Bianco Block Boot

Eg er tilbake i Oslo for 4. gang no, blir godt når desse reisene er øve og det blir jul! Idag gjekk eg å surra litt i byn etter skulen og fant meg nye vintersko på Bianco. Siden eg fekk eit gavekort til bursdagen der,så gjore det ikkje så mykje om eg kjøpte nye sko!

Eg er kjempe fornøyd! Dei er skikkelig godt fora og gode og varme. No kan snøen bare komma til Sørlandet!

Fårikålsøndag!

Etter koselig besøk av Gunn og Jan i helga svingte Vegard seg i gang med å laga fårikål til meg! Det var så godt, minna meg om å vera heima hos Besto 🙂

Er ikkje akkuratt mulig å få eit delikat bilde av det då..

På fredag var vi på Ikea og eg fekk fine blomar av Gunn:) Sjå så fine, råååsa!

Homemade Salsa!

 

Igår kom eg over ein kjempe enkel og god salsaoppskrift på passionforbaking.com. Har alltid hatt lyst til å prøva å laga salsa sjølv, men siden eg ikkje er nåken stor fan av tomater så har det aldri blitt. Så siden United skulle spela kamp idag, og Vegard “må” ha nåke godt til kampane fant eg ut at idag var dagen for å teste ny oppskift! Den blei overraskande god, og smakte ikkje alt for mykje “rein” tomat 🙂 Vegard spørre i alle fall om meir og meir for kvar gang skåla hans blir tom.! 


Bland alt sammen med ein stavmixer i ein bolle til det blir ein jevn saus. Eg fekk ca 500 gram ferdig salsa!