Dobbins Lookout – South Mountain

17. november var vi på vår 3. fjelltur her i Phoenix. Turen gjekk denne gangen til Dobbins Lookout, sør i byen. Dette er ein anbefalt utsiktsplass på TripAdvisor, då ein og kan kjøre bil til toppen. Vi parkerte ved foten av South Mountain, og gikk opp Holbert Trail. 😊 

Enda ein tur med utsikt øve heile byen. På ein klar dag så kan ein faktisk sjå fjella i nord heilt klart. 

SAMSUNG CSC

Denne turen er egentlig perfekt for familie vil eg sei, men amerikanerane meinte at dette ikkje var ein familietur. Er barna vane med å gå på tur i Norske fjell, så er dette ingen  problem. Den startar flatt, før det er jevn stigning heile veien til toppen. Heile veien går ein på brei sti slik som på bildet under, med andre ord ingen problem!😉

Masse fine kaktusar! Dette var visst ein typisk turistplass, så pass på å velg kva dag du skal gå her. Vi var midt i veka, og slapp unna det verste trøkket av turistar som kjører opp. 😊 

SAMSUNG CSC

Faste turvenner 💛

Den faste gengen som pleier å gå på tur ilag! 😊 

SAMSUNG CSC

På toppen av Dobbins Lookout er det eit lite “hus” som blei bygd på 1930-tallet av unge menn i fra byen. Det er vel egentlig ikkje brukt til nåke spesiellt heller.

Maaaange fine kaktusar her og!

Her viser damene kor dei hadde sett ein “Bob Cat” sist dei var på tur her. Han satt i treet og lurte. Ein Bobcat er ei Gaupe, eller det nærmaste vi kjem Gaupe i Norge. Bare at ein bobcat er større en gaupa vi har.. Huff, ein må ikkje tenke på kva som er uti områda rundt her ein gang..

Etter turen gjekk vi å åt lunch på The Farm at South Mountain. Eit stort gårdsområde med fleire cafear og resturantar der dei serverte heimelaga og heimedyrka mat. Fantastisk plass som virkelig kan anbefalast 😊

Ein del av bildene er tatt av Linda 

#phoenix #usa #tur #fjelltur #hike #iviusa #turvenner #utlandet

Tur til Camelback Mountain

Dei siste 2 månadane har vi gått på 4 fjellturar i området rundt Phoenix by. Siste tur før juleferien var ein tur til Camelback mountain, eit fjell som ligg veldig nært bysentrum. Det var då sjølvsagt mykje meir folk i fjellet enn det vi er vane med på dei andre turane, men turen var super uansett. 😊 På denne turen var vi faktisk heile fem Nordmenn med og! Her står vi alle klare for turen! 

SAMSUNG CSC

Opp der skulle vi. Det var ganske bratt enkelte plasser, men det er så deilig å kjenne det svi litt i lår og rumpe! 😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Nåken plassar var det så bratt at dei hadde sett opp rekkverk til å holde seg i. I Norge så hadde det nok ikkje vært rekkverk på desse plassane, men steinen/berget vi gjekk på var blitt så slipt av alle som hadde gått der at det var faktisk greit med nåke å holde seg i av og til 🙂

SAMSUNG CSC

Fjellet ligg som sagt nesten midt i byen, slik at det er boligområder rundt heile fjellet.

SAMSUNG CSC

Pause på veien opp! 😊

SAMSUNG CSC

By så langt du kan sjå. Det er når du kjem opp i høgden du virkelig får sjå kor stor Phoenix by egentlig er! Det bur jo like mange folk her som det bur i heile Norge…😅

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

På toppen av fjellet har dei som tradisjon å sette opp eit juletre med pynt på. I helgene står nissen her og deler ut sjokolade til dei besøkande. Kul tradisjon! Burde hatt nåke slikt i Norge og 😉

SAMSUNG CSC

Heile gjengen! Ein fantastisk gjeng 😊

SAMSUNG CSC

Her er vi fem nordmenna som ble med på denne turen 😊

SAMSUNG CSC

Her ser vi ut øve ein bydel som tydeligvis er litt meir velståande enn dei andre. Som du kan sjå er det grønt øve alt!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#iviusa #fjelltur #phoenix #usa #fjell #tur #reise  #storby

God Jul fra ørkenen!

Oi, no var det lenge siden eg har gitt lyd i frå meg her inne. Dei siste 2-3 vekene har egentlig bare flydd av gårde til forberedelser til jul, frivillighetsarbeid, familie og venner. Men gud så deilig det har vært og. 😊  Eg har tatt masse bilder, og gler meg til å dele med dåke! Vi har og vært så heldige å hatt besøk så og sei non stop siden 7 desember, av Jan, mamma og Harald, og har fremdeles besøk av Martin 😊  No ligg vi mest på sofaen, ser film og ladar batteria til vi skal til Las Vegas for å skåle inn det nye året! 

Vi var jo litt spente på korleis i alle dagar skulle vi klare å få julestemning i dette været her? Ingen problem! Værgudane må ha tenkt på oss, for på julafta var det faktisk regn og vind her i Phoenix. Skikkelig grått vestlandsvær, så det hjalp godt på heimlengsel og julestemning for oss 😅

Nam nam! Lokalt pinnekjøtt fra Lundal hadde vi fått tilsendt i posten og! Heilt perfekt! 😊

SAMSUNG CSC

Kokken i aksjon!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sjølv om det har vært ei litt annerledes julefeiring og julehelg enn vi er vane med, så kan eg absolutt ikkje sei at vi har lidd nåken nød! Vi har hatt nydelig julemat, godt selskap og fått alt for mange pakkar, igjen. Med andre ord, alt har faktisk vært som normalt 🙈  Einaste som ikkje har vært som tidligare er sjølvsagt at den eine julefeiringa med pappa og familien har mangla, men eg fekk være med på Facetime ei god stund så det hjalp litt på😊   Det er el bare å nyte at denne jula har vært så rolig som den har vært, for til neste år er det vel tilbake til det “vanlige” julestresset igjen😅

SAMSUNG CSC

#juliutlandet #christmas #jul #jul2016 #iviusa 

Oppskrift: Sylterull, svinerull, rullepølse. Kjært barn har mange navn..

Eg innsåg egentlig ganske tidlig at denne jula kom til å bli litt annerledes enn når vi er i Norge. Ikkje får eg feire med pappa, ikkje får eg møte alle i familien i juleselskap, ikkje får vi gå på julegraut hos onkel og ikkje får vi julepålegg og sylteflesk av farmor og besto. Det var då egentlig kun ein ting vi kunne gjere, det var å prøve å lage vårt eige julepålegg… Egentlig så hadde verken eg eller Vegard trua på det, men fant ut at vi måtte prøve uansett.

Etter å ha brukt ein halvtime på å oversette alle kryddera fra norsk til engelsk, reiste vi i butikken for å finne ingrediensar. Det første hinderet fekk vi i kjøttdisken, når slaktaren ikkje hadde hørt om buklist eller sylteflesk.. På engelsk heiter det Pork skirtVi forklarte han kva vi skulle bruke det til, og han fant fram eit stort stykke Pork Loin, altså ein ytrefilet, med svor. Vi tenkte at det skada ikkje å prøve, det var jo tross alt gris med svor på. Og jaggu blei det ikkje bra! Så det er faktisk ikkje heilt umulig for oss unge å lage slike pålegg som kun besteforeldre kan😅

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 2 kg buklist eller sylteflesk (Vi brukte ytrefilet)
  • 6 ts salt
  • 2 ts pepper
  • 2 ts malt nellik
  • 1 ts malt allehånde
  • 2 ts malt ingefær
  • 6 ts gelatinpulver
  • Hyssing/ bomullstråd
  • Kjøkkenhåndkle

 

Slik gjer du:

  1. Del kjøttstykket slik at den blir eit stort stykke som heng sammen. Legg svorsida ned på benken. 

SAMSUNG CSC

2. Bland sammen krydderblandinga og gelantinpulver og fordel det jevnt over heile kjøttstykket. Gni det gjerne litt inn i kjøttet.

SAMSUNG CSC

3. Rull sammen kjøttstykket til ei pølse. Start rullinga på motsatt side av svoren, slik at svoren kjem ytterst på pølsa. Husk å rulle pølsa stramt og fast. Knyt deretter godt med hyssing rundt. 

SAMSUNG CSC

4. Rull pølsa i eit kjøkkenhådkle, og surr på nytt hyssing fast rundt. 

SAMSUNG CSC
5. Legg sylterullen i kokande vatn, kok opp og la trekke på 90°C i ca 1 1/2 – 2 timar, avhengig av størrelsen på rullen. 

6. Avkjøl rullen i ca 20 min før du legg den i press. Bruk bare fantasien når det gjeld å legge pølsa i press. Eg brukte ein stor pakke med mjøl++. Auk presset opp til ca 6 kg etterkvart som rullen avkjøles.  La den ligge i press i minst eit døgn. (Vår låg øve helga).

SAMSUNG CSC

7. Er sylterullen litt lite salt, kan den leggast i saltlake i 1-2 døgn. Dette var ikkje nødvendig for oss, då vi syns det var nok krydder på.

SAMSUNG CSC

Og resultatet blei mykje bedre enn forventa! Og ikkje minst blei det godkjent av Vegard. Han var egentlig meir skeptisk enn meg til å begynne med, siden han elskar julepålegget som farmor lagar til dei. Heldigvis var dette ein god erstatting sa han. Så her er det bare komme seg på butikken! 😊

#diy #oppskrift #jul #christmas #svinerull #rullepølse #mat  

Grand Canyon!

I frå Sedona og nordøve til Grand Canyon kjørte vi igjennom landskap som vi ikkje har sett på ei god stund. Litt forskjell i fra strendene i Florida og kaktusane sør i Arizona.  

Når vi endelig ko fram til porten til Grand Canyon nasjonalpark så måtte vi jo betale inngangspengar. Hadde vi tenkt oss litt om så hadde vi nok parkert den eine bilen i den vetle byen som vi kjørte forbi 5 minutt tidligare, for inngangen til parken kosta 30$(!) per bil!! Enormt dyrt egentlig… Men, vi får satse på at pengane går til ein god sak, så vi smilte og betalte med glede. 😅  Vi parkerte bilen og fulgte strømmen av folk.

SAMSUNG CSC

Altså, for eit landskap! Når vi kom fram mot kanten av gjerdet så kunne vi ikkje heilt tru det. Det såg rett og slett veldig falskt ut.. 🙈  Som om nåken bare hadde klistra opp ein plakat framfor oss. Vi hadde jo sjølvsagt høyrt at Grand Canyon var svært, og hadde jo forberedt oss på det. Men at det skulle være så stort at det ikkje såg ekte ut, det hadde vi ikkje trudd. 

SAMSUNG CSC

Det er så fasinerande å tenke på at denne gropa for mange tusen år siden har vært fylt med vatn. Gropa er over 1600 meter djup, og nederst så kan ein faktisk sjå Coloradoelva som fortsatt renn her. Sprekken er 446 km lang, 50 km lengre enn Trondheim- Oslo i luftlinje! 🙈 Det sett vel ting litt i perspektiv! Med andre ord fekk vi jo sjølvsagt bare opplevd ein liten brøkdel av den.

Etter å ha leita ei stund etter ein fin plass å ta bilder, der vi ikkje fekk 15-20 japanera i bakgrunnen, så fant vi ein liten utstikker litt nedenfor stien. Der slapp vi både folk, tre og slikt som ødelegger bilder. Men ta det med ro folkens, det var ikkje akkurat værre enn ein tur utpå Preikestolen eller Trolltunga. 😏 

🍀 Firkløveren på tur 🍀

Vegard og Eirik kjøpte seg jo cowboyhatt, så vi kom oss ikkje unna posering med den 😅

Søtt lite ekkorn, som sikkert levde bra godt av turistane. 😍

Nydelig landskap, og virkelig verdt turen. Vi var jo og superheldige med været når vi var der. Kun nåken dagar seinare var det overskya og litt trykkande stemning. Hadde virkelig vært kjekt å tatt turen når det er litt snø der oppe, det må virkelig være eit syn! 😊

Tips:

  • Fyll opp bilen, og ikkje kjør to bilar med to personar i kvar bil inn.
  • Prøv å ta turen når det er opplett og gjerne blå himmel.
  • Om du ønsker å ta nåken av bussturane som går langs Grand Canyon, så må du nok komme tidlig og ha heile dagen.
  • Har du mulighet, ta ei overnatting og ta ein fjelltur nedover mot bunnen. Men husk, du skal gå opp igjen og..  Overnatting og fjellturar må nok bestillast i god tid på forhånd. 

Mesteparten av bildene er tatt av Eirik og Linda 😊

#usa #reise #arizona #route66 #travel #iviusa #grandcanyon #canyon #fjell #tur

Sedona – ein fantastisk landsby

Dette var synet vi våkna opp til lørdag 12.november, etter å ha kjørt inn i Sedona på kveldstid dagen før. For eit fantastisk landskap!! Det Sedona er mest kjent for er desse fjella her. Dei får ein heilt fantastisk nydelig raudfarge når et er soloppgang eller solnedgang.  Til vanlig bur det kun 20.000 personar i Sedona, men dei har besøk av rundt 4 millionar turistar kvart år(!), og det er landskapet og turmulighetane folk er på jakt etter!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi budde minst i gamlebyen på eit lite motell som heite Star Motel. Det var merken meir eller mindre, men var akkurat det vi trengte for nettene vi var her. Sentralt og ei seng å sove i. Vi var heldige med at vi i heile tatt fekk rom den helga, siden det var langhelg og folk tydeligvis hadde planlagt litt bedre enn oss :p 

SAMSUNG CSC

I Sedona var det mange cowboyar! Vegard og Eirik slo på stortromma å fekk kjøpt seg skikkelige Cowboyhattar og. 

SAMSUNG CSC

Midt i gamlebyen sto det og ein mann som jobba for staten. Han hadde med seg ein haug av slangar og edderkoppar. Jobben hans var å hente desse dyra når folk feks hadde fått dei inn i husa, eller andre plassar ein ikkje ønsker å ha slike kryp.  Når eg såg kor snille dyra var, så måtte eg jo sjølvsagt holde på dei. Slangen under her kjentes akkurat ut som ein hageslange.. Ja, typ ein slik som du vasker ute med. Det er ein Kongeboa, kvelerslange, så eg kjente godt når den slynga seg opp over armen og prøvde å komme nedi bh´n min. Då var vi ikkje venner lenger.. 😅

SAMSUNG CSC

Dette er ein “Coral snake”. Det finnes vel to typar (såvidt eg veit), der den eine er giftig, og den andre er ikkje. Dei er veldig like, men det er ein måte å huske på kass som ikkje er farlig. Regla går slik: “Red touches yellow, would kill a fellow. Red touches black, you´re good Jack”. Så denne under her har svarte band mot raud, og då er den ikkje giftig. Blir du bitt av den, så er det ikkje nåke du kjenner spesielt godt heller. 

SAMSUNG CSC

Her fekk eg holdt ein tarantella igjen og. Sist eg holdt ein var vel når eg var 10 år (eller mindre), og følelsen var temmelig lik slik eg huska det! Hårete bein som klyp seg litt fast i huden din, for å ikkje dette av. Den gjekk opp langs armen min, og prøvde å komme inn i jakka mi. 😅

SAMSUNG CSC

Ja, han fekk pengar. 🙈  Kun for innsatsen!😄

SAMSUNG CSC

Gatene i gamlebyen er beholdt gamle, slik at ein føler ein er i ein westernfilm. Skikkelig stilig arkitektur! Ein får ein skikkelig godfølelse av å gå her.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sedona er som sagt kjent for turområda sine. Så neste gang vi tar turen opp (ja, vi må faktisk opp igjen) så får vi pakke med oss litt turklær, så vi får oppleve området på den måten og. 😊 Det er kun 2 timar kjøring i fra oss, så det går fint an å ta ein dagstur her til! 

SAMSUNG CSC

Vi fekk eit tips om å ta turen opp til flyplassen for å få utsikt over heile byen. Vi er veldig glade for at vi høyrte på det tipset, då flyplassen ligg på ein høg topp. 😊 Sjekk den utsikten!!

SAMSUNG CSC

Eg blir ikkje lei.. Fjell er så fint. Savne virkelig fjella heime!

SAMSUNG CSC

På toppen av flyplassen med utsikt over Sedona by.

SAMSUNG CSC

Her hadde vi klatra opp på ein liten haug eit lite stykke nedanfor flyplassen. Det er kun 8 parkeringsplassar der nede, så her skal du være heldig om du får plass. Dette er utsikten andre veien i forhold til bilda over. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

– Pink Jeep Tours –

For å få litt meir ut av dagen, enn kun å gå rundt for å sjå, så valgte vi å bestille oss ein Jeep-tur. Det er visst ein av dei største arbeidsplassane i Sedona, det å kjøre turistar rundtom i Jeep.  Vi valgte Pink Jeep, som har kjørt turistar i øve 50 år! Vi var veldig fornøyde med turen, og fekk sett landskapet litt på nærare hold. 😊 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

❤️ Fargane ❤️

SAMSUNG CSC

Turen tok rundt to timar, og vi kjørte i eit rimelig okkupert landskap. Eg kan fortsatt ikkje heilt forstå korleis det gjekk bra..

SAMSUNG CSC

Her har sjåføren vår tatt oss med på ein liten gåtur. Denne hytta eller huset, er ein av plassane i Sedona der det blei laga ulovlig “Moonshine” på 1920-tallet. 

SAMSUNG CSC

Skikkelig “trollsk” bilde 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

– Solnedgang på flyplassen –

På kvelden tok vi med oss Eirik og Linda for å sjå på solnedgangen på flyplassen. Vi var tydeligvis ikkje dei einaste som hadde tenkt den tanken.. For i motsetting til når eg og Vegard hadde vært der oppe tidligare på dagen, så var det no fleire bussar med Asiatere oppe på utkikkspunktet. Dei er virkelig overalt 😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Nydelig!

SAMSUNG CSC

Nåken av fjellbilda er fra Linda sitt kamera 🙂