Middag i det fri

Her i Trøndelag er det viktig å nyte dei godværsdagane som er om dagen! Så forrige veke tok Linda, Eirik, Vegard og eg middagen i det fri. Vi hadde med oss ved, pølser, pinnedeig og gode klær og gikk til Rusasetvatnet og fyrte opp i bålpanna. Det var gode 14 grader den dagen, og heller ikkje så mykje vind at det var unormalt. Rett og slett ein nydelig ettermiddag ute! Det er ikkje så mykje som skal til, litt lavterskel tur er bedre enn ingenting.😊

Området rundt Rusasetvatnet er så fint opparbeida. Det er lage fine grusstier, og fleire plasser med bålpanne, grill og sitteplasser ein kan slå seg ned på.

Luksus i det fri! Vi er heldige som kan nyte dette kun 10 minutt i frå huset vårt.

Sett farge på påskebordet- mal påskeegg!

Pynta påskeegg gjere nåke med stemningen. Heime hos mamma ligge kunstverk i frå heile oppveksten godt lagra i ein eggekartong som blir tatt fram kvar påske. Heldigvis har nåken av egga knust og blitt bytta ut med nye og kanskje litt finare egg(?) etterkvart som eg vaks til. No har vi jo vår første heimepåske her på Ørland i lag, så eg fant ut at vi måtte ha fargerike egg som friska opp ein ellers grå corona-kvardag.😊

 

Du treng:

  • Egg
  • Ein plastboks eller skål til å ha innmaten i egget i
  • Nål eller tegnestift
  • Såpevatn
  • Maling og malekost
  • Fyrstikker eller pinne
  • Tråd

 

Slik gjer du:

  • Stikk hål begge enda av egget med ei nål eller tegnestift. Vær forsiktig så du ikkje knuser egget.
  • Hold fingrane over begge hola og rist godt.
  • Blås inn i det eine holet så kjem egget ut det andre. Pass på at holet ikkje er for lite, så blir det veldig tungt å blåse.
  • Lag litt såpevatn og vask egga både inni og utpå.
  • La egga tørke før dei er klare til å dekorerast. Bruk for eksempel maling eller tusj og slepp kreativiteten laus. Det kan bli litt gris, men det er ein del av sjarmen, er det ikkje?
  • Knekk ein fyrstikk i to og knyt ein tynn tråd på midten av fyrstikka, slik at du får ei løkke.
  • Heng opp egga i ein kvist du finn ute i naturen, fiks ferdig og enkel påskepynt!

Egga kan du oppbevare i ein eggekartong til neste påske 🙂

Eg malte egga einsfarga med litt akrylmaling eg hadde liggande. Det heile kosta med andre 0 kr! Billig og fin påskepynt 🙂

DIY: Påskekylling av silkeleire

Her kjem det enda ein liten påske-diy i fra meg! Ingrediensane her er veldig enkle, og sikkert nåke dei fleste har heime i skuffene sine.

Silkeleire er veldig enkelt å lage, og ikkje minst å jobbe med for både store og små. Leira er smidig og mjuk, før den blir hard når den tørker. Alle ingrediensane er naturlige, så det gjer heller ikkje nåke om nåken finne ut at dei skal smake på deigen. 😊

Korleis egget er laga finne dåke framgangsmåte på her: DIY: papiregg

 

Du treng:

  • 1 del maizenamjøl
  • 1 del salt
  • 1 del kokt vatn
  • Streng eller piperenser
  • Maling

 

Slik gjer du:

  • Bland sammen maizenamjøl og salt i ein kjele ilag med kokt vatn.
  • Rør godt til det blir ein passe seig masse.
  • Når du synes deigen er passe seig tilsetter du litt og litt maizenna, til deigen får ein bedre konsistens til å jobbe med.
  • Lag figurar som du ønsker. Til påskekyllingen lagde eg og bein og nebb som vist under her. Stikk dei godt inni figurane så dei sitte fast.
  • Stikk hull med feks der augene skal være.
  • Steik ca 5 timar på 100 grader med døra på gløtt. Dei skal stå til dei tørker, men eg lot mine lufttørke og.
  • Når figurane er tørka kan du male dei slik du ønsker.

Nebb vridde eg til på denne måten her:

Bein surra eg sammen slik. Det er bare å prøve seg fram. Plasser bein og nebb på kyllingen, du ser allerede her at mine har fått litt attitude!

Her er figurane feridig malte. Bildene blei ikkje så klare, så eg trur det må være nåke gale med kameralinsa mi, den klarer ikkje fokusere… Jaja, her er i alle fall ferdige påskeharer! Eg valgte å male dei kvite slik at dei skulle passe inn i interiøret mitt.

Dei var litt kule, ikkje sant? 😊

DIY: Papiregg

Endelig er påsken her!

Eller er det lov å sei endelig, no når vi alle må være heime og ikkje kan besøke verken familie eller venner? 🤔 Uansett så kjeme påsken, og då kan ein vel gjere det beste ut av det. Det positive oppi det heile er at eg og Vegard får testa heimepåske i Trøndelag, og då må det i alle fall pyntast litt🙂 Eg har ikkje så alt for mykje påskepynt, men dei siste vekene har eg laga litt innhold til påskeavisa på jobben. Bonus: påskepynt i heimen!

Ein av tinga eg har laga er enkle påskeegg av papir! Sjå kor delikat då, og ikkje minst enkelt. Det tar litt tid, siden limet må tørke og slikt, men det er verdt det når det er ferdig! 🙂

 

Du treng:

  • A4-ark eller avis
  • Vatn
  • Decoupage eller potetmjøl
  • Ballong
  • Pensel

 

Slik gjer du:

  • Fyll ein ballong halvfull med vatn og blås den opp til ønska størrelse. Vatnet gjer ballongen stabil når du skal feste papirstrimlene og gir den eit tyngdepunkt når det tørker.
  • Riv opp avisa i biter/strimler og start liminga. Har du ikkje decoupage lim tilgjengelig blander du potetmjøl med vatn, slik at du får du samme lim-effekten. Eg limte papir øve 2-3 lag før eg blei fornøyd med tjukkelsen på egget. Eg lot også limen tørke mellom laga.
  • Når egget er slik du vil ha det, lar du det tørke over natten før du stikke hull på ballongen og fjerner den.
  • Mal i ønska farge og dekorer slik du ønsker.

Karantene-kaffi

Dalgona – vårens trendkaffe

I disse heimedager er dette den nye trenden som har tatt øve sosiale medier som Instagram og Tik Tok. I følge Google Trends var begrepet “dalgona coffee” nærmast ikkje-eksisterande  på internett fram til 26.januar i år. Det var først då ein koreansk youtuber posta ein video 22.februar at dette virkelig tok av. Dalgona er eit slags heimelaga godteri i frå Sør-Korea, kor og kaffien stamme i frå. Kaffien er farlig god, eg anbefale å teste den ut!

 

Dette treng du:

  • 2 ss Pulverkaffi
  • 2 ss Sukker
  • 2 ss Varmt vatn
  • Isbiter
  • Melk

 

Slik gjer du:

  • Pisk sammen like deler pulverkaffi, sukker og vatn med en visp. Blandingen vil etter ei stund tjukne og bli lysare og kremete.
  • Ha isbiter i eit glas og fyll opp 2/3 med melk.
  • Topp med kaffikremen, og rør så rundt så kremen blandes lett med melken.
  • Nyt!

Ps: du kan og lage denne drikken med kakaopulver istadenfor kaffipulver for ein mer barnevennlig variant. 🙂 Evt bare tilsette kakaopulver til den opprinnelige oppskrifta for å få is-mocca!