Svipptur til Bartebyen

Endelig er eg heime igjen etter enda ei natt i Trondheim. Trondheim er fin, men det er godt å komme heim igjen og. Det er det som er så fint med å få nåken sånne dagar med møter i byen, ein får påfyll av det urbane, men kan komme seg heim når det er nok. 🙂 Det er jo blitt skikkelig vinter her oppe no, og det var så deilig å gå i dei lyse gatene!

Torsdag etter jobb møtte eg Linda. Vi gjekk først rundt i byen og fekk gjort nåken ærend, før vi satt oss ned på Bror og åt middag. Det var virkelig snøstorm i Trondheim denne ettermiddagen, så det var godt å komme seg inn i varmen. Eg tok båten heim på kvelden, og då var det begynt å blåse godt opp på sjøen, men for ein Vestlending så var det bare piece of cake.. 😉 Er det snø i resten av landet og no? 🙂

DIY: Kamskjellromper

 

Her er ein søt liten sak som eg var så heldig å få være med å teststrikke. Bodyen er strikka i ein deilig ull/bomull mix i frå Dale garn, som gjer at den passar heilt perfekt heile året.  Det var litt knotete i begynnelsen med mønsteret, og eg gav nesten opp. Men når eg kom lenger og lenger oppover bodyen så var jo mønsteret heilt riktig! Og ikkje minst når den var heilt ferdig og dampa, då var mønsterstrevet virkelig verdt det 🙂 Ps: Hugs å ikkje strikke for slakt i mønsterraden, då blir hulla for store og heile mønsteret litt pløsete.

Garn: Lerke fra Dalegarn

Strikkefasthet: 22/10

Pinne: settpinner nr 3.5 og rundpinne 40cm nr 4

Str: 0-3 (3-6) 6-12 (12-18) 18-24 mnd

Garnmengde: 100 (100) 100 (150) (150) gr

Tilbehør: 5 små treknappar. Kjøpes på Ebay HER.  100 stk til rundt 23 kr.  Eg har kjøpt alle tre størrelsane, her har eg brukt den minste størrelsen.

Denne romperen gav eg til det nyaste tilskuddet i familien, lille Tuva til søskenbarnet mitt 🙂

Oppskrifta finn du hos @Strikkeguttemamma

Graffi

Eg bare må komme med eit lite restauranttips om du er i Trondheimsområdet og har lyst på grill/kjøtt. Det er virkelig å anbefale Grillfest på Graffi Trondheim! Då får du  Entrecóte, kyllingfilet, spareribs, kyllingvinger, mais, tomatsalat, soppstuing, maiskrem, béarnaise og BBQ-saus, hvitløk- og ranch-dip, tortillachips, Graffi fries stabla opp på bordet! Og i tillegg til det fekk vi gratis påfyll av alt tilbehøret. Heilt genialt om ein er mange, og vil ha litt forskjellig kjøtt. Eg var jo sjølvsagt litt redd for at kjøttet skulle være for godt steikt, men det var heilt perfekt! Her skal eg absolutt tilbake :)17

Klarer du ikkje å velge dessert, så kan du få litt av alt.  Eller ikkje akkurat litt, det var meir enn nok til fleire personar.

Har du vært på Graffi før? 🙂

Sunday funday

Aldri ein kjedelig dag her i gården nei! Idag har vi nemlig vært på kongleplukking. Det er til eit av mine kreative prosjekt, og for Vegard betyr det speletid. Dvs han blei gladelig med å fant kongler, slik at han kunne få timesvis med speiling ikveld. Han var faktisk riktig så engasjert og! 

Vi var ikkje heilt sikker på kor vi skulle finne furutre, men tok sjansen på å kjøre til Yrjarhytta. Yrjarhytta er ikkje så langt i frå her vi bur. Det er og ei lysløype der som dei kjører skispor i til vinteren 😊

Funn! No står konglene i ovnen og tørkar, så det luktar furu i heile huset. Vegard blir sikkert veldig imponert når det luktar furu av middagen vår ikveld…😂

Nydelig solnedgang kl 14:18, sola går tidlig ned her oppe! 

Fjorårets juletre

Juletreet vårt frå 2017 bærte preg av Usa. Juletreet er kjøpt i Arizona, samme med alle dei grønne og gullfarga kulene. Vegard fekk pynte treet i fjor, men i år har ikkje treet ei einaste grønn kule. Eg kasta nemlig alle i fjor i frykt for å måtte ha dei på treet i år og.. :p

Her er den fine kaktuskula mi som eg leita nesten heile Arizona etter! Fant jo nesten bare kuler med stadsnavn som Sedona, Page, Phoenix, Scottsdale osv på.. Men eg var bestemt, og fant til slutt ei med bare Arizona på. Florida har eg ikkje då, siden det ikkje var jul når vi var der.

Denne er fra Florida, men det står ikkje direkte Florida på den då.. Eit fint minne er den i alle fall 😊

Eg skal dele bilde av årets juletre og, må bare få tatt bilder av julehuset i dagslys! 🙂

Kristiansandtur og babyshower

I midten av november fekk eg meg ein kjapp helgetur til Kristiansand. Det var laga i stand babyshower for Mona! Mona er ei veninne i fra studietida som eg han masse med, egentlig kvar einaste dag når vi gjekk på skulen. Så kjekt at vi fortsatt har kontakt 🙂 Uansett, eg kom til Kristiansand på fredags morgon og tok bussen ned til sentrum. Ser fekk eg gått ein del å sjå i gatene (ingenting er finare enn Kristiansand til jul), sett litt i butikkar og luncha med ei tidligare jobbkollega. Så kjekt å få møtes igjen å bare sitte å snakke i timarsvis!

Julebyen Kristiansand er pynta så til de grader. Eg glømte sjølvsagt å ta bilder av torget, og eg var alt for tidlig til å få med meg lysshowet som i år skulle gå på fasaden til domkirka. Verdt å få med seg om ein er i Kristiansand i desember! Fredagskvelden var eg på overnatting hos Camilla, ei som var i USA samtidig som meg. Vi både spiste, drakk og snakka nok for heile helga den kvelden, så koselig!

Lørdagen blei det klart for babyshower! Og Mona, ho ante ingenting. Og i alle fall ikkje når ho plutselig såg meg, då måtte vi bare hoppe i armane på kvarandre og grine ein liten skvett :p

Dei ventar ei jente no i desember/januar, så eg måtte jo strikke nåke lite til lille babyen. Det blei ei Willums selebukse i deilig merinoull. Har lest at den skal være så godt for småtroll å bevege seg i. Eg fant og heilt tilfeldig verdens finaste body på Newbie-butikken, den passa jo heilt perfekt! Var det ikkje søtt ilag? 😀 Jenter må ikkje alltid ha rosa veit du 😉

ENDELIG!

Endelig er det sosialt akseptert å gå i julegenser! Eller er det det forresten..? 😅 Er du komt i gang med julegavene enda? Kanskje du er ferdig? Her i huset er vi ikkje akkurat klare, men vi har jo tross alt 24 heile dagar igjen til å ordne det på. Med litt ekstra førjulskos og hygge så ordner det seg alltid 🎅 Ha ei nydelig førjulstid 🎄 Ps: bildet er i frå i fjor. Eg er ikkje blitt brunette igjen.. 😅

#christmas #christmassweater #julegenser #jul #advent #ferie #gaver