Heimelaga pasta

Det siste året har vi laga meir komplisert mat heime enn tidligare. Eller, komplisert blir kanskje feil ord å bruke, men vi har brukt meir tid på kjøkkenet for kvar rett. Rett og slett meir heimelaga frå bunnen av. Vi har lenge (fleire år) gått og tenkt på om vi skulle lage heimelaga pasta, men har av ein eller anna grunn følt at det var eit stort tiltak å gjere. Det er jo egentlig bare tull, for wow kor verdt det det er! Det går fint an å lage pasta uten pastamaskin, maskinen gjer det bare 100 ganger enklere.. Første gang vi lagde pasta hadde vi ikkje maskin, og vi kjevla og kjevla i ein evighet for å få pastaen tynn nok. Det var ei heil treningsøkt i seg sjølv.. Så ja, anbefaler ein pastamaskin! Eg har lånt vår av ei venninne, så spør rundt om det er nåken som har ein pastamaskin som støvar ned i boden..😊

Pasta til ca 3 personar:

  • 200 gram tipo0 mjøl (+ 50g tilgjengelig om du treng meir)
  • 2 egg
  • 2 eggeplommer
  • 0,5 ts salt

Egg har jo forskjellig størrelse, og derfor er det greit å ikkje tilsette alt mjølet på ein gang. Mulig ein treng meir enn 250 gram mjøl og, så ha litt ekstra tilgjengelig. Matprat har ein veldig god forklaring på heimelaga pasta her

 

Fyll:

  • 125 g kremost
  • 0,5 dl fløyte
  • 50g spekeskinke eller salami
  • 100g spinat
  • Litt revet ost. Bruk feks parmesan eller kvitost.
  • Finhakka kvitløk og løk

Fyllet er litt tilfeldig i fra kva eg hadde tilgjengelig i kjøleskapet. Det er veldig enkelt å blande sammen sitt eige fyll, bare fantasien setter grenser! Ellers finnes det mange gode oppskrifter på google.

 

  1. Sikt mjølet på ei rein benkeplate eller skjærebrett. Lag eit hull midt i mjølhaugen og tilsett egg og eggekvite.
  2. Rør forsiktig mjøl og egg sammen med ein gaffel. Når det begynner å bli fast bruker du henda og knar deigen.
  3. Tilsett litt og litt meir mjøl for at deigen ikkje skal bli for klissete.
  4. Når du har ein deigklump skal du kna og elte den godt i minst 5 minutt. Bruk helst henda. Du merkar at den blir smidigare og varm etter kvart. Deigen er klar når den er litt elastisk.
  5. Når deigen er ferdig knadd kler du den inn med plastikk og lar den kvile i 30 minutt på benkeplata. Du kan og legge den i kjøleskapet, men ta den ut og la den kvile 30 min på benken før du skal bruke den.

Kjør deigen gjennom maskinen på den tjukkeste hakket ( på denne maskinen er dette 0) eit par ganger, samtidig som du bretter deigen i to for kvar gang. Dette skal visst være med på å skape riktig tekstur eller nåke 😊 Eg deler heile deigen i 2-3 før denne prosessen, ellers blir emnet for stort å jobbe med til slutt. Ha resten av pastaen i plasten så den ikkje tørker ut.

Har du ikkje pastamaskin må du rett og slett kjevle deigen godt og lenge slik at den blir tynn og nesten gjennomsiktig. Det tar litt tid, men det går fint og er verdt det til slutt. 😊

Kjør deigen gjennom 1-2 ganger på kvart nivå. På tagliatelle og fylt pasta så har eg brukt nivå 6 eller 7, då syns eg den er tynn nok.

Del emet i to og legg plast over den delen som ligg og ventar. Dette for at den ikkje skal bli tørr.

Fordel 1 ts med fyll som på bildet under her. Vil du lage mindre pastabitar tar du bare på mindre fyll og lagar fleire. Desse blir ganske store, pastaen blir større når den kokes.

Legg den andre pastaplata oppå den med fyll og trykk godt ned rundt fyllet.

Skjær ut pastaen. Her kan du fint bruke ein pastakutter så det blir litt finare, det har ikkje investert i enda eg så eg bruker bare ein kniv.

Kok opp vatn med litt salt i. Kok pastaen i ca 4 minutt.

Og pastaen er klar til servering!

Eit lite triks heilt på slutten er å ha godt med smør i ei steikepanne og la det brune seg. Når pastaen er ferdigkokt legg du den oppi steikepanna med den bruna smøret og vender godt rundt. Heilt magisk!

Buffalo chicken pizza!

Søndag er pizzadag i huset vårt. Det var vel ikkje nåke vi innførte, det bare blei sånn. Det blir ofte ein “restepizza”, altså toppingen blir det vi har til overs i kjøleskapet i frå tidligare i veka. Det resulterer i at pizzaen ofte blir ganske lik, og kanskje litt kjedelig i lengden? Så her ein søndag bestemte eg meg for å handle inn spesifikt til søndagspizzaen, og lage den litt annleis enn før!

Alle som har smakt hot-wings kjenner nok til denne buffalosmaken, ein litt søt, men sterk chilisaus som dei ofte serverer med kyllingvinger i USA. Då vi budde i Arizona laga eg minicalzone med buffalosaus til super bowl (klikk på link for oppskrift), og har egentlig hatt lyst på nåke lignande siden. Men eg orka ikkje styret med å lage calzone, så derfor vanlig pizza!

Fyll:

  • 1 pakke salatkylling
  • Franks hot sauce
  • Creme fraiche
  • Mozzarella
  • Raspa ost
  • Rødløk
  • Mais
  • Ruccola
  • Valgfritt krydder (eg brukte oregano, salt og pepper)

Bland ønska mengde hotsaus med kyllingen. Smør creme fraiche utover pizzabunnen og krydre med valgfritt krydder. Strø på ost, kylling, rødløk og mais før pizzaen skal steike. Topp gjerne med hotsaus og ruccola før servering.

Pizzadeigen eg bruker er ca slik: 4 dl mjøl, 1,5 dl lunka vatn, 1 ts sukker, 1 pakke tørrgjær, litt olivenolje (1-2 ss), litt salt. Den blir tynn og fin, ikke typisk 90-talls fredagspizza som er 3 cm tjukk.. La deigen heve seg stor og fin, før den er klar for å bakast ut.

Sett steikeovnen på 225 grader og forvarm ovnen og langpanne slik at den blir god og varm. Når ovnen og langpanna er varm legg du pizzaen over på langpanna og steik på nederste rille i ca 15 minutt (steiketid varierer ut i frå ovn, mengde topping ka kor steikt du ønsker å ha pizzaen). Sjekk under bunnen om den er gylden, då er den klar.