Rundtur på Ørlandet

Før sommaren var mamma ein tur på besøk her i Trøndelag. Eg hadde klart å ordne meg fri nåken av dagane ho var her, slik at vi kunne få mest mulig tid ilag.

Vi var ein tur innom Uthaug for å sjå på ei gate med gamle hus som låg heilt i sjøkanten. Her fant vi og eit naust som virka veldig interessant, og siden døra sto åpen og det hang eit skilt med «cafe» på døra, så gjekk vi inn 😅 Det var jo slettes ingen cafe, men rett og slett ein mann som hadde samla på alt og ingenting heile livet. Han hadde så ekstremt mykje fasinerande ting/ skattar der inne! Han var veldig pratesjuk, så vi var der nok ein liten time og høyrte på alle sjørøverhistoriane han hadde å fortelje.

Vi gjekk ein tur på Gartkviga. Ein topp vi visste ikkje var nåke høg, men at vi skulle bruke knappe 7 min på turen opp var vel heller sjokkerande😅 Vi brukte faktisk lengre tid på vei ned, siden mamma skulle vise vei.. 😂

Fin utsikt over Garten var det i alle fall. Her går og ferja over til Storfosna.

Vi fant kvart vårt multebær og, så det var verdt turen opp 🙈

Det er så herlig å få besøk her oppe! Også er det jo litt fint her og..😊

DIY: Ny lysestake

I sommar var eg og mamma ein tur på “Kråka“, som er miljøstasjonen her i kommunen. Vi skulle kaste litt papp og isopor før vi skulle kjøre rett heim igjen, men slik blei det jo ikkje.. Vi måtte jo sjølvsagt innom den avdelingen der som heiter “godt brukande”. Altså ting andre ikkje vil ha/ treng lenger, som kven som helst kan komme å hente, gratis. Gjenbruk altså!

Eg var selektiv når eg kom inn i bua, men denne lysestaken her den kunne eg ikkje gå i fra. Eg såg med ein gang for meg eit bord dekka til selskap med denne på. Litt høgde er jo alt som skal til, så denne var perfekt! Ja, den er nok litt sær eller gammeldags, men eg likar litt unikt i interiøret.

Den var ikkje akkurat så fin som dette når eg fann den då.. Den var skitten, nedslitt, rusta(?) og såg egentlig lite innbydande ut.. Eg begynte med å legge den i kokande varmt vannbad og skrubba den med ein svamp. Den blei jo mykje bedre med ein gang etter det, men eg skulle jo uansett spraye den! Eg har jo tidenes lager med spray, så det skulle ikkje stå på utvalget i fargar heller. Eg falt likevel på gull, og satsa på at fargen blei som forventa. Og det blei den!

Bare sjå kor fin denne blir på spisebordet då! Eg angrar egentlig på at eg ikkje tok to stk når eg var der… Ville jo ikkje dra meg meg for mykje skrot inn i huset (Vegard sine ord). Kanskje den andre fortsatt står der oppe? I så fall er det meiningen at eg skal ha den og.😅

Kva syns du om lysestaken? Den passar jo fint ilag med Jonathan Adler skåla mi og! Litt rare begge to!

#diy #doityourself #hobbygruppa #interiør #interior #kreativ #hobby #gjenbruk #redesign #lys #varme #stue #husoghjem #julebord #bord 

Hyttetur til Åre!

I mars(!!) var vi på hyttetur til Åre med ein god gjeng. Ja, det er ein liten evighet sidan..Men eg fant bildene her om dagen, og kom på kor kjekk turen var og ville dele litt bilder 😊

Det var ein heila gjeng fra Ørlandet som reiste. Vi var vel 8 stk i leiligheten vi budde i, men så var det minst to andre leiligheter med kjentsfolk i og. Vi tok fri på jobb fredag, og kjørte bort torsdag ettermiddag. Turen tok ca 4 timar her i frå, og få kjører vi inn langs Fosen, via Verdal og rett inn mot Åre på ein gammal dårlig kjerrevei… Det føltes i alle fall slik, siden veien var å sammenligne med dårlige vegar på Vestlandet + at det ikkje var strødd på glatta..

Vi kom oss trygt fram etter 4 timar, og då bar det rett på ICA for litt «Harryhandel», trudde eg… Ikkje veit eg kva eg hadde forventa, men når eg har vært i Sverige så har eg alltid tidligare vært på Nordbysenteret eller Svinesund. Vel dette var ein heilt vanlig ICA. Egentlig så var den litt dårligare enn det og 😅 Men det var jo mat der, og alt var jo i grunn litt billigare enn i Norge, så sånn sett innafor.

Viktig med litt påfyll i løypa!

       

Afterski i bakken!

Høgt og lavt! Var ikkje bare bare å stå på telemark, og det blei ikkje bedre etter afterskien 😅🙈

Herr og Fru Minion i fint driv fra afterskien 😅

Måtte bare ta bilde på den kjente isbenken utfor Åre bakeri!

Fine løyper! Her skal vi definitivt tilbake igjen 🙂