Tennisdag!

Lokal tid: fredag kl 21:20

Hei og hå! Ny dag her no. Dagen har eg brukt på soling (har blitt solbrent for første gang her borte) og tennisspeling! Vegard var på basen idag mellom 08:00 og 13:00 for ein kort brief om praktiske ting både her i staten og på jobb. Der kunne dei nevne at byen vi bur i, den blir kalla “the thunder and lightning city” av dei innfødte. Det kan eg virkelig forstå, for når det først lyner og tordner her, ja då er det heilt ekstremt. Godt vi kan være innomhus og 😉

Øve til tennisdagen! Her kjem litt bilder av det. Altså, vi holdt bare ut i maks 45 min. Det var så varmt å springe rundt der i steik sol! Puh.. Var rimelig godt å få dusje etterpå ja 🙂

SAMSUNG CSC

Alt  matche ja.. ” Jeg liker bare ting hvis de er rooosaaa” 😉

SAMSUNG CSC

Bak “A´en” i Arium, der bur vi. Heilt sant. Ca 3 meter i fra Tennisbanen. Og no har vi kjøpt oss tennisracketer og! Rekne med vi kan endre etternavn til Federer når vi er ferdige her i USA! Bare sjekk stilen! 😉

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ja, eg har med meg Festidalen caps til USA. Skal SÅ gå med den når folk er heime og kose seg med konsertar på Festidalen..<3

SAMSUNG CSC

Forresten så tok vi bilteorien i går! Eg grua meg så sjukt.. Vegard forsikra meg om at 16 åringa består den, så då klarte eg det og. Og han hadde sjølvsagt rett, som vanlig…Men det er godt å være litt nervøs før slike testar, ikkje sant? 🙂 No har vi oppkjøring den 31.08, og etter det er vi å rekne som ekte Amerikanera! Vi hadde ikkje måtta ta lappen her borte, men pga forsikring på bil så måtte vi det. 🙂

SAMSUNG CSC

No har vi leiligheten full av kollegaene til Vegard. Vi skal ein tur på by´n i Destin. Taxien kjem om 2 små timar! Meir om det seinere 🙂

#USA #iviusa #reise #sommer #florida

Følg meg gjerne på Facebook! Har du ei Facebookside og? :)

Ja, eg har gjort det. Eg har laga meg ei Facebookside for bloggen. Dette fordi eg ikkje hadde lyst å “spamme” veggen til alle vennene mine med link til bloggen både her og der. Så no kan alle som har lyst å følge meg, og oss, følge sida mi på Facebook og få oppdateringane der 🙂 

Er det nåken andre som har ei Facebookside til bloggen? Legg gjerne link i kommentarfeltet så kan eg følge deg! Klikk på bildet for å komme inn til sida 🙂

#facebook #follow 

Travel with style!

SAMSUNG CSC

Til bursdagane våre var vi så heldige å få kjøpe oss to store nye Samsonitekoffertar fra foreldrene våras. Dette var absolutt nåke vi trengte til den store reisen over atlanteren! Vegard har ein i svart og eg ein i gull. Eg måtte jo selvfølgelig kjøpe meg ein liten håndbagasjekoffert i samme stil.

SAMSUNG CSC

Bare sjå kor stilige dei er då! Åh, dei gjorde virkelig heile reisen til ein drøm. Og forresten, eg kan ikkje forstå at eg ikkje har reist med koffert som håndbagasje før? Det skal eg definitivt gjere fleire ganger.. Veska mi var jo så lett når eg kunne ha alt mulig i kofferten 🙂

SAMSUNG CSC

Tusen takk for ein super presang som vi skal ha mykje nytte av i mange år 🙂

Håndbagasje her og stor koffert her.

#shopping #reise #travel #usa #samsonite

 

DIY: Blomsterkasse med hjul

Vi nyte fortsatt late dagar her i Florida! Idag har vi lest på bilteorien (ekstremt masse nytt å sette seg inn i + den er jo på engelsk..), og no skal vi ut å legge oss på bassengkanten. Klokka er snart 15:00 her! Øve til nåke anna, her kjem litt bilder og oppskrift på enda ein bursdagsgave eg laga når eg var heime i Norge 🙂

——————————————————————————————————————————————————————–

SAMSUNG CSC

I fjor overraska eg mamma med ein stor blomsterkasse på bursdagen. Ho hadde akkurat fått fiksa terrassen, så ein stor kasse var på sin plass 😉 I år hinta ho ganske godt frampå at ho ønska seg enda ein blomsterkasse, heilt lik som den ho hadde frå før av. Så når baljen og hjula var kjøpt inn var det bare å kjøra inn på Kvinnherad Bygg å handle inn materiale. Det som var så fint var at eg kunne sei til han i kassen at eg skulle ha akkurat samme mengde material som i fjor. Han var gla, eg var gla. Han kutta til og med opp alle plankane i dei lengdene eg trengte! For ein fantastisk service 🙂

Oppskrifta på blomsterkassen finn du her.

Husk å båre hull i botn av kassen, slik at overflødig vatn kan få renne ut. 🙂 Så er det bare å hive oppi litt stein og jord, før ein kan plante 🙂

SAMSUNG CSC

Sjå kor fine dei er! Må sei meg fornøyd med desse 😉 God plass er det og. Om eg ikkje tar heilt feil så romme baljen 120 liter.!

 

SAMSUNG CSC

Oppskrifta på blomsterkassen finn du her.

#diy #byidarossland #hjemmelaget #byggdet #maxbo #byggmakker #heimelaga #kreativ #blomster #ute #blomsterkasse 
 

Air Force Armament Museum

Når vi kjørte til leiligheten frå flyplassen på tirsdag, så kjørte vi forbi ein heil haug av militære fly. Vegard blei heilt i hundre og klarte så vidt å sitte stille i bilen. Så på Lørdag fant vi ut at vi skulle være litt kulturelle og ta turen for å sjå på desse flya! Museumet var ikkje kun desse flya som sto utstilt, men og eit stort bygg med mykje Amerikansk krigshistorie. 

Eg var veldig heldig med at eg hadde Vegard med meg, då han virkelig fungerer som ein guide som kunne ha jobba på museumet. Eller, eg er nesten sikker på at han kan meir om flya, våpena og missila enn ein guide hadde kunna. Mykje av det som var utstilt er jo det han jobbar med til vanlig 🙂 Mange av flya var heilt enormt store! Og eg som synst F-16 er stort når eg har stått ved siden av den, det er den jo egentlig ikkje om ein sammenligne den med dei andre 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vegard under ein B-52. Sjekk det beistet av eit fly då!

SAMSUNG CSC

Forran ein AC-130. Herkules.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Savne babyen sin som står heime i Norge.. F-16.

#florida #usa #iviusa #reise #forsvarsfrue #militærfrue

 

Officer Beach Club – Florida

Altså, SJEKK denne stranda vi var på i går då! Eg har aldri sett liknande.. Krittkvit sand og turkist hav så langt auga kan sjå. Vi hadde virkelig ikkje følelsen av å være i USA når vi var her. Bare wow. 

SAMSUNG CSC

På akkurat denne stranda så var området tilegna for militære og deira familie og venner. Så det var heldigvis ikkje stappa fullt slik som det var på dei offentlige strendene. Her skal vi definitivt tilbake. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Det var over 30 grader i sjøen, veldig varmt og behagelig med andre ord. Og sjølv om det var delvis overskya så klarte vi fint å få god farge på dei to små timane vi var på stranda. Godt vi bruker solkrem seie nå bare eg, for her tar sola gjennom alt. 

SAMSUNG CSC

Meg og Linda 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

På slutten begynte det å tordne og lyne langt i det fjerne. Lyn og torden er nåke som er veldig normalt her nede, og det går fort øve. Men vi tok absolutt ingen sjangsar, og kom oss i bilen når det tjukna til. Ein del av dei lokale satt igjen og venta på finværet, og det kom når vi var sett oss ned på ein restaurant ca 10 min vekke frå stranda. 

SAMSUNG CSC

Resten av dagen gjekk med på Whole Foods, innom på eit outlet for å sjå og hente enda ein kollega av Vegard som skal være her borte. Han inviterte vi på pizza heime i leiligheten vår, slik at han skulle sleppe å gå sulten på rommet etter reisen fra Phoenix 🙂

#usa #forsvarsfrue #militærfrue #iviusa

Murica bound – 1 år i USA

No kan eg tenke meg det er ein del spente sjeler heime som ventar på ei oppdatering i frå oss over dammen. Vi kan meddele at vi har det heilt fantastisk! Vi har på tre dagar klart å ordne oss telefonnummer, bankkonto, hente og kjøpt bil og fått bestilt nye bilskilt! Altså, dette er ting som vi forventa skulle ta langt over ei veke, så vi er rimelig happy. Vi har ikkje akkurat fått pakka ut alt av kle enda, siden vi ikkje har overtatt leiligheten vi skal bu i dei neste 3 mnd. Den får vi i morgon/idag (mandag). *jippi*. Då kan eg endelig begynne å få det litt heimekoselig, og ikkje gå rundt med følelsen av at vi er på ferie og bur i koffert 🙂 

SAMSUNG CSC

To fornøyde jenter på mellomlandingen i Atlanta! Vi fekk faktisk all bagasjen, det var meir enn vi hadde håpa på.. 🙂

DCIM100GOPROGOPR0020.

Vi har kjørt mykje rundt i leigebilen til Eirik og Linda dei siste dagane. Blitt kjent med område vi bur i, småbyane rundt og fått shoppa litt av kvart til leiligheten. 

DCIM100GOPROGOPR0016.

“Kjærlighetsbenken” ligg 20 meter fra balkongen vår 🙂

Her har vi akkurat tatt ut 1000 $ i cash for å betale tax til biltilsynet ved kjøp av bil. Etter at vi hadde signert alt og nesten var klare til å gå, så kom sjefen bort til oss og sa at det var riktig slik vi sa, at folk som tilhørte den gruppa vi gjorde ikkje skulle betale tax ved kjøp av bil. Så slik blei det då at vi fekk tilbake dei 1000$ vi hadde tatt ut 10 min før. Lykkelige gjekk vi ut av DMV (biltilsynet) med eit midlertidig bilskilt og 14000 kr meir enn vi trudde vi skulle ha! For ein lykkedag!

Her er bassenget vi har 10 meter fra balkongen vår. Altså, kan det bli bedre? I huset til høgre ligg treningsrom og spelerom, og bak det ligg det ein tennisbane som er åpen heile døgnet. 

DCIM100GOPROGOPR0013.

Eg trur absolutt vi skal få det fint her dei neste 3 månadane! 

#usa #florida #iviusa #camaro2ss #flytte #reise 

DIY: Bruk skjell

Som sagt tidligare blomstrar kreativiteten for tida. Sikkert fordi eg ikkje veit kortid neste prosjekt blir, då vi flytter til USA på tirsdag. Eg og Vegard har vært å henta skjell i fjæra, og det blei nåke riktig kult ut av det! 

Det første eg gjore før eg tok i bruk skjella var å klore dei i ei bøtte med vatn. Dette for å få dei litt kvitare/klarare i fargen, og for å få vekk evt dyr og bakteriar som ligg i dei. 

Deretter tørka eg skjella, og fant fram dei finaste som eg ville bruke. 

SAMSUNG CSC

DIY Skjellball:

Du treng:

  • Skjell
  • Hamptråd
  • Limpistol
  • Kule av isopor eller anna material.

 

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  • Lim litt og litt av hamptråden rundt isoporkula. Til tjukkare tråden er, til tettare blir det og kjappare går det. Pass på så du ikkje tar på limen, den er rimelig varm 😉
  • Når kula er dekka kan du la den tørke litt. 
  • Lim deretter på skjell. Eg starta på toppen, og jobba meg nedøve. Eg la og alle skjella samme vei, slik at det blei litt symetri.
  • Når eg hadde limt skjell nesten heilt ned, så stopp eg. Dette fordi at ballen skulle kunne stå på bordet, og ikkje rulle. 
  • Lim deretter små skjell rundt der du føler det er litt åpent. Og voila!

SAMSUNG CSC

DIY Skjellpotte:

Du treng:

  • Ei lita potte
  • Store skjell
  • Limpistol

 

Slik gjer du:

  • Start øverst på potta med å lime eit og eit skjell rundt kanten. Tilpass litt med store og mellomstore skjell, slik at du kjem rundt. 
  • Lim deretter skjell på nedøve potta, ein runde om gangen. 
  • Pass på å ikkje lime skjell nedanfor botnen på potta, då kjem ikkje potta til å stå beint. 

SAMSUNG CSC

Og her er resultatet! Var dei ikkje søte? Passa perfekt inn i båten til mamma og Harald 🙂

SAMSUNG CSC

#diy #skjell #gjørdetselv #byidarossland #heimelaga #hjemmelaget #hobby #sommer #gds

    I fjæresteinane

    Idag har eg kjent meg veldig rastlaus. Det har kribla i heile kroppen etter å gjere nåke.! Bruke kreativiteten til eit eller anna. Eg har snekra sammen ein ny blomsterkasse til mamma, og klarte ikkje heilt roa meg med bare det.. 🙂

    Eg fekk Vegard med meg i fjæresteinane for å plukka litt skjell 🙂 No ligg skjella i ei bøtte med klor for å få dei litt kvitare og reinare enn dei var 🙂 Får sjå kva det blir til i måro 🙂

    Sjå kor fint det er her heime. Her er stranda som ligg i byggefeltet eg har vokst opp i. Sjå kor fint og idyllisk det er her 🙂