DIY: Juletre i fjær

Eg har fått ein del tilbakemelding på desse fjærtrea som eg delte bilde av forrige veke, så då er det bare å dele fremgangsmåte. Den er egentlig ganske fort gjort, ein må bare ha utstyret for hand. 🙂

Du treng:

  • Isoporkjegler (Panduro) Du kan og lage ei kjegle av papp.
  • Fjær
  • Lim
  • Maling og pensel

 

Start med å male kjeglene i samme farge som fjæra er. Dette er fordi den kvite isoporen ikkje skal vise gjennom når du har limt på fjær. Når dette er tørka er det bare å begynne å lime på fjær. Eg begynte ca 5 cm fra bunnen, og limte rundt kjegla. Deretter gjorde eg det samme i fra toppen. Det er bare til å lime litt her og der, så blir resultatet bra til slutt.

Enkelt og fint! Vegard lurte på om eg ikkje var riktig når eg sette den to “fuglane” på bordet…  Menn altså!

#diy #gjørdetselv #hjemmelaget #hjemmelaga #aftenposten #fjær #julepynt

#pandurohobby #bloggklubben #rom123 #design #redesign #kreativitet #kreativ #hobby #diy #gjørdetselv #hjemmelaget #hjemmelaga #aftenposten #fjær #julepynt 

Julebordantrekk

Som sagt var vi på julebord med jobben til Vegard på fredag. Det gjekk for seg på byens finaste hotell; hotell Ernst. Maten var nydelig og selskapet enda bedre. Vi holdt på til dei seine nattetimar, og var faktisk ikkje heime før klokka nærma seg 07:00 lørdags morgon.. Fy så gøy vi hadde det! 

Her kan dåke sjå antrekket eg hadde på meg. Kjolen er fra Vivikes; her

 

Julegrantenning

For ein julefylt søndag. Idag har eg og Vegard pynta i leiligheten, hengt opp julegardiner, pynta tre og så toppa vi det heile med julegrantenning på Torvet i Kristiansand.

Vi fekk med oss Linn og Anette og. Det var så mykje folk der, så vi kom oss ikkje fram til scenen der det heile skjedde ein gang. Så med ein gang treet var tent så sneik vi oss inn på Herlig Land og nøyt ein bedre middag/kvelds.

No sitte vi godt planta i sofaen, klare for film. Ahh, denne helga har vært fantastisk!

Verdens beste plan?

Dei siste åra har eg og Vegard pleid å ha ein mini-julekalender der vi har utveksla adventsgaver på dei fire søndagane i advent. Denne tradisjonen meinte Vegard vi ikkje skulle ha i år, då han synes det blei stress å kjøre på Sørlandssenteret for å kjøpe nåke til meg….. Eg elske jo ALT som har med gaver å gjere, så dette kan jo ikkje eg gå med på. Eg har derfor valgt å ta saken i egne hender og utvida lige godt heile adventskalenderen med pakker kvar dag! 

Eg har kjøpt 24 gråposar og planen er at han skal få 12 av dei, så må han finne 12 pakkar til meg og eg til han. På den måten blir det jo spenning KVAR dag!! 😀 (Sorry Vegard, men du må være med på dette)

Verdens beste plan vil nå eg sei!

#diy #adventkalender #gaver #hjemmelaga #tips #pakker

Magi på boks

Igår var eg å henta posten, og der låg det sannelig ein liten pakke i fra mamma! Eg kunne egentlig ikkje heilt forstå kva det var, så eg var veldig spent. Spenningen varte ikkje lenge, då den fort gjekk øve til gledeshyl når eg innsåg kva som måtte være inni pakken! Sjekk den koselige innpakkingen og.

Er det makrell i tomat? Hmmm…

GLEDESHYL! Mammas heimelaga peppernøtter <3 Altså, sendt øve fjellet for at eg skal få julekos. Mor mi e best! 

#julebakst #hjemmelaga #diy #peppernøtter #kakaer #godtno #matprat #mamma #baking

Kampen om Sørlandet!

Kampen heile Sørlandet har snakka om i fleire veker, er endelig ferdigspelt. Stemningen varikkje heilt på topp heile tida, men når Start i det  82 minutt parkerte kampen med ein 3-1 scoring så var det avgjort. Det var ein fantastisk stemning på stadion idag. Kanskje ikkje så rart det, med tanke på at det var rundt 13.000 mennesker som hadde tatt turen! Gratulera til Start som klarte å beholde plassen sin i Tippeligaen i år!

#Start #ikstart #sørlandet #sport #hverdag #fotball #krsbloggers

New in: Michael Kors

Forrige veke var eg så heldig og fant ein tilgodelapp på Høyer i lommeboka mi. Så på vei heim fra jobb svippa eg innom for å sjå om eg kunne få brukt den på nåke. Eg hadde allerede bestemt meg for at eg ikkje skulle legge for mykje ut sjølv, bare fordi, så derfor blei eg superglad når eg fant denne pouchen

Eg har allerede hatt mulighet til å bli veldig glad i den. Den er så genial på fleire måtar. Enkel å ha med seg, uten at ein må ha med seg ei heil veske 🙂 Skal heilt klart ha den på julebordet på fredag!

#newin #shopping #michaelkors #pouch #style #hoyer #style 

Endelig..

Fredag! No skal vi på julebingo med jobben til Vegard og i morgon skal eg være med på julemarked med ei veninne. God helg!

Årets første

Gjett om gleden var større enn fornuften når Vegard kom heim med ein pakke kakemenn i går då..! Alle hemninger og sjølvlaga reglar om å vente til 1.desember forsvant.. No har vi ein ny regel; ingen julebrus før 1. Søndag i advent (om vi klarer det då…)