Ein tur til Vestlandet i mai

Ingenting, og då meiner eg absolutt ingenting, er finare enn Kvinnherad og Vestlandet i mai.🌸🌿 Altså, så på detta her då 😍

Sjå kor herlige nyfødde lam <3

Eg og Simen (søskenbarnet mitt), hadde og årets første utepils/vin på Zachen i nydelig vær, før vi kjørte heim til Hordvik til tante og onkel. ☀

Her ligge Statsraad Lehmkuhl til kai og nyter sola! Sååå fin 😍👌

Miniferie i Trondheim

I helga tok vi oss ein liten velfortjent miniferie i Trondheim hos Tara og Martin! 😁 Dette var siste helga vi fekk muligheten til å reise på besøk før dei flyttar til sørøve til hausten..

Trondheim bada i sol, som så mange andre plassar i landet. Så det var deilig å bare gå rundt å sjå og oppleve byen. Det var så utrulig mange turistar og, at det nesten blei litt for mykje. Umulig å ta bilde ved Nidarosdomen vertfall. Men det problemet løyser vi med å ta bilde når vi gjekk heim fra byn 😅 Kl 3 er det jo rimelig lyst no, og uten turistar var det jo perfekt!

Trondheim by sett i fra Festningen!

Vi såg bronsefinalen i leiligheten, åt digg pizza på ØX bryggeri, dansa på Fire Fine (litt for høg partyfaktor på den uteplassen, men overlevde), åt sushibuffet på Sabrura og enda helga med ein tur på Festningen og såg VM finalen mellom Frankrike og Kroatia ⚽ Absolutt ei helg som vil gå i minneboka 😊

Sjå alle folka som hadde samla seg for å få med seg finalen!

Kva har du gjort i helga? 😊