Video: Tombstone – Ein ekte cowboyby!

Her kjem ein liten film i frå når vi var i Tombstone. Tombstone er rett og slett ein ekte cowboyby som lever i beste velgåande heilt sør i Arizona. Her kler mange av dei lokale seg i westernklær, for å kunne passe inn i den gamle gruvebyen. Eg har litt bilder å dele i fra denne turen, eg må bare få summa meg til å skrive innlegget først. Men no kjem i alle fall filmen 😊

#arizona #film #video #youtube #iviusa #reise #ferie #glede #tur #usa 

VIDEO: Los Angeles og San Diego

God morgon Norge!

Det er sikkert nåken som har starta påskeferien allerede kan eg tenke meg. Eg kjenne at eg gjerne skulle hatt meg ein tur på hytta i påsken, men det får vi heller ta igjen til neste år! 😊  Vi har som sagt fått besøk av heile familien til Vegard, og fekk då bu på stranda med dei i helga. Det var så godt med litt strandliv igjen.😊  Vi kjørte heim igjen på søndags kveld for å ta i mot flyttelasset vårt som skulle komme på mandagen. Vel, mandag er over og vi har ingen flyttelass enda.. Det er bare så typisk alle amerikanera vi har hatt å gjere med i forbindelse med flytting.. Ingenting er i orden, ingen tidspunkt blir overholdt… Heldigvis har vi fått bekrefta at flyttelasset skal komme hit idag kl 09:00, så vi får nå satse på det då 😅

SAMSUNG CSC

I mellomtida vil eg gjerne dele ein video som eg har klippa sammen. Den er i frå turen vår til Los Angeles og San Diego i november. Enjoy! 😊

#video #iviusa #losangeles #LA #reise #ferie #sandiego #usa 

Roadtrip: Horseshoe bend og Utah

Dei to siste vekene i Arizona, så meir eller mindre maste  eg på Vegard at han måtte ordne seg ein dag fri. Eg hadde nemlig planlagt at vi skulle kjøre heilt nord i staten for å gå ned i ein av sprekkene til Grand Canyon og sjå litt meir av underverka Arizona har å tilby. Han fekk ordna seg fri ein fredag, men så måtte han på jobb likevel.. Då begynte jo eg å bli litt stressa, siden bilane skulle sendast avgårde.. Heldigvis fekk vi tatt ut leigebil, og Morten, som vi delte leigebil med sa han kunne bli med på denne ekspedisjonen min! 😄  Så slik hadde det seg at vi kjørte 100 mil tilsammen den dagen. Det tilsvarer forresten Oslo-Trondheim tur/retur på ein dag 😅  Trur egentlig begge mannane var litt oppgitt over planen min, men når vi var heime igjen så konkluderte vi med at det hadde vært ein veldig fin dag! 👌

Første stopp på den lille dagsturen vår var Horseshoe bend.😊  Når vi kom fram til parkeringsplassen så var det lagt opp til ein liten gåtur. Eg trur heile turen er ca 2 miles(?), vi gjekk i alle fall i ca 15-20 min ein vei. Egentlig så trudde eg at horseshoe bend låg rett ved veien, så vær forberedt på å ta med vatn om det er varmt!

SAMSUNG CSC

Tadaa! Her er alltså undervekret. Stilig eller? Dette er rett og slett Colorado river som har slanga seg gjennom landskapet. Og år etter år har den gravd seg nedover. Resultater er jo heilt fantastisk vil eg sei. 😊

SAMSUNG CSC

Tenk at naturen har gravd seg fram på denne måten. Sjukt fasinerande å tenke på at elva har vært så høgt oppe før.

Fornøyde turistar på tur! Det var sjukt mange folk der, men eg bana meg vei framover og fekk nok den beste plassen 💪  Egentlig så syns eg kanskje at Preikestolen og Trolltunga er hakket verre enn dette. Mulig det er fordi landskapet er meir realistisk i Norge? Her er jo alt rødt og uvanlig for oss Nordmenn!

Arizona, du er fin! <3

SAMSUNG CSC

Og når vi først var så langt nord, så fant eg ut at ein tur innom Utah også burde være på lista.🙄   Mannane var ikkje heeeilt i mot det då, men dei såg ikkje poenget. Så det betydde at det blei ein tur innom der og.😅  Det er eg glad for, for det var veldig fasinerande å kjøre i frå raude Arizona, og komme gjennom grensa til eit Utah som kun hadde gråstein! Skikkelig kult!

Ein liten film på grensa. Her kan ein sjå fjella og området rundt 😊

#utah #arizona #reise #reiseblogg #usa #ferie #tur #iviusa #roadtrip #dagstur 

VIDEO – Vi har bada med hai! 🐟

SAMSUNG CSC

Her kjeme ein liten film i frå haidykket vårt! Eller dykk og dykk, men det er i alle fall det nærmaste eg har lyst å komme ein hai.. Trygt og godt bak nåken stålrøyr  😅

#video #hawaii #oahu #usa #iviusa #reise #ferie #travel #journey #wanderlust #youtube #film #reiseblogg #reisebloggen

 

VIDEO – Dobbins lookout Phoenix, Arizona

Her kjem ein liten video i frå toppen av Dobbins Lookout! Ein plass som absolutt er å anbefale, om ein er på tur til Phoenix. For å kjøre her til  googler ein bare “Dobbins Lookout at South Mountain” på gps´en😃  HER kan du sjå litt bilder i frå første turen opp.     Og HER kan du sjå bilder fra denne turen 😊

#usa #video #film #reise #travel #reisebloggen #iviusa #phoenix #arizona #ferie #wanderlust 

Snorkling på Navarre Beach – Video av skilpadde

På søndag var det dags for enda ein felles utflukt. Store deler av oss Nordmenna som er her borte tok turen ilag til ei strand som kun låg rett under 30 min vekke i fra oss. Kjetil, ein i følget, hadde vært her for ei lita stund tilbake og dukka, så han anbefalte at vi tok med oss snorkelutstyr. Så etter vi hadde vært på dykkebutikk og kjøpt oss skikkelig snorkel, maske og svømmeføtter vendte vi snuten mot Navarre Beach. Navarre Beach blir kalla Floridas best kept secret, og vi kan jo forsåvidt forstå det. Etter at vi tok av frå hovedveien kjørte vi øve ei bru og kom bort til eit heilt flatt landskap. Det var vel meir eller mindre bare ei stor strand med asfaltert vei på. Sanden var ikkje fullt så fin som på stranda på Officers beach, men den var fortsatt krittkvit.

Vi hadde egentlig sett for oss eit fint kunstig rev med enormt med dyreliv og korrallar på. Men når vi kom der så blei vi faktisk litt skuffa. Det kunstige revet var kun” mange betongklossar som var bygd oppå kvarandre. Her var det då begynna å vokse tang og dyrelivet hadde flytta inn. Det var absolutt fasinerande, men ikkje som vi såg for oss. Det er forsåvidt fire slike rèv rundtom på denne stranda, så vi får ta turen på ein av dei andre ein annan gang. 🙂 Eg såg forresten ei sjøskilpadde, så livet mitt i Florida er snart komplett. Manglar bare å sjå delfin no! Eg fekk den på film og, sjekk nederst i innlegget 🙂

Vi snorkla i fleire timar, uten å bli lei! Vi stakk inn til land når brennmanetene kom… Og Eirik, Vegard og eg klarte sjølvsagt å svømme rett bak den, der den hadde slept ut trådar… Lite behagelig kan ein sei!  Etter eg hadde snorkla etter fisk så snorkla eg etter skjell. Altså, det var så masse fine skjell der! Eg klarte jo sjølvsagt å ta med meg ein liten bærepose, så eg får sjå kva eg skal bruke den til 😉

Vi markerte 11.september ved å kle oss i det Amerikanske flagget. Tenk at det er 15 år sidan allerede.

Eg trur eg må ha meg ein slik parasoll. Altså, så kor kul den er då?

På vei heim kjørte eg og Vegard langs stranda for å sjå om det var nåke spesielt der. Det einaste vi såg var fult i hus som var bygde på stolpar. Det er tydelig at dei er forberedt på at sjøen kan stige og at husa kan stå i fare for å komme under vatn ved ein evt orkan eller tornado. Her er dei i alle fall litt forberedt.

Her er filmen! Håpar de likar den. Det var virkelig ikkje nåke enkelt å filme, svømme og holde pusten samtidig…Så litt uklarhet blir det nok..:p

Takk for turen folkens!

Crab Island – film!

Så var det tid for ein ny oppdatering fra helga! Kvar gang vi har kjørt til Destin (sentrum 20 min vekke) så kjører vi øve ei bru. Ved siden av denne brua, uti sjøen, har det ofte vært enormt mange båtar som ligg i ro, folk som går i sjøen, hoppeslott, musikk og god stemning. Det er jo klart dette var fristande å få teste ut! John kunne informere om at denne plassen var kalla “Crab Island“. Eg trur nok ikkje plassen blir kalla det fordi det er mykje krabbe der, men pga det er grunt nok til at ein kan stå der.

På lørdag var vi gira på å teste ut denne plassen, einaste hinderet vårt var at ein må ha båt for å komme seg ut der til. Heldigvis har John båt, og han ville være med oss til Crab Island! Det kunne ikkje passe bedre. Lørdagen kom og vi kjørte til Destin, der John plukka oss opp. Då hadde han allerede satt i frå seg 4 stk midt utpå Crab Island, då det ikkje var lov med så mange ombord i båten hans.

DCIM100GOPROGOPR0069.

DCIM100GOPROGOPR0068.

Då vi omsider kom oss bort til området så var det heile egentlig meir eller mindre surrealistisk. 100 vis av båtar låg heilt stilt rundt oss, folk var uti sjøen og kasta ball, dansa, spelte volleyball, drakk og koste seg. Skikkelig god stemning og idyll!

DCIM100GOPROGOPR0080.

DCIM100GOPROGOPR0101.

Vi var på området til det blei overskya og klokka nærma seg solnedgang. Heilt på slutten så måtte vi bare ut på hoppeslottet. Det stengte egentlig kl 17:30, men uten tilsyn så var det gratis og åpent for dei som ville. Fy kor slitsomt det var! Det ser virkelig mykje enklare ut enn kva det er.. Vi er fortsatt stive i nakke, armar, mage og rygg etter akrobatikken som gjekk føre seg der ute :p

DCIM100GOPROGOPR0127.

DCIM100GOPROGOPR0184.

Eg har og forsøkt å klippe sammen ein video fra utflukten. Dette er første videoen eg lager, så håpar den er grei. Har brukt det nye GoPro4 til å filme med, så mulig det er derfor det er litt ustøtt? Anar ikkje. Snurr film! 🙂

Ka syns du? 🙂
#usa #florida #reise #ferie #iviusa #film #youtube