Klassetur til Italia

Forrige veke kom eg heim i frå ein fantastisk kjekk og opplevelsesrik skuletur til Italia. Vi var både i Bologna, Firenze og Pisa så vi fekk sett mykje på dei 3 dagane vi var der. 

Vi var og på vinsmaking hos Bibi Graetz. Bibi har norske aner, snakka norsk og har i over 10 år produsert vin ved vingården, og slottet, Vincigliata. Han selger mykje vin inn til Norge og i 2005 produserte han Italias dyraste vin til 4575 kr pr flaske. Han er og kåra til å ha laga verdens beste vin. Han bur på slottet med familien sin på 5, og heile atmosfæren rundt på området var fantastisk.   

Siste dag i Bologna. Eg og Mona var på date og fekk servert verdens beste pasta!:)

I Pisa!


 

Hotellivet

Jobb fra 09:30 til 16:00, kjøretur fra Kristiansand til Tønsberg, jobb i butikken i Tønsberg fra 20:00 til 22:30, Peppes Pizza takeaway, hotellseng, Idol og søvn! Puh.. I morgon er det på an igjen kl 9 og heilt til kundekvelden er ferdig kl 22.. Det er lange dagar, men blir ekstra godtmed helg då! 🙂

God helgestart

I går fekk vi besøk av mamma og Harald. Vi tre fekk ein rolig og god start på dagen, mens Vegard stakkar sprang ut dørane i sju tida i dag tidlig. Vi har ete ein lengre frokost og no har eg satt dei i arbeid med benking av oppvaskemaskin og kjøleskap 😉 Idag trur eg vi skal på litt shopping, og eg har ein plan om å laga ei knaggrekka til gangen. 🙂  

Her er akvariumet og fiskane eg fekk av Vegard til bursdagen min! Den blå kampfisken heter Tassen og den lysaste minifisken heiter Moët. Den andre jenta og guten har ikkje fått navn endo, nokon ide?

Oppskrift: Kremet tagliatelle

Idag har eg hatt seinvakt på jobb, så når eg kom heim trengte eg middag fortast mulig! Eg fekk litt cravings på krema pasta, så kom på ei ganske så enkel oppskrift.
Du treng:
– Pasta
– Kjøttpølse/ skinke eller bacon
– Snøfrisk
– asparges
– salt og pepper

Så er det egentlig bare å steike, koke, blande og nyta! 😀 Trur Vegard blei fornøyd, han sleika nestem gryto 😉

Vi kan viss vi vil!

Ja, for det er ikkje ofte vi ete fisk i dette huset.. Så no har vi inngått ein avtale, og det er å ha fiskemiddag minst ein gang i veka! Forrige veke hadde eg to, laks og fiskegrateng. 😉 Laksen var faktisk veldig god, eg laga heilt enkelt ein marinade av olje, sitron, chili, kvitløk, salt og pepper! Og dryssa løk og paprika på toppen! Enkelt og godt. Eg har skikkelig lyst på steikt lyr, men den blir aldri så bra som når mamma eller besto laget den. Så kanskje eg kan få mamsen til grytene neste gang ho kjem på besøk! 😀