DIY: Påskekylling av silkeleire

Her kjem det enda ein liten påske-diy i fra meg! Ingrediensane her er veldig enkle, og sikkert nåke dei fleste har heime i skuffene sine.

Silkeleire er veldig enkelt å lage, og ikkje minst å jobbe med for både store og små. Leira er smidig og mjuk, før den blir hard når den tørker. Alle ingrediensane er naturlige, så det gjer heller ikkje nåke om nåken finne ut at dei skal smake på deigen. 😊

Korleis egget er laga finne dåke framgangsmåte på her: DIY: papiregg

 

Du treng:

  • 1 del maizenamjøl
  • 1 del salt
  • 1 del kokt vatn
  • Streng eller piperenser
  • Maling

 

Slik gjer du:

  • Bland sammen maizenamjøl og salt i ein kjele ilag med kokt vatn.
  • Rør godt til det blir ein passe seig masse.
  • Når du synes deigen er passe seig tilsetter du litt og litt maizenna, til deigen får ein bedre konsistens til å jobbe med.
  • Lag figurar som du ønsker. Til påskekyllingen lagde eg og bein og nebb som vist under her. Stikk dei godt inni figurane så dei sitte fast.
  • Stikk hull med feks der augene skal være.
  • Steik ca 5 timar på 100 grader med døra på gløtt. Dei skal stå til dei tørker, men eg lot mine lufttørke og.
  • Når figurane er tørka kan du male dei slik du ønsker.

Nebb vridde eg til på denne måten her:

Bein surra eg sammen slik. Det er bare å prøve seg fram. Plasser bein og nebb på kyllingen, du ser allerede her at mine har fått litt attitude!

Her er figurane feridig malte. Bildene blei ikkje så klare, så eg trur det må være nåke gale med kameralinsa mi, den klarer ikkje fokusere… Jaja, her er i alle fall ferdige påskeharer! Eg valgte å male dei kvite slik at dei skulle passe inn i interiøret mitt.

Dei var litt kule, ikkje sant? 😊

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg