DIY: Lag ei hylle av ispinnar

Når vi kom til leiligheten her i Florida så var den veldig basic innreda.. Det var ikkje eit einaste bilde på veggen, og heller ikkje ei hylle. Så eg fant ut at her måtte nåke gjerast. Eg gjekk meg ein tur i hobbyavdelingen på Wallmart og der kom det! Eg hadde jo tidligare sett ei slik hexagon-hylle på Pinterest, så det måtte være tingen. Enkelt og billig for dette året her. 

SAMSUNG CSC

Du treng kun tre ting:

  • Ispinnar / trepinnar. Eg kjøpte to forskjellige str og laga to forskjellige hyller.
  • Limpistol
  • Maling

 

Slik gjer du:

1. Legg tre pinnar opp slik som på bildet og legg deretter tre til oppå dei. Det er her det er viktig å lime beint, slik at hylla blir bein. Du kan evt printe ut ein mal i frå google, og legge pinnane oppå den når du limer. 

2. Lim deretter annankvar tre og tre pinnar oppå kvarandre, som på runde ein og to. Du treng kun litt lim på kvar pinne. Fortsett slik til du får den dybden du ønsker på hylla. Du treng ein del pinnar for å få ein ok dybde på hylla, så kjøp nok pinnar!

3. Til slutt er hylle klar for å malast. Mal då i den fargen du måtte ønske. Eg malte mine i svart, og sku virkelig ønska eg hadde malt pinnane før eg limte dei sammen. Så om du skal male i ein mørk kontrastfarge, spray eller mal gjerne pinnane først 😊

SAMSUNG CSC

Og voila! To fiks ferdige og billige hyller klare til veggen. 🛠

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #homemade #hjemmelaget #heimelaga #hobby #kreativ #gds #byidarossland #hexagon #hylle #hexagonshelf #interiør

Ei dag i New Orleans

Dette innlegget kjeme egentlig veldig forsinka, men det har rett og slett ikkje blitt prioritert før no. Det var mange bilder å gå igjennom, og vekene har vært litt sløve rett og slett. Men her kjem det i alle fall, litt bilder og tekst om dagen vår i New Orleans som turistar! 

Etter ein heidundrande Beyoncé-konsert, og ei god natts søvn, var det tid for å være turistar i New Orleans. Sola strålte og det var ganske trykkande varme for oss som er vane med litt bris.

Vi tok først trikken til Lafayette square. Her var det ikkje mindre enn ein Fried Chicken festival.. Litt typisk Usa kanskje? Her fritere dei virkelig alt som går an å friterast. Etter vi hadde gått forbi kyllingfestivalen gjekk vi ned mot Missisippi. Og med Linda som guide gjekk denne byvandringa smertefritt! 

Her er vi kome oss ned til Missisippi, og den var så skitten og ekkel! Aldri om eg hadde bada der… Det er visst bare leire då, men likevell.. Eg hadde nok sett for meg ei nydelig blå elv eg.. 😅  Denne båten vurderte vi å ta ein tur med, men når vi fekk vete den tok over 2,5 time, så slo vi det i frå oss. Hadde vært kjekt med ein liten times båttur då 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fine mannen min <3

Her har vi jentene fått oss shaveice, og Linda klarte å få brainfreece. Og eg prøvde å hjelpa ho å få den vekk ved hjelp av alle kjerringrådo eg har for meg 😅

SAMSUNG CSC

Etter vi hadde gått langs Mississippi kom vi fram til Jackson Square.  Jackson Square er ein historisk park som ligg like ved Sain Louis Cathedral, som er den eldste katedralen i Nord Amerika. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Rundt Jackson Square var det ekstremt mange dyktige kunstnera som solgte maleri og fotografi. Det var så mykje fint, men vi kjøpte ingenting.

SAMSUNG CSC

Etter litt turistgåing tok vi turen på Cafe Du Monde. Dette var ein veldig populær café som kun solgte Beignets og drikke. Beignet er som ein blanding av doghnuts og crossaints, dynka i melis. Og ja, franskmenno kategoriserer det faktisk som ein frokost-rett… 

SAMSUNG CSC

Etter Jackson Square gjekk vi opp mot Bourbon Street. Å gå gatelangs i French Quarter er virkelig fasinerande. Gatene og arkitekturen er veldig fasinerande, og minnar ein del om gatene i små franske byar. Men, gatene bærer og preg av lite vedlikehold og røff behandling, då av alle orkanane og stormane som har kome inn øve New Orleans dei siste 10-15 åra. Men absolutt nydelig og fasinerande på ein gang. 

I Bourbon street fant vi oss ein relativt sivilisert bar/restaurant og fekk oss litt mat. Dei solte “big ass beer” då, så vi kunne fortsatt kjenne på at vi var i Bourbon street. 😉

Gumbo, ein tradisjonell rett i Louisiana. 

Om ein ser eit slikt “orkester” gå i gata i Bourbonstreet, så heng på. Det er forventa at folk skal henge seg med og gå dansande bak musikken. Vi gjore det ikkje då, hadde nok med å komme oss heim til hotellet for klesskift 😊

På kvelden fant vi ut at vi ønska nåke litt roligare enn Bourbon strett, så vi tok turen til Frenchmen-street. Her fant vi eit lite marked med lokale kunstnara og artistar, før vi tok turen inn på ein resturant som hadde live jazzmusikk. Dette var egentlig ein heilt perfekt avslutning på turen, og vi hadde virkelig fått opplevd ekstremt mykje på den korte tida vi var der. New Orleans er virkelig ein by som er verdt å besøke, bare for å oppleve heile stemningen som er i byen. Vi kjem nok sikkert til å ta turen igjen til våren.😊

Nåken av bildene er det Linda og Eirik som har tatt 😊

 

#iviusa #nola #usa #reise #ferie #shopping #neworleans #travel #musikk #jazz

DIY: Piff opp eit slitt brett

Med meg i frå Norge hadde eg interiør som eg ikkje skulle være så redd for å miste/ødelegge. Så eg tok med meg dette fine brettet fra Palma. Brettet er egentlig fint, men eg har brukt det til kakefat.. Med andre ord er det fullt i skrapemerker og hakk, og egnar seg lite fint på eit bord.. Så, sidan eg virkelig har fått sansen for spraymaling, så fekk jo dette seg ein liten omgang og! 😊 

SAMSUNG CSC

Det var ikkje så veldig enkelt å få sprayen til å dekke og legge seg fint. Heldigvis har eg skjøna at tolmodighet er nøkkelen ved spraying, så eg spraya mange tynne lag og lot malinga tørke i mellomtida. Det går rimelig fort her borte, siden luftfuktigheten er så høg som den er 😊

Og voila! Eit superfint brett som no kan få lov å stå framme! Og ja, eg har visst begynna å få litt svart inn i interiøret mitt. Kven skulle trudd? Men det er jo ganske kult og stilreint? Spent på om svart er like velkommen når eg kjem heim til Norge og alle tinga våre 😉

 SAMSUNG CSC

Stilig? Og den fine vetle kryddermorteren i stein fekk eg kjøpt til rundt 5-6 dollar! Snakk om kupp! Har sett dei kostar sånn 400 kr heime 😀 

SAMSUNG CSC

#diy #heimelaga #hjemmelaget #spraymaling #sprayboks #hobby #interiør #studenttips #gjørdetselv #redesign #upsycle #recycle

Sjømatfestival på Destin

Vi har hatt besøk i frå Norge! Gunn og Jan (foreldra til Vegard) kom til oss onsdag 28.september, og var her ei veke. På denne korte tida fant vi ut at vi måtte få gjort litt, og få vist dei litt rundt her vi bur. Heldigvis var det sjømatfestival på Destin på lørdagen, og det var så gøy! Eg elskar å gå i boder å bare sjå på ting, ete mat mens ein går, høyre på musikken og sjå på folka. I tillegg var jo været bare heilt fantastisk, så dette var virkelig ein nydelig dag.😊

Festivalen var ved sjøpromenaden i Destin. Destin er eit sentrum som ligg ca 20 min vekke i frå oss. Det er ekstremt mange fiskara som kjem inn med fangsten sin her. Deretter filiterer dei og du kan kjøpe heilt fersk fisk for å ta med heim. For ein luksus?

Her ligg sjølvsagt flotte båtar på rekke og rad.. Til høgre fekk eg fanga ein pelikan på bilde. Den sto der heilt fredelig og såg ut øve marinaen. Det er faktisk ganske mange pelikanar her borte. Kjekt med litt anna dyreliv enn det vi er vane med heime 😊

Båtane på bildet under er slike båtar vi kan leige når vi skal på Crab Island.  (Link til innlegget etter vi var der)

SAMSUNG CSC

På sjømatfestival er det så mykje god mat å velge mellom. Mesteparten av det er og sjølvsagt fritert, sik som alt er her borte.. Her solgte dei alt i frå Corn Dog til blekksprut og hai. 😊

SAMSUNG CSC

Vin-is og sjokoladetrekt bacon…

Det var ekstremt mange boder på festivalen og. Her kunne folk stille ut og selge ting som dei hadde laga. Det var så mykje fint, men det einaste eg kjøpte me var ein blomsterkrans til hatten min 😅

SAMSUNG CSC

Etter ein lang dag med gåing var vi veldig fornøyde med ein deilig is før turen gjekk til stranda for litt ettemiddagssol og bading 😊 Stranda var heldigvis like fint som alltid!

Takk for besøket Gunn og Jan! Vi gler oss til neste besøk. 😊

Herr og Fru Fosse 🙄 (?)

Ja, kem sku trudd? Ingen som kjenner meg godt kan eg tenke meg..  Men, det er ikkje bare heilt svart kvitt slik det ser ut til. Vi har nemlig inngått eit lite kompromiss ang. dette. Sidan vi kun har Fosse bak på bilen her i USA, så skal vi begge ta “Røssland-Fosse” til etternavn neste gang vi skal gifte oss 😜  Så det var ikkje heilt “gratis” ved å kun ha Fosse som bilskilt 😉

Her er i alle fall ein som var svært fornøyd med å endelig ha mottatt skiltet i posten! 

Stilige bilen vår! 💙  Eg må få tatt nåken skikkelige bilder av den no snart..😅

 

Alt står bra til!

Oi, det er faktisk gått 13 dagar siden eg har gitt lyd i frå meg her inne. Fant ut at det kanskje var på tide å betrygge både besto, farmor og mormor med at vi har det heilt bra! 😀 Florida er nydelig og vi kan faktisk kjenne at hausten er på vei her og. Eller, haust og haust, det er vel kanskje meir som ein normal sommar heime i Norge. Vi er tydeligvis avklimatiserte, og kjem nok til å slite litt når vi kjem heim til Norge neste sommar/haust.😅

Dei siste vekene har egentlig gått veldig rolig for seg. Eller rolig og rolig.. Vi har hatt sjukom OG bed bugs/veggedyr.. Bare å google, så finn ein fort ut at det ikkje er å anbefale. Det kjekke med dette var jo at det kun var eg som blei bitt/ete.🙄 Vegard fekk faktisk ikkje eit einaste bitt. Så vi har harr skadedyrkontrollen her for spraying, og vi har måtta hive alle klea våre i tørketrommelen for å drepe dyra.. Men no er dei vekke, så vi får dei ikkje med oss til Phoenix! Der er det kun skorpionar som overleve uansett…🦂  

Her er litt av bitta mine på armen. Ser ut som ein kornsirkel… Heile sida på ryggen var dekka og..😫

Så etter at eg hadde vært sjuk i 3 veker så tok eg, etter litt overbevisning frå “mamma Linda” (Ei av damene som er med), turen til legen. Der fekk eg påvist bihullbetennelse og øyrebetennelse i indre del av øyre(?). 😷 Uansett så fekk eg ikkje mindre enn 5 legemiddel, blandt anna ein antibiotikakur. Så detg er det eg har gjort på i det siste. Ete piller og fått kjenne på trøttheten som kom snikande som ein bivirkning. Etter at 10 dagars kuren var over, så var eg fin i øyrene i akkurat 2 dagar før det begynte å komme tilbake. Eg har derfor starta på enda ein antibiotikakur..😫  Så no har eg stått opp i fra ein 3 timars middagskvil, og lure litt på korleis dette skal gå i 10 dagar til 🙈 


Men, nok om sjukdom og elendighet! Dei siste vekene har vi jo opplevd ein del og. Vinsmaking, kamp, thanksgiving, bonfire, fisking og vi har hatt besøk av svigers! Eg skal sjå om eg får samla litt energi til å legge ut litt bilder i frå dette. 😊 Dessuten har eg nåken DIY-innlegg på lur og! Må bare få fiksa ferdig bilder og tekst, så kjem dei! 🛠 

Beyoncé var rå! 🎤

Forrige helg var heilt rå! På lørdag kjørte Eirik, Linda, Vegard og eg til New Orleans for å gå på Beyoncé-konsert. New Orleans ligge kun 4 tima vestøve i fra her vi bur, så den turen var heldigvis ikkje så lang som den til Orlando. 😊  Under her ser dåke veien/flytebruo som vi må kjøre over for å komme ned til byen. Den var evig lang! Til høgre ser dåke bilder av sumpområde dei har aligatorturar i. Kanskje det er ein på bildet?  Ellers er det bilde av New Orleans skyline og Superdomen som vi var på konsert i  😊 

Når vi kom fram sjekka vi inn på hotellrommet vårt og gjorde oss klare til å gå ut. Egentlig var planen å ta turen inn til byen før vi skulle heim igjen på hotellrommet for å skifte, men etter at vi hadde stått å venta på ein Streetcar (trikken) i øve 20 min så kom gutane opp med ideen om at vi burde bare gå å skifte til konserten med ein gang. Eg og Linda innsåg jo at det kanskje var litt lurt, då klokka allerede var halv 4 og vi skulle ete før konserten kl halv 8. 

Kl 16:30 trappa eg og Linda opp på pubben ved siden av hotelle for å hente gutane. Dei brukte litt kortare tid på å gjere seg klare enn vi 😜  Vi tok ein Uber inn til sentrum, og sjåføren var ei koselig dame på over 70 år som kjørte Uber som ein ekstra inntekt på dagtid. Veldig hyggelig! Ho kjørte oss heilt til døra av Hard Rock cafe, kor vi satt nåken timar før vi gjekk opp mot konserten. På veien opp til Superdomen var stemningen virkelig til å ta å føle på. Vi gjekk meir eller mindre i eit tog i 15 minutt, før vi til slutt kom fram. Det var så mykje folk i gatene, og ikkje minst så utrulig mange flotte antrekk å sjå! Eller, det var jo sjølvsagt ein god blanding då! 😜

Når QueenB kom på scenen så var stemningen heilt rå! Folk tok heilt av og scenen rista av all hoppinga og dansinga alle folka. Når Beyoncé begynna å synga, så var det rett og slett heilt magisk. Eg fekk frysningar og skal innrømme at eg nesten holdt på å felle ei tåre der eg satt! 🙈 💕   Det som var litt skuffande var at ho nesten ikkje sang nåken av dei gamle sangane… Vi satt jo sjølvsagt å venta og venta på gode gamle hits, men dei kom liksom ikkje så mange av dei.. I ettertid har vi forstått det slik at ho egentlig var på turne med det nye albummet sitt. Altså, det er rimelig spenstig då! Men dessto større ære til ho, då mesteparten av publikum uansett kunne alle tekstane hennar! Opplevelsen i seg sjølv var jo bare heilt rå, og det kjem nok til å sitte i oss i lang tid framøve😊  

Etter ein heilt fantastisk konsert tok vi turen vidare til BourbonStreet igjen, for litt musikk og drinkar før vi tok turen heim igjen til hotellet. Det venta jo ein dag etterpå med mykje gåing! Meir om søndagen kjem i eit anna innlegg 😊 

SAMSUNG CSC

#nola #neworleans #usa #iviusa #utlandet #ferie #reise