Gull og grønn!

Adlinks fra Jotex.no

Iih, det er så masse fint på interiørfronten for tida! Både butikkane og nettbutikkane bugner av interiør i gull, sølv, svart og tre. Det er så utrulig lite som skal til for å endre på eit rom, ei ny blomsterpotte, ein ny lysestake, et lysfat, og rommet kan få eit nytt utrykk. Før så hadde eg/vi mykje sølv og kvit, men har dei siste åra begynt å bevega meg meir mot mørke kontrastar, fargar, gull og grønne planter. Det er så fint! 😍 Optimalt hadde eg hatt ein mørk blå sofa, men foreløbig så har vi kun plass til ein sofa og då må den få være allsidig og grå..Men ein gang! 😊 Bare sjå kor masse fint eg har funne under her då!

 GLASSVASE – SOFA – SOFABORD – GULLBRETT – TRÅDKURVER – BLADSKÅL – LYSESTAKE 

#interiør #hus #hjem #mote #innredning#møbel #møbler #design

Planar for soverommet

Innlegg i samarbeid med Chilli.no

No har eg fått pussa opp tre rom i dette huset vi bur i, og soverommet står så absolutt for tur. Her er det ikkje bare eit strøk maling som skal til foråseidetsånn.. Tanken er at eg skal male den eine veggen i samme blåfarge som eg har i stova. Eg har og lyst å lage ein sengegavl. Stoffet har eg vel hatt liggande i nåken år, så det er jo mulig eg må kjøpe nytt no..😅  Det blir som resten av huset, ein blanding av nordisk og skandinavisk stil. Deilige fargar eller?😀

Vi er egentlig og på leit etter ny seng. Den vi har no er over 5 år gammal og ikkje nåke spesielt god av kvalitet. Dessuten så forsvinne det jo enorme mengder sokkar under ei slik seng som har høge bein.🙄 🤔  Her har eg funne fleire typar eg liker, som og har sokkel og vil hjelpe mot sokkeproblemet vårt. 

Bare sjååå kort tragisk og kjip soverommet er no då… Det er nesten flaut å vise fram.. Her må det endringar til ja!😅

#oppussing #soverom #hodegavl #hus #hjem 

Jordbærbonde! 🍓 🍓 🍓

Til bursdagen fekk eg meg seks fine små jordbærplanter.🍓 Kva i alle dagar skulle eg gjere med dei tenkte eg jo først, og såg sikkert litt ut som eit spørsmålstegn der eg stod.😅  Men etter nåken dagar med tenking og planlegging kjørte eg ned på Felleskjøpet å handla inn balje, jord og lekastein. Eg liker å bruke dei store baljane til Felleskjøpet (link) til å plante i, dei er billige og store.😀  Også er det bare til å bygge ein blomsterkasse i tre rundt dei, slik som eg tidligare har gjort HER.

Først borra eg 4-6 hull i bunnen av baljen, så la eg litt greiner/ved nedi bunnen, og deretter lekastein. Lekasteinen la eg oppi ei strømpebukse, slik at den skal være enkel å bruke om igjen om eg skal plante på nytt ved ein seinare anledning. Deretter fylte eg på med god plantejord. 

Så var det bare å plante ned jordbæra, og vente tålmodig til våren kjem. 🙄

No må eg bare huske å vatne dei, og passe på at dei ikkje fryse for gale gjennom vinteren. Eg er nå spent på om dei kjeme til å overleve, og om eg kan kalle med jordbærbonde til våren..😅

#diy #plante #jordbær #hage #mat #økologisk #hobby #kreativ #blomst #blomster #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

Når skittentøyskurven ikkje fungerer 🙄

Det er vel sikkert ikkje bare heime hos oss dette her er eit problem? 🤔 At klær enten havnet på gulvet eller halvveis oppi skittentøyskurven? Nåke som igjen gjer at kurvane sige sammen og alt til slutt bare flyte over alt.. Dessuten er kurvane alt for store for oss to, og vi kunne trengt fleire sorteringsmuligheter.

Dette problemet er det no slutt på! På IKEA fekk eg kjøpt desse geniale kurvane. Dei er ikkje for store, har fleire rom og blir holdt oppe av metallbein! No kan jo ingenting gå gale vel? 🤔  Alt blir fryd og gammen på vaskerommet!

Einaste som kan bli eit problem her er vel at klæra fortsatt ikkje kjeme seg oppi kurven, men då får eg sende ein klage til Ikea for skittentøyskurver som ikkje fungerer kan vi ikkje ha nåke av…🙄 🤔

#ikea #kurv #shopping #klær #hverdag #kvardag #satire #ironi

Gangen vår før oppussing

#oppussing #gang #diy #maling #jotun #mini #liten #gjørdetselv #heimelaga #hjemmelaget #inngang #hus #husbygging

Himmelen i flammer

Eg trur det må være nåke med oss Vestlendingar og solnedgang.. Altså, ein skulle jo ikkje tru at vi hadde sett sola før, for når den først kjeme fram og skal gå ned så er det fram med kameraet med ein gang.😅  Søndag var enda ein slik dag, og eg fekk dradd mannen med meg på ein liten utflukt for å ta bilde av kveldens solnedgang.😍

Den var jo ekstra fin i går då, det skal jo seiast. Sjølv om eg egentlig synst det har vært mange fine solnedgangar på Brekstad siden vi flytta opp her. Vi var litt uheldige med at sola var kome alt for langt ned når vi fant den perfekte plassen til bildetaking. For eg love, den solo var større enn nåken gang! Så til neste gang vi skal på utflukt så veit eg i alle fall kor vi skal kjøre til! 😀

Kva syns dåke om bildene? 😊

#utno #yrbilder #fosen #fosenbilder #fosnafolket #solnedgang #natur #sol #trøndelag #bilder #foto #canon 

Løft kjøkkenet på budgett

Vi bur jo i ein forsvarsbolig, så det er begrensa kva vi får gjort i dette huset av oppussing. Men huset er gammalt og slitt, og standaren er og deretter..Dessuten så skal veggen på sikt malast grå, og då blei det litt feil med dei lyserosa varme flisene som er på kjøkkenet.😅 Så for å få det litt meir i tråd med resten, av vårt interiør og stil, så fant eg ut at eg måtte få gjort nåke enkelt med dei.  😊

Eg har kjøpt meg kontaktplast, og gjekk laus. Ellers treng du kun eit bankkort og ein god kniv, eg brukte ein tapetkniv. HER kan du kjøpe kontaktplast på Ebay 🙂 

Først vaska eg godt over flisene slik at det ikkje sitte nåke fett igjen. Fett vil gjere slik at det ikkje sitte fast. Eg begynte først med ein liten flik, og festa den til flisene. Her er det viktig at det blir beint, då dette vil gjere det enklare å rulle ut seinare. 

Deretter brukte eg eit bankkort og strøyk over etterkvart som eg rulla kontaktplasten ut. Kun litt og litt i gangen. 

Får du bobler så kan du dra opp igjen, men eg valgte heller å stikke små hull på dei og dra lufta ut ved hjelp av bankkortet. Det blei veldig bra!

Og her er resultatet! Blei det ikkje fint? Stor forskjell vil eg sei! Og ja, eg er fult klar over den idiotiske betongkanten der… Den håper eg forsvinn litt når veggen blir malt mørkegrå. Som sagt, vi eige ikkje huset vi bur i så vi får ikkje gjort så mange drastiske endringar som vi skulle ønska.. 😊

Det blei vel litt bedre vel? 😊  HER kan du sjå korleis eg malte det forrige kjøkkenet vi hadde. 

– Følg meg gjerne på Facebook HER   og Instagram HER –

#diy #oppussing #interiør #kreativitet #kreativ #gjørdetselv #kontaktplast #ebay #ebaytips #hobbygruppa #diymagasinet #kjøkken

Trondheimshelg

Då var helga, og mandagen over allerede. Helga føyk i alle fall av gårde for oss, for vi har vore på besøk hos Martin og Tara i Trondheim.😊  Vi kjørte via Orkanger til Trondheim, og brukte vel rett under 2 timar på turen, og det inkluderte ei stopp på Amfi-senteret i Orkanger. Ikkje så gale vil eg sei! 

Det var kulturnatt i Trondheim på fredagen, så etter eit vel gjennomført tacomåltid med heimelaga salsa (NAM😋) og diverse, gjekk vi nedover til sentrum. Gu så deilig det var å bu så sentralt til nåke, eg kjente eg kosa meg skikkelig med muligheten til å gå til bysentrumet. Vi fekk sjølvsagt turista oss litt, og fekk sett Nidarosdomen. 

Lørdagen starta eg og Tara dagen på IKEA. Altså, det må vel til når vi bur så langt vekke. Dessuten trur eg ikkje ein tur på IKEA er å unngå når ein har flytta i nytt hus.. Eller? 😅  Så etter at bilen var fylt opp med kommodar og diverse, så kjørte vi heim for å gå ned i sentrum igjen. Pride blei nemlig arrangert i Trondheim i helga, så det var mykje folk ute.🌈  Veldig kjekt å sjå så mange oppmøtte! Eg trur dei sa det var mellom 5000-8000 mennesker her den dagen. Det er bra 💛 💚 💙 ❤️

Lørdagens middag inntok vi på Sabrura, ein sushirestaurant som serverte det som buffet. G-e-n-i-a-l-t. Altså for 200 kr kunne ein ete så mykje, eller lite, sushi ein ville. Dei hadde og vårrullar og kyllingspyd. Dessuten så var maten veldig god og, så dette kan virkelig anbefales. Her kan eg gå fleire ganger ja! 😊

Alt i alt hadde vi ei super helg i Trondheim. Det er veldig godt å sjå at det ikkje er så alt for langt å reise for å komme til sivilisasjonen med bil.. Med båt bur vi jo kun 1 time unna by´n, men det er jo det å ha mulighet til å bruke det då.. Det var i alle fall godt å komme seg litt vekk i fra Ørlandet, og få litt påfyll av andre inntrykk. 😊  Trondheim var og ein veldig fin by, vi er heldige som har ei madrass å sove på der!

#trondheim #trondhjæm #reise #bytur #byliv #urban #ferie #travel #mat #sushi #tips

Styrk imunforsvaret med ingefærshots

Eg har lenge tenkt på at eg sku ha laga ingefærshots til å ha i kjøleskapet. Det er jo så oppkvikkande, og ikkje minst bra for kroppen, med ein liten shot kvar morgon før jobb.😊  Også har det sjølvsagt går litt i glømmeboka, slikt som mykje gjer.. Men, forrige veke fekk hadde sjefen med seg heimebrygga ingefærte til oss, og då kom eg jo på kor godt det er med ingefær og måtte rett og slett komme meg på butikken å handle inn. Dessuten går vi jo hausten i møte, og vi har jo ikkje akkurat lyst å ligge sjuke 😏

Det eg har brukt er: 1 liter vatn , safta frå ei sitron og ei håndfull opphakka frisk ingefær.

Eg satte alt på kok, og lot det stå å trekke i vel 2 timar. Jo lengre det får stå å kose seg, jo meir smak vil ingefæren gi i frå seg. Eg måtte etterfylle med vatn etterkvart, sjølv om eg lot det trekke med lokk på panna.  Deretter helte eg alt over på ei tom glasflaske, fylte opp med vatn og satte det kjølig. Drikken skal kunne stå i kjøleskapet i vel 1 mnd, men drikk den heller opp og lag ein ny. 😊

Det smakar sterkt og godt, og eg kan nesten kjenne at eg blir friskare av dette 😎  V var ikkje så veldig imponert over dette “heksebrygget” mitt, men eg klarte å få det i han to ganger før han satt seg på bakbeina… Men eg syns det er så godt at eg til og med har blanda det ut som saft og drukke det som tørstedrikk.😅  Neste gang trur eg at eg skal ha meir ingefær i og, kan vel aldri bli for mykje av det gode? 😄 

#heimelaga #shot #diy #oppskrift #ingefær #sitron #mat #drikke #reise #kvalme #gravid

    TV-stova vår

    Her er t-stova vår per dags dato. Litt vel kald og kjedelig kan eg vel sei meg heilt enig i. Dessuten er sofaen vår for stor til denne lille tv-stova, pluss at sofaen er feilvendt. Jaja, alt av møblar kan jo ikkje passe når vi bytter hus. Heldigvis hadde vi nå plass til sofaen! 🙈  Eg vil jo veldig gjerne kjøpe ny sofa, men det forslaget blei veldig fort nedstemt… Men vi får nå sjå 😏


    Slik som interiøret er no så minner det meg veldig om leiligheten i Kristiansand. Alt er likt, og derfor vil eg gjerne gjere litt om på det no. Litt kosligare blir det nok med blå vegg i Nordisk Hav bak sofaen og på veggen til venstre for sofaen. Eller kva? Resten av rommet har to store vindu på ein vegg, og ei dør på den andre veggen. Dei veggane blir Klassisk kvite i første omgang, så får vi sjå om det blir endringar der etterkvart. 😊

    #diy #oppussing #interiør #interior #design #male