. Denne suppa er mettande, så skal du ha den til ein forrett så er ein veldig liten porsjon nok!

Du treng:

  • 1 stor blomkål
  • 50 g smør
  • 4 stenger med det grønne på vårløken
  • 6 dl vatn
  • 4 dl fløyte
  • 100 gram creme fraiche
  • ca 5 g persille
  • salt/pepper
  • choritzo
  • revet cheddar

 

Slik gjer du:

  1. Skyll bomkålen og skjør den i passande små bitar.
  2. Hakk opp vårløk.
  3. Varm opp smør og fres blomkålbeta og vårløk, til blomkålbetane er begynt å bli gyldne.
  4. Tilsett hakka persille, vatn, fløyte og creme fraiche og rør til alt er godt blanda.
  5. Gi suppa eit oppkok og la den småkoke i ca 20min.
  6. Ta ut ca halvparten av blomkålen og sett det til side.
  7. Bruk stavmikser og kjør suppa heilt glatt.
  8. Ha blomkålbitane tilbake i suppa.
  9. Steik choritzo sprøtt på steikepanna.
  10. Knus choritzo, revet cheddar, steikefett og litt persille på toppen før servering.

 

PS: suppa er like god til oppvarming dagen etterpå 😁

Så enten du går på lavkarbo eller “vanlig” kosthold, så kan både eg og middagsgjesten min anbefale denne! 🙂

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg